70 år med Donald-lesing

70 år med Donald-lesing

Finst det i det hele teke noko meir Donald-stoff å resirkulere?  Ja, til dømes fororda til samlingane av resirkulerte blader.

50-årsjubileet for Donald Duck & Co blei markert med lanseringa av bokserien «Donald Duck & Co – De Komplette Årgangene». Den serien held på for fullt ennå, og er i skrivande stunda oppe i 152 bind. 70-årsjubileet for same storhendinga, nemleg utgjevnaden av det første Donaldbladet (i desember 1948, dato ukjend) blir markert med boka «Donald & Jeg».

Boka er ei samling essays forfatta av ulike generasjonar med Donald-lesarar som i åras løp har bidrege med forord til  årgangsbøkene – Det er snakk om journalistar, forfattarar og andre kulturpersonlegdomar av mange ulike generasjonar, mellom anna Fredrik Wandrup, Tor Edvin Dahl, Ragnar Hovland, Lise Myhre og sjølvsagt Øyvind Holen. Kvart essay er ledsaga av ein teikneserie som har (eller er meint å ha) ein eller anna relevans til teksten.

Tormod Løkling refererer i sitt essay til denne Barks-historia. Minnet hans om den er frå 1974, men omsetjinga som er brukt i boka, er truleg av eldre dato

Poenget med boka – anna enn kanskje å reklamere for årgangsbok-serien – må ha vore å demonstrere kor viktig Donald Duck & Co har vore for fleire generasjonar med etterkrigsbarn, og eigentleg også for mykje av samfunnsutviklinga i Norge. Den eine kulturpersonlegdomen etter den andre greier ut om kor sentral Donald var i hans eller hennar barndom, og korleis anda har vore med på å forme vedkommande. Nokre er meir kreative enn andre; Arnt Birkeland, t.d., skriv mykje av essayet sitt i diktform. Men i dei fleste bidraga er det mest interessant å lese om dei ulike bidragsytarane sin bakgrunn. Her er allsidigheita stor, men den kjærlege og nostalgiske haldninga til Donald Duck går igjen hos nesten alle. Erik Fosnes ansenHanHansen si meir konservativt intellektuelle distansering er eit eigentleg ganske forfriskande unnatak; han erkjenner at desse blada ein gong må ha betydd mykje for han, men han hugsar ingen detaljar frå barndommens Donaldblad, og samanliknar dei intellektuelle si begeistring for Barks med dansen rundt gullkalven.

Heimelaga diplom som den då åtteårige Jørn Lier Horst ga til faren sin som takk for Donald-lesing. Gjengjeve i boka med løyve, sjølvsagt

Dei fleste essaya er forkorta i forhold til originalversjonen, og når ein veit at dei ofte er dobbelt så lange i årgangsbøkene, er det ikkje så rart. Skulle det bli plass til både eit rikt og allsidig utval med tekstar og eksemplifiserande teikneseriehistoriar, var dette den mest praktiske løysinga. Redigeringsarbeidet er brukbart, men enkelte stader er det lett å sjå at flyten i den nedkorta teksten er litt haltande. Valet av historiar kan også verke litt tilfeldig; truleg er dette delvis fordi dei fleste essaytekstane ikkje refererer til nokon konkret historie, så redaksjonen har vore nøydde til å leite etter samanhengar. Og delvis skuldast det nok eit ønske om å gi boka eit kronologisk representativt utval over fleire tiår, også tiår som ikkje er dekka av bokserien ennå (årgangsbøkene er per av i dag kome til midten av 1970-talet).

«Donald & Jeg» er ikkje blant dei beste prosa-og fagbøkene som er utgjeve om Donald Ducks univers og hans kulturelle påverknad; til det er den, av naturlege grunnar, alt for lite heilskapleg. Men for einkvar som vil bli kjent med Donald Duck i eit litt breiare kulturelt perspektiv, er boka ein brukbar stad å begynne.

 

Donald & Jeg

Redaktør: Solveig Thime

ISBN 978-82-429-6225-6

224 sider

199 kr.

Egmont

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *