Fortelling før kunst

Ein ting som slår meg med årets utval av teikneseriar frå Bergens 24t er den gjennomgåande behagelege estetikken. Her er det lite verkeleg eksperimentering.

Folk har sine individuelle stilartar, for all del, og nokre av dei framstår som nye og spennande, men seriane er jamt over reine og konkrete i si uttrykksform. Her er det svært lite som smakar av det abstrakte eller uutgrunnelege. Eg veit ikkje kva det kan skuldast. Kanskje har prosjektleiar Are Edvardsen, i kraft av også å vere redaktør for Über-antologiane, inspirert serieskaparane til å lage seriar som er meir fokuserte og narrative. Kanskje ser vi så smått resultata av ein generasjon serieskaparar som let seg inspirere av W.I.T.C.H. og Cartoon Network meir enn av Christopher Nielsen og Moebius.     

Dessverre gir dette seg også utslag i ein aukande grad av klisjear i historieforteljinga, der «monsteret er berre misforstått» og andre enkle konfliktløysingar av typen «vi kunne ha unngått alt dette». Her er det liten skilnad mellom dei profesjonelle og amatørane. Ingen venter at stor forteljarkunst skal oppstå under slike førehald, men det er litt ironisk at det ofte svikter i den delen av serieskapingsprosessen kor det er mogeleg å jukse og ha alt ferdig på førehand (med mindre du deltek i ein av desse «dogmatiske» 24t der historia må ha eit gitt utgangspunkt).

Verdens Beste Bestemor

Dei profesjonelle leverer seriar som er tiltalande nok til at det er lett å bere over med enkle idear: Elise Meistad reddar bidraget sitt, «Mareritt» med ein visuelt dynamisk presentasjon. Lars Helgemo gjer ein tilstrekkeleg annleis variant av «monstret er berre misforstått»  med si historie «Verdens Beste Bestemor». Regine Holst har ein meir bokstaveleg variant i si, men igjen med i alle fall visse originale detaljer, i fjerde avsnittet av sin furry/fantasyserie «Ella» (den tredje var ein del av Oslo 24t i sommar).    

Ella og Dagros (Ella IV) av Regins Holst

Men amatørane og debutantane  – alle saman studentar ved fakultetet for kunst, musikk & design, UiB – er i fleirtal: Synnøve Garmann, Hanne Hauge, Phillip Rasmusen, Silje Skagseth, Silje Kvamme, Victoria Røisli og Vilde Takla.

Her er det den litt meir erfarne Ingeborg Wiulsrød som breier seg mest (også på forsida) med ei handlingsmetta og entusiastisk kjærleikserklæring nettopp til furry-subkulturen i «Nerdenes Hanna Montana».

Nerdenes Hanna Montana

Av debutantane er Synnøve Garmanns «Blomen» (sjå overskriftsbildet) den som overtyder mest, og jamt over eit av dei beste bidraga i boka. «Blomen» er ein ordlaus, romantisk fabel med ein eigenarta, rund og levande strek i eit fantasifullt landskap. Sluttpoenget er kanskje litt lettvint, men vegen ditt er spennande og ikkje føreseieleg.

Skogen

Den andre debutantane har alle saman har funne sin eigen stil, men treng å jobbe meir med den, både som teiknarar og forteljarar. Tidsramma på 24 timar får vere ei formildande omstende her. Hauge tyr for lett og for mykje til økologisk preike i «Skogen», sjølv om eg ikkje skal sjå bort frå at forteljinga hennar er meint å ha ein smule sjølvironi. Rasmusen og Skagseth er, kvar på sitt vis, det nærmaste ein kjem representantar for det litt meir poetisk tvitydige i antologien, om enn av det beskjedne slaget . Kvamme kunne ha laga ein heilt akseptabel barneserie med sitt utgangspunkt i «En Jobb», men 24 timar var nok for lite både på manus-og teiknesida; serien er den mest skisseprega av bidraga. Og «Gamle Venner» av Victoria Røisli – syster til Überantologi-teiknar Tuva – har skrive og teikna eit mysterium av den typen som sikkert kunne fått plass i ein slik antologi dersom historia var jobba litt meir med.     

Sagn

Bidraget som skil seg mest ut på sjanger er Vilde Taklas avsluttande «Sagn». Dette er ikkje ein teikneserie, men eit bestiarium; ei samling med illustrerte folkesegn om vetter, spøkelse og vardyr, dertil illustrert med utsøkt gru, men også mykje humor. Språket i tekstane understreker at teiknaren har saksa ordrett frå diverse folkloristiske skrifter og illustrert desse etter eigen fantasi. Det er nærliggande å sjå på Johan Egerkrans’ bok «Overnaturlige og underjordiske vesener fra folketroen» (2018) som ein mogeleg inspirasjon, men Takla følgjer her ein stolt tradisjon som går lenger tilbake enn Theodor Kittelsen, til og med. Ho burde ha ei lovande framtid, enten innan teikneseriar eller illustrasjon generelt, men eg håper jo særleg på det første.

Bergen 24t 19
Av diverse. Redaktør og forord: Are Edvardsen
296 sider
250 kr.
Überpress


Les også anmeldingar av tidlegare 24t-samlingar:
Bergen 2017
Oslo 2019

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *