From L.A. with love

From L.A. with love

Ida Neverdahl er aktuell med den prisnominerte samlinga «I’m a girl, it’s fantastic». Og prosjekta står i kø framover for 23-åringen.

Ho tok sjølv initiativ til boka, som hadde arbeidstittelen «Tormented Ghost Cum», etter den tredje tegneserienovella i samlinga. Samlinga er ein blanding av ymse teiknserienoveller som Ida hadde laga dei seinaste åra. Men det var ikkje som om ho mangla ting å utgi. Snarare er «problemet» at ho har for mykje å komme med:

Opphaldet hennar i Los Angeles nå i vinter samanfalt med Amerikabesøket til ein annan norsk serieskapar, Øystein Runde. Dermed kjem det ei ny reiseskildring teikna og fortald av Ida og Øystein i lag, i stil med boka «Moskva». Hennar del av boka er stort sett ferdig; ho har laga 40 sider. Etter planen skal «Los Angeles» ut på Jippi Forlag i haust, men det kjem litt an på Runde si framdrift.

Ida og Øystein i førstnemnte sin strek, frå «Moskva»

Ei god stund nå har Ida laga serien «Jojo» for Norsk Barneblad. Serien minner ganske mykje om Gelé, bortsett frå at Lulu er bytta ut med ein mannleg hovudperson, Jojo. Ved nokre høve har ho brukt om att Lulu-historiar, som t.d. gåsa som legg Kinderegg. Norsk Barneblad ville gjerne samle Jojo-historiane i eiga bok, og denne kjem ut på Det Norske Samlaget i mars 2018.

Jojo følger ein trend når det gjelder favorittsnacks i Ida sine teikneseriar

Framtida til Puma er litt uklår. Ho er avventande til om den skal gå i Dagbladet – Den vann tredje plassen i Dagbladet sin teikneseriekonkurranse. Hofekk også andreplassen i Rockys Jubileumsstipend, men ser elles ikkje problemet med å få inn nok kvinnelege serieskaparar. – Det er jo mange av dei i Norge, seier ho.

Puma

Ida er i forhandling om å få Gelé/Lulu til ein amerikansk utgjevar. Dessutane har ho har nok Gelé-materiale til ei samling nummer to på norsk, og føler seg sikker på at det blir ikkje noko problem å få gitt ut det når ho ønskjer. Den første samlinga selde jo ut opplaget. Men ho ser det framleis litt an, fordi ho ikkje vil sende ut for mykje Ida Neverdahl på for kort tid.

Gelé

Dessutan vil ho ikkje planlegge prosjekta for mykje. – Det blir bare uventande, det er sånn hjernen min fungerer, forklarer Ida.

Ida Neverdahl presenterer «I’m A Girl, It’s Fantastic» på Fana bibliotek i mai

Les også:
En studie i rødt – og andre fargenyanser

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *