Frå serieskapar til forfattar

Frå serieskapar til forfattar

Laurdag ettermiddag opptrådde Lene Ask og den amerikanske teikneseriejournalisten Sarah Glidden saman på Litteraturhuset i Bergen under vignetten «Teikna Sakprosa».

Lene Ask har laga fire teikneserieromanar, og tre av desse er til ei viss grad dokumentariske: Hitler, Jesus og Farfar (2006), Da jeg reddet verden (2009) og Kjære Rikard (2014). Til liks med Glidden bruker ho også fotografi som utgangspunkt når ho lager teikneseriebøker. Ho jobba som fotograf før ho oppdaga farfarens hemmelege historie – Noko som sjølvsagt var utgangspunktet for Hitler, Jesus og Farfar.

Lene Ask (midten) med Sarah Glidden (t.v.) og konferansier Øyvind Vågnes (t.h.) på Litteraturhuset

I ein samtale med både Glidden og Ask kom det også fram at dei hadde noko av den same erfaringa når det gjelder å vere kvinner som samlar inn materiale med teikneblokk, like gjerne som med kamera. Ho husker frå den gongen ho arbeida med Da jeg reddet verden:

– Eg reiste i Tanzania for å gjere eit prosjekt om naudhjelp til kvinner og barn. Vi intervjua kvinner om fødsler og omskjering. Eg satt der og tok notater, og var så glad for at eg ikkje trengte å ha eit kamera. For det ville øydelagt heile situasjonen. Eg kunne berre sitte der og sjå på dei, og ikkje føle avstand. Viss du tek fram kamera, endrer situasjonen seg heilt. Eg kunne berre vere denne personen som snakka direkte til dei.

Men Kjære Rikard er den boka som det oftast blir referert nå for tida, og det var også den som fekk fokus under Ask sin presentasjon på laurdag. Utgangspunktet var at Lene ville bli misjonær då ho var liten. Sidan mista ho trua, men interessa for misjonshistoria behaldt ho. Det førte henne til misjonsarkivet i Stavanger, der ho oppdage ein gamal korrespondanse mellom ein misjonær på forlenga kallreise i Madagaskar, og sonen hans som måtte bu på ein barneheim medan han var utanlands.
Breva vart sensurerte, forklarte ho på foredraget, så ein må lese mellom linjene. Det er mykje Rikard har uttrykt som han ikkje kunne seie rett ut. Eg ser på teksten og spør: Kor er det plass for meg å vere på? Bruken av korrespondansebrev gjorde dette lettare. Det ho leste mellom linjene kunne ho illustrere.

Kjære Rikard

Etter Rikard har Lene hatt litt problem med å fullføre eit nytt teikneserieprosjekt . Det næmaste ho har kome er bildeboka Du i 2016, som inngår i Gyldendals nye serie med «ordfrie bøker».

– Eg veit veldig mykje som eg vil drive med, svarer ho på spørsmålet om ho vil lage fleire teikneseriar, – Eg har lyst til å jobbe meir med tekst og bilde på same måten som i Rikard, men eg har inga [teikneserie]bok klar ennå. Eg gjer masse ting, men har ikkje kome fram til noko som er bra nok.

Medan ho leiter etter det neste prosjektet som er godt nok til å bli en teikneseriebok, har Lene nok å sysle med. Ho har illustrert barnebøker, i nokre tilfelle både skrive og illustrert bildebøker. Men i seinare tid har ho tatt eit skritt vidare og skrive bildebøker som ho fekk andre til å illustrere, som D Som Tiger (2015, ill. Mari Kanstad Johnsen). Endå litt seinare har ho utgjeve ein uillustrerte ungdomsroman, Det Hjelper Ikke Å Blunke (2016). Overgangen frå teiknar/forfattar til berre forfattar har gått smidig:

– Eg synes at prosessen er veldig lik, eigentleg. Eg bygger opp historia på same måten, og sjølv om eg jobbar med tekst ser eg likevel for meg scenane på same måten som viss eg jobba med teikneserie.

Les også:
Ordløs Ask (anmelding av Du)
Når kommer du Hjem, far? (anmelding av Kjære Rikard)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *