Fantomet nett no – «What’s not to like?»

Med eit nokså unorsk sitat fortel eg den teikneserielesande verda at  nest siste utgåve i det Jemini år 2017 er årets beste utgåve.

Bak ei (dessverre) nokså svak forside finn vi ei frisk og spanande forteljing om Fantomets tre samanstøyt med gangsterdronninga Sin (Sin: «Synd»). Syndig, vakker og dødeleg, ja. Samla heiter historia «Den Røde Drages Pirater» og er fargelagt for fyrste gong.

Forsida er ikkje ei av Henrik Sahlstrøms beste; han har laga mange forsider dei siste åra som står seg godt og «sel» bladet, her er det dvaskt og merkeleg fargelaust. Den einaste fargen er strategisk røyk som skjuler fristerinnas former. Trist, og forsida til spesialkrøniken med denne sagaen, i svart/kvit (attgjeve på side 2) er mykje betre. Fyrste presentasjonsside i historia likeså. Karakter: 3.

Historia er ein tredelt saga av episke proporsjonar, og vi får Fantomet med islett av James Bond, Batman og Indiana Jones her. Alt er skrive av Worker og teikna av Bess, og svenskane i Reprostugan har teke seg av dramatisk og moderne fargelegging.

Fyrste saga er presentasjonen av piratdronninga Sin og hennar ynskje om å utvide til Bengal og Fantomets rike (spesielt Wambesi). Ho kjem sjølvsagt i konflikt med beskyttaren Fantomet, og sjølv om han forpurrar forretningsplanane hennar vert ho (sjølvsagt?) forelska i han. Karakter: 5.

Andre saga er hennar utspekulerte freistnad på å sikre seg Fantomets interesse og kjærleik. Heldigvis er vi her (i 1979) forbi det stadium at ei mektig og vakker kvinne går ut frå at Fantomet – sjølvsagt – skal falle som ein hesjestaur for hennar sjarm. Her skjønar Sin (via kloke rådgivarar) at Sala står i vegen, og ein kløktig og ond plan vert klekka ut. Drama og intriger hopar seg opp. Klår kandidat til årets beste enkelthistorie, slik som «Stormen» i #11. Karakter 6!

Tredje og siste innslag er også bra, men meir kaotisk. Den inneheld dei tradisjonelle dødsfellene og innslag av hat/kjærleik som toppar seg heilt i eit typisk jordskjelv som utslettar alt. Adjø, Sin! Men… er piratdronninga verkeleg død? Her er materiale for fleire historier, fram; forfattarar! Litt svakare enn dei to andre; karakter 4.

Samlanlagt gjev dette heftet ein snittkarakter på 4,5 – og eg har verkeleg byrja å få sansen for Worker/Bess-konstellasjonen, eg og, saman med andre av dagens Fantomet-fans.

 

Fantomet 12/2017
100 sider
kr 69,90
Egmont

4 tanker om “Fantomet nett no – «What’s not to like?»

  1. Worker/Bess lagde flere gode historier sammen. Jeg har oppdaget de på nytt nå. Men likevel håper jeg at reprintenes tid er over, håper på flere nye historier neste år. Neste nummer kommer med bare nye eventyr. Får nyte den syndige Sin.

  2. Takk for fin omtale av fjorårets nest siste Fantomet-blekke.

    Har jeg glippet noe eller ble den siste utgaven i 2017 (med tre nye FA-serier) hoppet elegant over?

  3. Ja, slik kan det gå når man reiser på utvidet ferie uten datamskin. Vinduet for publisering kom og gikk uten at jeg fikk levert noe om (det gode) bladet. Holder nå på med en kikk på nyeste utgave – følg med i disse spaltene!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *