Fantomet nett no – Ut i verda

Fyrste utgåva i 2018 startar året med toppkarakter. Ein noko svak sesong for heftet i fjor ser ut til å snu til det betre…

Ei flott framside av den alltid gode Henrik Sahlstrøm syner oss Sjefen som skodar over sine to born på veg ut i den store verda som unge vaksne; junior-Kit i Himalayas høgfjell og dotter Heloise i storbyen New York. Dette er verkeleg «farvel til de dype skoger», ja. Nydeleg og stemningsfull presentasjon av arverekkefylgjet.  Karakter: 6

Hovudhistoria tek altså for seg koss borna skal frigjere seg, og lære å stå på eigne bein. Er dette i framtida, eller har ungane alt rukke å bli unge vaksne? Mykje tyder på at dette er i «sanntid», sjølvsagt med teikneserietidsrekning (ungane var jo fødde for 40 år sidan). Vi får såleis det aller fyrste eventyret der arvingane er store nok til å forlate dei djupe skogane på eiga hand. Nåvel, heilt åleine er dei ikkje, mor fylgjer dotera til den nye privatskulen utanfor New York, og far fylgjer unge Kit på den lange vegen til opplæringa i Himalaya.

Det er ikkje behov for dei store actionsekvensane her, dette er ei karakterstudie som viser at ungane no skal klare seg sjølv, og vil vekse på det. Tidlegare har forfattar Tony DePaul skildra dottera som eit hakk kvassare enn broren, og kanskje meir skikka til å føre vidare farsarva. I dette heftet er dei meir likestilte, og for ein gongs skyld ser vi Heloise meir oppteken av shopping og jentegøy, medan unge Kit puggar legendene til dei to forfedrane som reiste til Nepal tidlegare. Her viser Kit innsatsvilje til å lære, og ser no meir ut som ein «Fantomet Jr.» enn før.

Begge ungdommane kjem ut for utfordingar på sin veg, og eg vonar sterkt at vi får sylgje dei vidare på eventyra sine utanfor heimen. Spesielt Heloise sitt opphald på internatskulen kan by på utfordringar for foreldra…

Mike Manley er den nye teiknaren av dei amerikanske dagsstripene  – og kjem frå oppgåva med glans. Den pågåande historia i USA (som vi av og til får smugkike litt på frå nettet) har faktisk ein draumesekvens der Fantomet, hardt såra, vitjar sonen i Nepal for ein samtale. Koss skal dette gå?

Kanskje dette er byrjinga på troneskiftet? Sjølv om dette vil ta fleire år – unge Kit bør få studiefred i nokre år til, uansett er han ikkje stor/sterk nok endå til å aksle drakta. Fantomet er massivt bygd, og unge Kit er mykje for spinkel enno. Veldig fin historie! Karakter: 6.

«Den ukjente kommandanten» frå 1980, av Worker og Bess er også ei flott historie. Todelt tek den for seg spørsmålet om når Fantomet gjekk frå å vere den kjende leiaren av Jungelpatruljen (han som banka Raudskjegg og løytnantane hans) til å bli den mystiske ukjende, med giftbrunn og pengeskap med falsk botn.

Det er ei dramatisk historie om det femtande Fantomet. Fyrst mister han mor si, så vert faren myrda av ein slu slange som deretter freistar å øydeleggje Jungepatruljen på oppdrag av (sjølvsagt) Singh-piratanes leiar. Det er krise i jungelen, men med mot og kløkt sigrar Fantomet til slutt, og byggjer om Jungelpatruljen til å bli slik vi kjenner den no, med oberst i leiinga og ein ukjend kommandant over han. Eit eventyr som faktisk betyr noko heilt spesielt i Fantomet-rekka.

Historia er to-delt i bladet men eg vurderer den som ei, med toppkarakter: 6!

For fyrste gong – sidan eg tok til å gi terningkast på Fantomet-hefta, får vi blank 6. Uslåeleg – og gratulerer til redaksjonen for framifrå arbeid.

Fantomet 1/2018
100 sider
70 kr.
Egmont

5 tanker om “Fantomet nett no – Ut i verda

  1. Nepal-Kit blir også flettet inn i den aktuelle dagsstripa, jeg skjønner ikke helt hva kit har der oppe å gjøre. Meditere og tenke over livet. Han lever jo i jungelen uansett. Lurer på om DePaul vet om Det 22. Fantomet-historiene, kunne jo hatt en22.-historie og en dagshistorie i samme nummer pluss en DC-historie i samme nummer. Det hadde vært fett!
    Snart kommer en lang føljetong av Reimerthi/Leppänen, en arkeologihistorie som har forbindelser til nåtiden.
    http://karileppanencomics.fi/english%20my%20next%20comic%20on%20my%20desk.htm

    Vil den slå bedre an enn Nat Turner-historiene?

  2. Jeg er også usikker på dette med Nepal, men …
    DePaul har ikke kjenneskap til det 22. Fantomets historie, siden noe slikt ikke eksisterer. Da snakker vi om spådommer og krystallkuler er lite pålitelige kilder.

    1. Det eksisterer jo hypotetisk sett, og er ikke noe nytt. Så det er bare å bruke fantasien.

  3. Jeg tenker vi får bruke fantasien uansett, det gjelder faktisk en kar som sprader rundt i den jungelen i heldekkende trikot med ridestøvler , hette og maske. Mer fantasi trenger man ikke, og rundt den karen kan alt skje! Sånn sett kunne jeg faktisk tenkt meg en «Phuture Phantom»-historie, sånn type «Fantomet 2099».

  4. Ja, la oss ikke bli forvirret over fremtiden, nåtiden og fortiden, la oss bare nyte det! Men det er jo en del forrvirrende ting, da…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *