Eg var forelska i ein islamist

Den fjerde delen av «Fremtidens Araber» er beretninga om ei, rute for rute, varsla katastrofe. 

Fremtidens Araber III (Minuskel, 2017) slutta med ein cliffhanger då faren, Abdel, kunngjorde for heile familien at han hadde fått ei betre stilling ved eit anna universitet – I Riyadh, Saudi-Arabia.

Vi måtte vente på bind fire for å få vita kva mora, Clémentine, syntes om det.  Og svaret er at ho hatar det, og ho nektar å ta med familien til Saudi-Arabia. Å bu i Syria var krevjande nok for ei moderne kvinne. Når boka begynner finner vi såleis mora, Riad og småbrørne hans tilbake i Frankrike, buande i huset til mormora og stemorfaren. Mora prøver å skaffe seg jobb, og i mellomtida lever familien av pengar som faren sender frå Riyadh.

Sjølv om Riads forteljarstemme heile tida er til stades, er det mykje som er underforstått, og  ein undrar seg på om Riad den gongen såg faresignala like tydeleg som vi lesarane ser dei nå. Foreldra kranglar heile tida, når dei i det heile tatt snakkar saman. Mora distanserer seg meir og meir frå faren, vil ha ungane i Frankrike, og gleder seg – veldig synleg – når familien ikkje lenger kan bu i Syria.

«Jødar» har alltid vore ein av Abdels yndlingsforklaringar på det meste.

Faren på si side ser ut til å ha blitt religiøs etter si pilegrimsreise til Mekka, og er stadig meir lunefull. Han skryt og kjeftar om politikk, jødar og arabisk identitet, og henter forklaringar og etikette frå konservativ islam (i ei rute merker ein at han bevisst unngår å handhelse på svigermora). Andre gonger kjem han med flotte gåver og varme faderlege talar. Han blir stadig dårlegare i fransk, ei utvikling som omsetjaren også er påpasseleg med å følgje, og eit gjennomgåande og vesentleg forvarsel som blir brukt til stor effekt i bokas cliffhanger (ja, for også denne boka sluttar med ein slik). Utviklinga er like dyktig skildra i teikningane; I enkel strek får Sattouf godt fram kor herja Abdel er i ansiktet, og korleis blikket hans oftare blir fjernt.

Ein viktig grunn til at dette bindet tok to år, er nok at det er over 100 sider lenger enn nokre av dei føregåande. Så følgjer då også boka oppveksten hans over ein mykje lenger periode (1987-1992) enn dei to førre. Bøkene har alltid vore fargekoda, med blått for Frankrike og rosa for Syria. Del IV er den første boka som er mest blå. Riad gjekk nok meir i detalj om oppveksten i Syria, vel vitande om at eit vestleg publikum ville finne skildringar frå kvardagslivet i Assads Syria eksotisk og kanskje litt fascinerande farlig.

Prepubertal smak og behag kan visst ikkje diskuterast

Men det betyr ikkje at skildringa av oppveksten i Frankrike er keisam. For det første gjer den vedvarande kjensla av drama og uro boka til ei ofte meir spennande lesing enn dei tre første. Desse tre skildra familieforhold som  tross alt var ein smule stabile, under omstenda.    

For det andre blir vi i større grad kjent med dei ulike skikkelsane og omgjevnadene som påverka Riad i hans formative år. Skulen er ein svært blanda fornøyelse der hovudpersonnes teiknetalent kan vere både ein fordel og ei forbanning for hans sosiale liv, og klassekameratane ofte er ei gåte for han. Mormor og morfar legg stadig meir press på han, mens stemorfaren Charles, i kontrast til dei høglydte og formanande biologiske besteforeldra, er ein mild mann som bidreg med gode historier og ei allmenn komfortkjensle. Av alle Riads oppdragarskikkelsar (mora inkludert) er Charles den som blir mest sympatisk framstilt.  

Charles kunne mellom anna skryte på seg å ha vore statist i Orson Welles’ «Othello» (1951). Det høyrer med til historia at Riad Sattouf også er filmskapar.

Men også Del IV skildrar Syria, i eit par lange kapittel. Det er mykje av det same vi allereie har sett før, om korrupsjon, slette sanitære forhold og antisemittisme, men eit nytt og sentralt poeng er Riads forelsking i den eldre kusina Qamar. Vi får ikkje inntrykk av at ho eigentleg var ein viktig person i livet hans, men det er veldig talande at han konsekvent teiknar henne penare (og, i hennar andre opptreden, meir sexy) enn nokon andre. Qamar er også portrettert som ein djupt truande og svært streng og konservativ muslim. Openbert verkar kontrasten pirrande, men dette er ei ærleg skildring av pubertetens effekt på forfattaren, minst like mykje som ein observasjon av kulturskilnader.       

Qamar snakkar nesten berre svovel, men den unge Riad kan ikkje slutte å stirre

Slik går dagane i dei tidlege ungdomsåra av ei oppvekst som ennå er meir annleis enn kva dei fleste av oss kan sjå tilbake på. Vi veit at noko kjem til å gå alvorleg gale, men historia om vegen dit er ein fryd å lese. Etter fire bind er «Fremtidens Araber» framleis ein serie som er så levande, underhaldande og bittersøtt fortalt at den er nærmast vanedannande. 280 sider flyg forbi like raskt som berre halve sidetalet gjorde i tidlegare bind.




Fremtidens Araber – Barndom i Midtøsten (Del IV: 1987-1992)
Av Riad Sattouf
Omsett av Alexander Leborg
280 sider
349 kr. (veil.)
Minuskel



Les også:
Omtaler av de tre først bindene
1978-1984
Del II: 1984-1985
Del III: 1985-1987

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *