Fantomet nett no – Tre nyopptrykk

Fantomet nett no – Tre nyopptrykk

Litt forsinka – men likevel: her kjem omtalen av heftet som er ute nett no (#11). Og bladet er slett ikkje verst, så her gjeld det å plukke det opp, dersom du ikkje alt har gjort det.

Eit flott omslag (Velluto/Ozzi) står som ein påle i stormen; helten sjølv i frakk (som beskyttelse mot elementa). Ettersom to av dei tre eventyra føregår til havs, er dette riktig så passande. 6 på terningen!

Fyrst ut er «Grotteøyas Hemmelighet (Worker/Bess), opprinneleg frå 1978. Eg hadde ikkje lest denne før (som tidlegare sagt er 1975-95 kunnskapen min om serien svært dårleg) men fargane gjer at dette framstår som ei nokonlunde moderne fortelling. Nokre klisjéar finn me her, for eksempel den klassiske godtruande Sy Barry-legen/professoren/forskaren med kinnbartar – og den endå meir Sy Barry dottera med hestehale og trong topp. Ho er forresten med som naudsynt utpressingselement. Ein annan klisjé er kokken som vi veit er kokk av di han har kokkelue på seg, sjølv etter å bli kasta på sjøen. Historia byr på ein moderne pirat – i direkte slekt med ein god gammal forfar-pirat. Enden på visa er at heltane reddar dottera ut av knipa ved hjelp av eit utgammalt piratskip. Vi gjer denne litt rare historia ein god 4!

Eventyr #2; «Stormen» (Worker/Bess nok ein gong) også frå 1978 er heftets beste, ein real opptur. Sjølv om crewet er det same er denne historia friskare og betre, den inneheld mange spanande element og nokre overraskingar. På mange måtar verkar dette også meir oppdatert, ettersom anledninga byr på ein tropisk storm av store dimensjonar. Etter å ha sjekka at alt står bra til med Eden-øya si går turen til ei einsam øy som fungerar som barneheim. Her burde Fantomet overtydd innbuarane om å flykte, men dei vert verande.

Attende i jungelen får me selskap av ein tidlegare pirat som vil rane «Elefant-kyrkjegarden», noko som Fantomet sjølvsagt må stoppe. Ferda går så til sjøs for å redde barna på øya, og slutten vil eg ikkje røpe i det heile teke. Eg måtte verkeleg sjekke om ikkje denne fortellinga var mykje lenger enn dei to andre, men det stemte ikkje, dei er alle ca. 33 sider. Men her er altså eit knippe eventyr som fyk av garde, like sterk som stormen som trugar dei alle. Denne fortellinga gjev eg bein 6, den fortener mange lesarar, og i år er dette ein klår kandidat til årets beste historie.

#3 er ein real nedtur. Her er det Avenell/Bade som har laga ei ordentleg røvarsoge i 1982. Teikningane er mykje råare enn Bess sine, og historia er … spesiell. Bengal har som vi alle veit verdsrekord i antal tapte folkeslag og gøymte dalar, og her får vi tre på ein gong – steinhoggarfolket og dalen dei bur i – og dalen dei må flytte til. Grunnen til at folket (berre skjeggete menn i steinalderkostymer) eksisterer er at det ein gong var nettopp dei som forbetra den naturlege fjellformasjonen som likna eit mannshovud til noko som vart Fantomets hovud; «Hodeskalleklippen». Slik sett – dersom dette er blitt kanon – har dei sin plass i Fantomets mytologi. Eit ekstra poeng er at dei snakkar ein variant av urnordisk språk, det må vere det blonde håret og skjegget, dei er nok gamle vikingar, skal du sjå.

Dette er ei nokså surrete forteljing, og det er kanskje grunnen til at den aldri har blitt trykt opp att før no. Kanskje dei burde ha spart seg arbeidet? 3 på terningen, ikkje det heilt store.

Men utgåva som heilheit står bra: 4,75 i snitt for eit reint opptrykkshefte er ikkje så verst i grunnen.

5 thoughts on “Fantomet nett no – Tre nyopptrykk

  1. Jeg synes Steinhoggerfolket er en nusselig, liten historie. En av de sjeldne historiene uten en skurk. Og først nå har jeg oppdaget kvaliteten i Worker/Bess-historiene.

  2. I 2017 har vi fått biserier med Thorgal (2 stk.), Ylva, Undertaker, Skorpionen, og Prasselsork. Dette gir 6 hefter med biserier, og 7 hefter med bare Fantomet. I 2016 hadde vi 9 hefter med biserier , og 4 med bare Fantomet. I 2015 hadde vi den siste historien med Jerome (album 24) i Fantomet. 2 hefter var uten biserier i 2015.

  3. Takk, Thomas. Jeg savner også mer av det som er upublisert, og har skrevet et innlegg til Fantometklubben. Likte også steinhuggerfolket – vakker historie med bakgrunnen for Fantomets klippe!

  4. Granberg/Lindahl hadde en del sære en-side-historier i svenske krøniker på 90-tallet. Bare en av de har vært publisert i Norge, hadde vært kult å se de.
    På tide å vekke klubben til live igjen, KRD.

    Så hva mener du om balansen mellom bare Fantomet og biserier, Øyvind?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *