Dette kjem i 2019

Kordan ser det norske teikneserieåret 2019 ut? Kva veit vi så tidleg? Serienett har laga ein oversikt over kommande publikasjonar.

Denne oversikten gjeld bøker og album. Alle forlaga tek sjølvsagt førehald om at det kan kome endringar i publikasjonsplanane.  

Egmont

Ein av vårens store nyheiter når det gjeld omsette seriar er Sara Bergmark Elfgrens og Karl Johnssons Vei, ein svensk fantasyserie i stil med Thorgal, i mars. Og apropos det så held mediegiganten fram med nystarta bokseriar som Sagaen Om Thorgal og Mikke Mus – De originale avisstripene. Begge kjem med bind 2, respektivt i februar og mars. Også i februar kjem andre Storefri-boka, En Svak Toer, og eit nyopptrykk av Goscinny og Uderzos Ompapa. Den niande Blueberry-boka kjem i mars.

Bind to av Malin Falchs Nordlys med undertittelen Vikingene Og Orakelet er sikkert etterlengta av mange. Den kjem i begynnelsen av april.

Ser ein litt lenger fram så skal det komme to nye Sprint-album i løpet av andre halvåret, og det er aktuelt med hardcoversamlingar av Dunce og Intet Nytt Fra Hjemmefronten til hausten. Jens K. Styve har også eit annan serie på gong frå Egmont, Sidequest med manus av David Skaufjord, men tidspunkt er ikkje avklart. Eventyrtemaet er velbrukt i teikneseriar, og det dukkar også opp i Sidequest, men vrien er: Kva skjedde med taparane som aldri heilt nådde opp og blei heltane i eventyra?

ÜberPress

I Februar kjem Bergen 24 2018, som samlar 24-timersteikneseriane laga på Illustrasjonsbutikken Blekk i Bergen i november. Ola Lysgaard er aktuell med ny bok til mars/april, men tittel og tema blir ikkje offentleggjort ennå. Til OCX blir det som vanleg ein ny Über-antologi, men igjen er tema ikkje kunngjort ennå. Til hausten kjem teikneserieromanen Ingen Visste, det hittil mest ambisiøse verket frå duoen Mac & Andreas Håndlykken, tidlegare mest kjent for stripeserien 4 AM

Cappelen Damm

Trolljegeren – Myrdraugen Kommer, ein frittståande oppfølgjar til kinofilmen «Trolljegeren» frå 2010, var planlagt utgitt i haust, men blei utsett. Sleppdato er nå 18. mars. Det er skrive og teikna av Håvard Johansen, best kjent for «STOP.REC.FFWD» (2010) og «Stumtjener» (2014). Også til våren kjem omsider  Norges Ninjakommandør – Den Sanne Historien Om Arne Treholt, også den inspirert av ein norsk sjangerfilm frå 2010 – «Kommandør Treholt & Ninjatroppen». Serien er skrive av Aleksander Kirkwood Brown og teikna av John Jamtli. Særleg sistnemnte har promotert «Ninjakommadør» i fleire år. Og Ida Larmo arbeidar med si sjølvbiografiske teikneseriebok frå studietida i London, Bow And Arrow. Planlagt lansering er 20. mai.

Aleksander Kirkwood Brown skriv også ein annan teikneserie (eller rettare sagt ein hybrid prosa-teikneserie) for Cappelen Damm; til våren kjem den fjerde Edward Rubikon-boka, Hekseskogen, med illustrasjonar og teikneseriesider av Andreas Iversen.

Til hausten kjem Flu Hartberg med Spesialklassen, ein framtidsserie for barn og ungdom.

 Gyldendal

Etter haustens «Drømmesvart» kjem det ei ny bok med samla illustrerte dikt av Lise Myhre, truleg i april. Denne får tittelen Nattlys.  Kristoffer Kjølberg, som tidlegare har illustrert «barnebokserien «Verden Verste» på Gyldendal, kjem med den første boka i ein ny serie med teikneserieromanar, Avisgjengen – Etter Leggetid, om ein skuleavisredaksjon som løyser mysterier. Også den er planlagt å komme ut i april.

Nimona

Gyldendal kjem også ut med to omsette teikneseriar i vår, begge amerikanske, og begge i fantasy-segmentet: Utstøtt av Ethan M. Aldridge kjem ut 22. april, mens nettserien Nimona av Noelle Stevenson (Lumberjanes) blir utgitt på norsk 2. mai. Førstnemnte er etter alt å dømme ein ganske tradisjonell fantasyforteljing, mens sistnemnte er meir av ein sjangerleik.

Minuskel

Breakdowns, ei samling med tidlege arbeider frå Art Spiegelmans hand, kjem ut i februar. Deretter går det slag i slag med Guy Delisles Gissel og dei tre siste binda av Corto Maltese. Desse skal etter planen publiserast innan sommaren.

Seinare i år følger forlaget opp med Fremtidens Araber 4  av Riad Sattouf og (Knut Hamsuns) Sult av Martin Ernstsen. Desse to er aktuelle enten på seinsommaren eller til hausten.

Outland

Fram til sommaren held Outland fram med fleire påbegynte seriar, inkludert Bone vol 4 (ute sidan fredag) og Blåjakkene 1970-1972 (ditto).  Utover våren kjem Bone 5-6 i april og juli, og Dragonball dobbeltbind i mars og juli. Frå seinsommaren av lover Outland opptil fleire nye (altså ikkje påbegynte) seriar, men vil ikkje kunngjere dei ennå.

Andre

Klanen og Kolofon gir ut eit teikneseriealbum om VIF, kalt Vål’enga – Vi vil alltid værra her. Tidlegare supportersjef Anders Krystad har skrive manus, mens LSK-supporterane Sveen og Emberland har teikna. Dette er den andre reine supporterteikneserien dei har teikna på kort tid. Albumet blir sendt ut 20. mars

Tredje sesong av The Urban Legend Av Josef Yohannes og Steve Baker skal begynne å komme ut i bladform i løpet av året, med tanke på ei ny samlebok til neste år.

Jippi har ikkje planlagt nokre utgjevnader før sommaren, men frå No Comprendo Press kjem Anders Kvammen til våren med si første bok sidan «Ungdomsskolen» (2016). Den nye boka heiter Jobb. Omtalen frå forlaget tyder på at dette blir ein oppfølgjar til «Ungdomsskolen», sjølvsagt med tydelege sjølvbiografiske trekk

Alene – I Hjertet Av Malstrømmen

Seriebøker

Bokseriar for barn og ungdom er blitt ein stadig viktigare del av teikneseriemarknaden heilt sidan suksessen med «Amuletten». I år køyrer fleire forlag vidare på tidlegare påbegynte seriar. 1. mars kjem Gyldendal med #husbåt #pappa#kjærlighet, som er andre boka i den danske serien Mira. Femte album i den belgiske serien Alene heiter I Hjertet Av Malstrømmen, og det er QlturRebus som sender den ut i april. Kagge Forlag gir ut Ulvene Kommer, som er fjerde boka på kort tid i den svenske serien Håndbok For Superhelter. Vigmostad & Bjørke er aktuelle med den femte Hundemannen-boka, Loppenes Herre i februar, og den fjerde Hilo-boka, Hilo Vekker Monstrene, i mai.  Juritzen Forlag har gitt ut teikneserieversjonen av Kattekrigerne i eit rasande tempo (seks bøker på eitt år) siden serien begynte i fjor vår. I år kjem det tre nye bøker i løpet av våren. Frå Cappelen Damm kjem, ved sida av det tidlegare nemnte, to nye bind i bokversjonen av Ronja Røverdatter-animeen.A

Oppdatering: Forlagets anslåtte utg. dato for «Norges Ninjakommandør» (13. mai) er strøke fordi denne er for usikker.

Øvst: Utstnitt frå «Norges Ninjakommandør – Den Sanne Historien Om Arne Treholt»

9 tanker om “Dette kjem i 2019

  1. Takk for gjennomgangen.

    Dessverre fortsetter trenden med å nedgradere tegneserier utgitt i hefteformat, som om serier utgitt i soft- eller hardcover automatisk blir bedre så snart formatet blir mer «seriøst»…

    Skal vi telle kun bøker og album savnes Agent X9, Iznogood (?), Tempo (ny bok ute allerede denne uka), MaxiTex, Tex Willer (det var snakk om en suveren jubileumsbok for å markere 1948-2018= 70 år), Tex Willer kronologisk i farger, Zagor (Pioner presenterer), Jerome K Bloche bind 2, Gretne gamle gubber album 2, Bone pockets, Dragon Ball pockets…

    1. Jostein, jeg skulle også ønske at det kom mer Iznogood, men Kjetil Johnsen sa for en stund siden på Facebook at første album (etter hva han husket) solgte svakt, og at det dermed neppe blir flere utgivelser fra Egmont med det første: https://tinyurl.com/ycbymbsc Det beste hadde vært om man begynte å utgi noen av de mange Iznogood-albumene som IKKE har vært på norsk tidligere – det tror jeg ville hatt potensiale til større salg. Det finnes faktisk tre album med manus av René Goscinny som ikke har kommet i norsk språkdrakt.

      Angående Gamle gubber fra Zoom/Outland, er det dessverre ennå ikke avgjort om det blir flere norske utgivelser. Det fortalte Zoom på Facebook for to dager siden: https://tinyurl.com/yceo8bry Gamle gubber selger godt for Zoom i dansk hardcover, men det første norske albumet i softcover gjorde det ikke like bra. Jeg mistenker at prisen på 169 kroner kan ha hatt noe med saken å gjøre, for Zoom/Outlands tidligere softcoveralbum med Lille Sprint ble godt mottatt så vidt jeg vet.

  2. For å hjelpe forlagene på vei med en oppfølger er løsningen som alltid enkel:

    Kutt ut unødvendige godsaker en helg og kjøp et album med Gamle gubber, som deretter gis i gave til mødrer, fedrer, tanter, onkler, bestemødre eller bestefedre.

  3. Fikk melding fra Outland forlag i slutten av November at de skulle gi Valhall og My Hero Academica

  4. Hvilke to Sprint-album er det som er planlagt utgitt i løpet av årets andre halvdel?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *