Før berget lukker seg

Netflix har gjort Luke Pearsons Hilda til eit fenomen både på strømming og internett. Samstundes held teikneserien fram med å leve sitt eige liv i det sjette albumet, «Hilda and The Mountain King».

I ein periode prøvde underteikna å gjere «Serie til film», eller i nokre tilfelle «serie til tv» til eit fast innslag i Serienett – seinare omgjort til den breiare nemninga «Synergi». Dette som ei erkjenning av det meir komplekse mediebildet som har oppstått i det 21. hundreåret, der digital effekt-teknologi har gjort det enklare å attskape teikneseriens fantasiar på meir eller mindre levande film, kombinert med strømmetenestane sitt behov for stadig fleire idear, stadig raskare.

I 2019 (eller mot slutten av 2018, for å vere meir presis) valte eg å gi desse innslaga ein pause på ubestemt tid. Så sjølvsagt blei 2019 året då teikneseriar (særleg superheltar) trenda som aldri før i mediebildet. Det kunne eg i ettertid sagt svært mykje om, men akkurat nå kjennest det meir meiningsfylt å fokusere på eit lite fenomen som dukka opp hausten 2018. Eit som eg alltid har angra på at eg ikkje greip fatt i då, mens det var fersk

Sommaren 2016 kunngjorde serieskapar Luke Pearson at Netflix og Silvergate Media skulle produsere ein teiknefilmserie basert på teikneserien hans, Hilda.  Same haust lanserte han det femte albumet i serien, «Hilda and the Stone Forest». Litt overraskande endte albumet med ein cliffhanger, som tok tre år å komme vidare med.  

Hands-on teikneserieskapar
Ventetida var tydelegvis vel anvendt for Pearson, som hadde ein «hands on»-tilnærming til adapsjonen. TV-serien Hilda blei ein suksess, både hos kritikarar og publikum, og ein vellukka adapsjonsprosess. Miljø og atmosfære frå teikneserien er bortimot perfekt overført til animasjon, og dei tidlege episodane er så på nær nøyaktige attgjevingar av dei to første albuma at grensa mellom to ulike format er nesten kjennest flytande.

Adapsjonen er likevel pragmatisk. Seinare episodar utvider seriens univers betydeleg, ettersom teikneserien strengt tatt ikkje hadde nok handling til å fylle ein heil sesong på Netflix (første sesong har 13 episodar). Pearson var også sjølv involvert i utviding og endring; han var manusforfattar på episode 10, «Stormen», som ikkje hadde noko med teikneseriane hans å gjere, og dessutan innfører ein heilt ny figur, og på episode 12, «Nissen», der han gjorde fleire omskrivingar av historia frå albumet «The Black Hound».

Utvida roller
«Gamlefans» kan også med ei viss rett hevde at hovudpersonen er blitt rundare i kantane, samanlikna med den eigenrådige, impulsive og konfronterande Hilda frå albuma. Netflix ville nok gjere det lettare for sjåarane å like henne som person. Konfliktane med mora, som er eit viktig i element i albuma, er mildna, og ho støtter seg i større grad på både mor og venner. Kanskje den viktigaste endringa i teiknefilmane er derfor at to av Hildas venner, David og Frida, har fått betydeleg utvida roller. I teikneserien møter Hilda desse to i speidaren i «The Black Hound», og igjen i «The Stone Forest». Men i begge tilfelle er dei ikkje involvert i klimakset, og den einaste antydinga Pearson gir oss om dei i det heile tatt er viktige, er montasjen av eventyr dei har med Hilda i begynninga av «The Stone Forest» (bildet over), pluss ein mindre episode med Frida.

Sidan hausten 2018 har tv-serien blitt halde relevant gjennom merkandise, memes, analysevideoar og fan fiction i påvente av sesong 2. Denne blei først presentert på årets New York International Children’s Film Festival (NYICFF), der dei første to episodane blei vist eksklusivt for festivalpublikummet. Serieskaparane var heldige med denne; NYCIFF blei arrangert i februar, før koronakrisa gjorde slutt på all festivalverksemd. Premieredatoen er ikkje offentleggjort, men ingen ting tyder så langt på at den planlagde sesongpremieren hausten 2020 blir utsett.

Sprekk i sola
Netflix, som elles ofte køyrer ut nye sesongar av ein animasjonsserie i eit rasande tempo, har gitt Hilda tid til å godgjere seg. Samstundes held teikneserien fram med sitt eige løp, og Pearsons ønske om å gjere ferdig eit nytt album, er truleg ein viktig grunn til den to år lange pausen mellom sesongane.

I sjette albumet, «The Mountain King» (2019), som altså er eit direkte framhald av «The Stone Forest» (2016), går Pearson tilbake til ein av grunnideane sine, nemleg variasjonar over nordisk folketru. På slutten av «The Stone Forest» blir Hilda erstatta med ein byting, og vaknar opp i berget, mens ein trollunge vaknar opp heime hos henne. Segnet er kjent, men varianten er at Hilda er blitt til eit troll, mens trollungen er blitt eit menneske. Og Hilda kan ikkje utan vidare kome seg heim igjen; for det første fordi troll som kjent blir til stein i sola, og for det andre fordi sikkerheitsvaktar frå byen plantar bjøller i trollterritoria. I nordisk tradisjon er det assosiasjonen med kristendom og kyrkje som gjer troll og underjordiske sårbare for bjølleklang, men i Hilda er varianten at troll er hypersensitive for den skarpe lyden i seg sjølv.

Trollet som migrant
«The Mountain King» er i første rekke ei vidareføring av mytologiseringa som teikneserien starta med («Hilda and the Troll», 2010), nå tilpassa seriens utvida og modna univers. Men det er også lett  å lese meir aktuelle tema ut av det. Trollmora som er ansvarleg for å «adoptere» Hilda, sendte si eiga dotter si til menneska sitt samfunn fordi ho meiner ungen er for følsam for det tøffe miljøet i berget. Det kan sjåast på som ein metafor for migrasjon. I så fall er teikneserien tvitydig i vinklinga av dette temaet, for når Hilda kjem med motargument, gir trollmora henne rett, og antyder handlinga hennar ikkje var vel overvegd. Den konklusive bodskapen om toleranse (med nokre økologiske detaljar blanda delikat inn) er derimot ikkje til å misforstå.

Finale?
«The Mountain King» har ei viss finalekjensle; ein aner at Pearson ønska å gi teikneserien den perfekte avsluttinga, og bare halde døra på klem for fleire album, kanskje ein gong seinare. Historia blir truleg brukt i sesong 2, utan at seriens veg vidare er gitt. Pearson har i intervju ymta om Hilda kan halde fram utan hans albumhistorier.  Enn så lenge lever teikneserie og tv-serie side om side; ei verd, men to kontinuitetar og to ulike slags fenomen.  


Les meir:
Intervju med Luke Pearson
Pearsons Norgesbesøk (OCX 2013)
Anm. av «Hildafolk» og «The Midnight Giant»
Anm. av «The Black Hound»
Anm. av «Midnattskjempen» (norsk oms.)
Anm. av «Fugleparaden» (norsk oms.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *