Falla Eriksens Formlære

Er den ordlause teikneseieromanen Hexagon meir enn berre kul, visuell symbolikk?

Thomas Falla Eriksen har på kort tid laga ein del teikneseriebøker hos Jippi Forlag. Hexagon er ein «selvstendig oppfølger» til ei av desse, Squidologi, som kom ut tidleg i 2018. Eg har ikkje sjølv lese den boka, eller nokon av bøkene hans, så eg tek det på alvor når dei seier at den er sjølvstendig.

Eriksen er utdanna innan grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskulen i Oslo, og det ser ein tydeleg. Teikningane er veldig pene.

Boka er ordlaus, og i tre delar  Der er to hovudpersonar – Eit menneskeliggjande akkarvesen og ei jente som vesenet leiter etter. Dei er visst begge ettersøkt som terroristar av ein eller annan grunn, og på flukt frå ein slags «Men in Black» som viser seg å vere øglevesen. Flukt og konfrontasjonar går gjennom ulike landskap, frå ørkenen via storbyen til meir surrealistiske settingar.

Den ordlause historia er noko av det vanskelegaste å gjere riktig i teikneseriemediet. Det krev ei forståing av non-verbal kommunikasjon og kunnskap om korleis ein kan engasjere utan ord.  Ein av dei store meistarane innan ordlause seriar, Sergio Aragones, studerte mimekunst under den store Marcel Marceau, og det er den typen innfallsvinkel som får dei fleste ordlause historier til å virke. Mimikk i andlet og kroppsspråk er viktig.  Samspel mellom personar er viktig.  Thomas Falla Eriksen har her gjort det vanskeleg for seg sjølv med eit gjennomført lite uttrykksfullt kroppsspråk og mimikk i sine karakterar samstundes som dei er åleine, distansert og isolert i det meste av historia. Ein kjem ikkje nært nok på til å registrere non-verbal kommunikasjon.

I store delar av historia er landskapa uverkelege, og der er lite teikn på liv og aktivitet separat frå den enkle flyten av historia, noko som forsterkar dette glatte, preglause i biletrekka. Der er nokre små glimt i andre del, men «heldigvis» vert desse augeblikka avbrotne før vi vert engasjerte.

Eriksen har sine referansar i orden. Det visuelle har drag av Moebius, Philippe Druillet, Matthias Schultheiss og diverse eksentrisk manga som Nausicaa og Mai The Psychic Girl, men utan noko av deira sterke underliggande humanisme og emosjonelle resonans. Greitt nok, der er masse visuelt som viser til sex, fødsel, hemmelege organisasjonar, Area 51, frimurarar og slikt, men det framstår meir som ein fascinasjon for kule symbol enn noko narrativt.

Det er vanskeleg å sjå dette som anna enn eit enkelt, banalt handlingsforlaup, forskjønna med flotte teikningar og ein illusjon av mystikk skapt ved å ikkje inkludere ord. Mangelen på dialog eller forteljarstemme er, tenker eg, meint å gjere lesaren meir usikker på kva som skjer slik at dei er opne for … eitt eller anna. Eller berre for å skjule at der ikkje er noko der.

Jippi presenterer boka slik : «Og akkurat som i forgjengeren er historien en kreativ lek med konspirasjonsteorier, alternative tolkninger av teologi, og mer eller mindre innsiktsfulle tolkninger av kvantefysikk.» Akkurat det er ei ambisiøs teikneseriebok som det kunne ha vore interessant å lese. Men det er ikkje den boka eg las. Denne boka var enkel, banal og pent teikna, men uengasjerande.

Truleg finst det enkelte lesarar der ute som vil finne glede i å okke og aie seg gjennom denne boka, sjå på dei flotte teikningane og nikke til tripsittaren sin at «Jada, dette er djupe greier.» og tenkje at «den anmeldaren har søtten ikkje peiling.» Denne boka er for dei.

Hexagon
Av Thomas Falla Eriksen
ISBN 978-82-92226-75-9
200 Sider
280 kroner
Jippi Forlag

Les også anmeldinga av Squidolog
Les anmeldinga av Den Fjerde Veggen av Falla Eriksen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *