Ei ny byrjing

Ei ny byrjing

Blokk forlag går nye vegar, ikkje minst når det gjelder format, med Fragment, ein slags oppfølgjar til Byrjing.

Blokk debuterte i 2017 med nettopp Byrjing. Boka var prega av litt meir nennsamt handplukk enn  Forresten, men likskapen var tydeleg (og blei understreka av at årets Forresten, til liks med Byrjing, inneheldt eit kapittel frå Hamsuns «På Gjengrodde Stier» som tolka av Martin Ernstsen). I år har Bokk-duoen Ingrid Brubaker og Anja Dahle Øverbye funne på noko anna som ikkje berre i større grad distingverer dei som forleggarar, men også er heilt logisk i forhold mykje av Blokks produksjon så langt. Den gjer også «Fragment», som elles verkar som ein veldig klisjéaktig tittel på ein antologipublikasjon, slåande logisk.

«Fragemt» er, kort sagt, ei samling med småhefter: eit hovudhefte med små tekstar, kunstfotos og teikningar, pluss seks teikneserie-fanziner av seks ulike serieskaparar og andre illustratørar. Både i illustrasjon og tekst er det mykje rom for, og sikkert oppmoding til, kunstarisk tolking

Teikneserie-fanzina er eit format som Blokk allereie har erfaring med. På Bergen Book Art Fair (der fanziner av alle slag er ein viktig del av sortimentet) i 2017 kom dei med to slike:  «Kjært fælt og sirkulært» av Åge Peterson, og «DAZ» av Kai Nødland. På OCX i år vart ei ny seriefanzine frå Blokk, «Ski-Fi» av Jenny Jordahl, utseld på serieskaparens stand.

Henvisninger

Ina Marie Winther Åshaug er den einaste bidragsytaren som også var med på Byrjing, så ein kan i alle fall ikkje hevde at Blokk gjer seg avhengige av å bruke dei same folka om att. Hennar «Henvisninger» er omtrent så open for tolking som tittelen tyder på; ei samling med skisser, utan tekst, i litt ulike stilartar. Nokre av bileta kan verke å vere tatt ut av einkvar samanheng, men det er nærliggande å oppfatte serien samla som eit kjensleladd stykke om depresjon og einsemd.

Hjernen er rystet

I «Hjernen er rystet» av Frøydis Lien Simonsen er noko av temaet igjen depresjon, men med  tekstlege refleksjonar som viktigaste uttrykksmiddel. Serien er fortald frå perspektivet til ein livstrøtt person, og baserer seg på ein serie med lause tankespinn som ikkje gir heilskapleg meining, men verkar realistisk framstilt som bruddstykker av eit plaga sinn.

I’m a sticky girl in a dusty world

«I’m a sticky girl in a dusty world» av Ida Neverdahl (ein tittel som openbart alluderer til boka «I’m a girl, it’s fantastic» av same serieskaparen) er den vakraste og mest stilsikre serien i samlinga, slik ein kan vente av teiknar som meir enn nokon andre held seg i grenselandet mellom det kommersielle og det surrealistiske. Serien er ein slags ekspansjon av den kjente «Jeg er de andre jentene»-stripa, men eg kan ikkje sjå at det tilfører serien noko å setje den i ein slik samanheng. Seriens burleskt surrealistiske, og likevel vakre skildring av kjærleiken mellom ein gut og ei jente, står seg bra på eiga hand.

Lavastein

«Lavastein» av Maria Midttun er den serien som eg hadde størst vanskar med å få noko ut av, sjølv om den er ganske konkret: Ei kvinne tek med seg ein lavastein heim frå ferie på Hawaii(?), og blir overtydd om den bringer henne ulukke.  Om den gjer det, er uklart, og er neppe meint å vere det interessante ved serien. Det er vel heller illustratørens collagekunst, samt dialogen og igjen tankespinnet som skal engasjere oss. Collagekunsten er einsformig og ikkje i seg sjølv eit interessant nok kunstarisk grep til å halde på merksemda mi. Dialogen bærer ikkje historia godt nok.

Norske Skuffelser

«Norske Skuffelser nr. 22-33» er noko heilt anna enn alle dei andre fanzina, og det nærmaste ein kjem eit folkeleg produkt i samlinga; serien kunne har vore ein av dei meir aparte, faste innslaga i bladet Rutetid: Enkle, pikselerte figurar som får utvida meiningsinnhald gjennom absurde, tørrvittige tekstar. Poenga er morosame, kløktige og overraskande.

Dyr blant menneskene

Endeleg har me fanzinen «Dyr blant menneskene» av redaksjonsduoen Ingrid Brubaker og Anja Dahle Øverbye, ei jordnær og enkel, men kraftfull forteljing som sommarforelsking. Om den er aldri så kort, er den full av liv, kjærleik og begjær uttrykt i eit i jamt samspel mellom tekst og teikningar.

Sjølv om det er mange uttrykk her som eg finner vellukka, er det neppe kontroversielt å legge til at Fragment ikkje hadde vore så interessant viss den var ein samanhengande trykksak. Eksperimentet med formatet må seiast å vere eit vesentleg poeng med utgjevnaden, og gjer Fragment – og Blokk Forlag som eit heile – til ein viktig norsk eksponent del av ei trend som me har sett på festivalar og kunst-eventer i dei seinare år. Ei trend der teikneseriar tek utfordringa med å skape meiningsfulle uttrykk i minimalisme.

 

Fragment
Av diverse. I redaksjonen: Ingrid Brubaker og Anja Dahle Øverbye
Hovudheftet 30 sider + 12-16 sider per fanzine
240 kr.
Blokk Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *