Fanzinefredag – Comnicon

I denne nye spalta for dei små utgjevnader begynner vi med eit utval av eigenpublikasjonar frå sist helgs Comnicon.

Sjølv om festivalen tok ein pause i fjor, har Comnicon i Stavanger alle føresetnader for å vere den mest stabile norske teikneseriefestivalen som er oppretta på 2010-talet. Dette takka vere det aktive og godt utvikla teikneseriemiljøet i byen, eit miljø som ikkje bare har avla fram Comic Night Stavanger, men også gitt grobotn for høg produksjon av lokale teikneseriar. Namn som Trompet forlag, Rasmus Husebø, Luke Barnes, Tim Levang, C. Vinter, Eivind Måland , Helge Olav Øksendal, Espen Birkedal og Maya Øvrebø er levande bevis. Alle saman var involvert i årets Comnicon på ein eller annan måte.

Stavanger har også sine «rikskjendisar» innan teikneseriebransjen, som Børge Lund og Øyvind Sagåsen, og eit populærkulturelt orakel som Kjell Steen. Men utanom Øyvind Sagåsen og Martin Ernstsen var alle årets gjester tilknytta eit fanzine/indie-miljø, enten det lokale, det britiske eller det internasjonale. Ikkje minst bar marknadsplassen preg av dette. Dei fleste standene – faktisk alle unntatt Überpress’ – var styrt av serieskaparane sjølv, som selde ofte heilt nye produkt.

Comnicon 2019
Av diverse
Engelsk/bokmål/dialekt
16 sider
50 kr.

Eit heilt ferskt risografitrykk  der dei fleste gjestene har bidrege med ei serieside kvar. Resultatet sprikar i alle retningar, frå sider som openbart er tatt ut av ein større samanheng, til forsøk på poetisk surrealisme. Martin Ernstsen, som trekk fram igjen sin nevrotiske hundefigur frå Sult, har det mest kreative dømet på sistnemnte. Aller mest substansielt er Rasmus Husebøs komprimerte einsides teikneserie om korleis Comic Night Stavanger og Comnicon blei til (teikneserieforfattar Luke Barnes, som tydelegvis ikkje kan teikne sjølv, har laga eit artig tillegg til denne). Men historia treng meir plass. Er det lov å håpe at Rasmus gir oss ei utvida utgåve (i alle fall på 6-8 sider) neste år?     
  



Regn – Spesialleveranse
Av Jacob Bowitz Jensen
Dialekt
28 sider
30 kr.  

Lokal Instagram-serie, for første gong i publisert i hefteform (og for første gong på norsk) på årets Comnicon. Miljøet består av blå og sjøgrøne «legofigurar» på minimalistiske bakgrunnar, ein postmann som leverar pakkar er ein ofte attendevendande figur,  og serieskaparen ser ut til å like ordkløyvingsvitsar. Så enkelte særtrekk har den jo allereie.  .  Når det gjeld typen humor så spriker serien ennå litt, og skifter mellom det makabre, det nonsensaktige og det ganske enkelt platte. På sitt beste, dvs. innimellom, er den genuint morosam og kløktig. 

Instagram



Strekaren
Av Karen Hiim Benninghoff
Dialekt
12 sider
50 kr

Denne blei trykt opp i all hast like før Comnicon, i følgje serieskaparen sjølv. Karen er ikkje ein særskilt god teiknar (eller fargeleggjar), noko ho kompenserer for med sterke ansiktsuttrykk – Ikkje ulikt TegneHeanne, men Karen sine er meir umedelbart appellerande. Serien handlar om samlivet mellom mor og dotter, og på det breiare plan kontrastane mellom korleis barn og vaksne tenker. Skjønt den handlar ofte berre om henne sjølv. Alt saman er rike kjelder til humor for hennar del, sjølv om serien ennå slit litt med å finne forma.  

Instagram


Barnvoksen
Av Rasmus Husebø
Bokmål
90 sider
100 kr.

Endå ein serie om kontrastane mellom korleis barn og vaksne ser verda. Desse er teikna rundt samtalar som Rasmus Husebø har med den vesle sonen sin, visstnok mest mogeleg nøyaktig attgjevne i serien, men kreativt tolka på det grunnlaget. Det er i alle fall eit mykje klarare definert konsept enn i dei tidlegare omtalte seriane, og med ein trygg, rund strek og stor visuell variasjonsevne forsterkar Marius Husebø humoren og sjarmen i desse små samtalane.

Husebø er snart aktuelle med den grafiske romanen «Grand Tour» som også handlar om far og son, men utan samanlikning for øvrig.    

Instagram



Les også:
Comnicon time for time

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *