Gode tider for «fat comic»-venner (andre runde)

Gode tider for «fat comic»-venner (andre runde)

 Ein fabelaktig teikneseriesommar/haust for teikneseriar med volum. Gjennomgongen  held fram.

  • Den (nesten) unge Blueberry

Med undertittelen «Fort Navajo» kjem dei fyrste tre Blueberry-albuma i ei samla bok. Dette er like stor teikneseriehistorie som Conan-boka, og her er berre to skaparar; Giraud og Charlier. Dei fyrste albuma kom på norsk seint på 70-talet, så denne utgjevinga har mykje for seg. Og den er heller ikkje mynta på dei som kjøpte hardcoverbøkene for ein del år tilbake.

Å sjå starten på løytnant Blueberrys karriere her er svært interessant. Ein av mine gamle westernfavorittar er serieskaparen Jijé, med sin fantastiske «Jerry Spring». Linjene frå Jijé til Giraud er lette å sjå her, spesielt i fyrste historie, der Jijé sjølv har laga forsida. Fyrst seinare skulle løytnanten få det svært karakteristiske Belmondo-fjeset sitt, her er han mykje råare i formen. Elles er det svært mykje «blåjakker» i denne boka, noko som endrar seg (heldigvis) seinare i dei komande bøkene.

Teikneseriekunst og -historie. Anbefalast alle! Også 12-åringar som (kanskje) likar teikneserier sjølv om dei ikkje lenger veit kva ein «western» eller ein «cowboy» er.

Boka er forsynt med ei herleg historisk gjennomgang av nettopp desse to uttrykka.

Legenden om Blueberry; Fort Navajo, Egmont 2017, 154 sider (fargar), kr. 190.- (1,25 pr. side).

  • Den Alternative Supermann

Så er vi alt komne til bok 2 i DC/Egmonts «Earth One»-serie. Som i fyrste bind er det konsonantglade J. M. Straczynski som skriv og den mindre kjende Shane Davis som teiknar. Serien er riktig flott, med ein alternativ vri på den velkjende historia om Stålmannen. Namna er dei same – men folka heilt annleis. Det er Supermann i «den verkelege verda», med reelle problem. Skurken, ein ny variant av Parasitten, er riktig fæl og effektiv som motstandar.

Eg har litt problem med den noko emo-sutrande Clark med tidsrett bustesveis, men serien viser vel eigentleg kor vanskeleg det ville vore for kven som helst å hanskast med at ein har superkrefter. Ikkje minst i erotisk samspel med andre…

Bra bokserie som fortener mange lesarar!

Superman Earth One Bok 2, Egmont 2017, 156 sider (fargar), kr. 130.- (0,85 pr. side)

  • Pen og pynteleg Tarzan vender attende

Nok ei flott bok i den nye Tarzan-serien, teikna av Russ Manning etter originalmanuskripta til opphavsmannen Burroughs. Som sist: vakre menneske har spanande eventyr i eit parkliknande landskap. Men eventyra denne gong er villare og meir fantastiske, Tarzan får familie (Korak og Jane), krigen har kome til Afrika med fæle tyskarar og Tarzan oppdagar ei gløymt og gøymt rike med prinsesser og farlege dinosaurar. Altså ekte flotte action-teikneserier, nokså nøyaktig 50 år gamle no.

Manning er ein stilist av verdsklasse, og boka bør finne mange lesarar, også dei som berre kjenner figuren frå Disneyfilmen. Sånn sett må desse teikneseriane verke mystisk framande på nye lesarar…

Tarzan, tegnet av Russ Manning Bok 2, Egmont 2017, 154 sider (fargar), 170.- (1,10 pr. side)

  • Donald i mellomformat

Ei slik liste hadde ikkje vore komplett utan litt Donald Duck, og her er vi komne fram til bok 7 i denne artige (for meg) serien. I desse bøkene veit du aldri kva du får, men du kan rekne med at det er litt spesielt artige og gode forteljingar, vanlegvis frå kjende serieskaparar. Redaksjonen ser bort frå Don Rosa (bra! Han er godt representert frå før) – dei burde sjå meir bort frå Carl Barks (av same grunn), og etter mitt ynskje fokusere meir på store europeiske stilistar som Scarpa, Verhagen og Heymans. Og prøve å unngå historier som har vore utgjevne i bøker før, som t.d. Hall of Fame-serien. Det har dei ikkje greidd. Likevel har dei komme med fine samlingar som viser den enorme kvalitetsbreidda Disney-universet kan by på. Denne gongen er Branca representert med to historier og Vicar med ein. I tillegg til ein fin forteljing av Paul Murry og ein flott sak frå Van Horn. Og noko merkeleg frå ein for meg ukjend Pujol.

For ei stund sidan kom eg over ei samling strøykne Donald-hefte frå tidleg 90-tal, altså 25 år gamle eller så. Og vart overraska over det høge nivået på ein god del av forteljingane frå den tida, og då snakkar eg ikkje berre om Rosa eller Rota. Tykkjer nivået den gong var mykje høgare enn dagens, så her er det mykje bra stoff ein kan velje og vrake i…

Eit lite minus: redaksjonen burde også notere når og kor fyrste utgjeving av historia kom, ikkje berre når den kom i Noreg. Bøkene er framifrå hylleprakt, og egnar seg godt for å ta med på hytta eller ferie.

Klassisk Donald Duck & Co nr. 7, Egmont 2017, 154 sider (fargar), kr. 150.- (0,97 pr. side).

  • Sprint i nygammal drakt

Vi oppsummerer med noko som ikkje er ei tjukkbok, heller eit «vanleg» seriealbum, men boka føyer seg så vakkert inn i denne rankinglista frå den flotte teikneseriesommarhausten at eg måtte ta den med.

Sprintkjennarar og -elskarar får ha meg unnskyldt, men eg har ingen tilhøve til Sprint og hans verd. Eg kjenner til den, og har eit visst kjennskap til Champingnac og Spiralis (sistnemnde er så visst ein fantastisk skapning), men veit altså like lite om serien som andre; Iznogood, Viggo eller Flipp & Flopp. Tølpar, javel.

«Og slike skal kalle seg teikneseriefans?» spør du kanskje. Vel, nok ein gong hevdar eg at serier du vert fanga og oppteken av må treffe deg på rett tidspunkt. Superheltane frå Marvel og DC traff meg som 12-åring, Donald har vore med meg i heile livet, og «vaksne» franskbelgiske serier traff meg i studieåra. Tempo gjekk meg hus forbi, og stornase/funnyfaceseriane eg har nemnd her likeså. Bortsett frå Asterix, då. Det fins alltid unntak. Og Tintin byrja eg fyrst å lese då albuma kom til Noreg (Aller/Semic) då eg var vaksen og kunne verdsetje Hergés meisterverk på retta.

Så; attende til Sprint under krigen. Dette er eit flott album. Heilt frå forsida, i sine avstemte «krigsfargar» får vi Tintin-kjensla av drama. Og rosina i pylsa er vel naziflagget Sprint heisar seg nedover, den raude fliken bak han er teikna som Supermanns kappe. Sprint som actionhelt og frelsar? Jau, i kamp mot nazistane viser den unge pikkoloen stor kløkt og mot.

Til sine tider får vi også dosar med humor og slapstick, noko som vi også finn hjå Hergés helt Tintin. Boka inneheld svært dramatiske avsnitt, det er bombing og skyting i Brüssel slik det høver seg for ei dramatisk okkupasjonsforteljing. Og forføreriske kvinner som både Sprint og hans ven Kvikk vert utsett for, ikkje minst ei langbeint tysk blondine…

Språket i albumet er eit kapittel for seg. Arvid Skancke-Knutsen har skapt eit svært fritt og feiande «krigsspråk», med tydelege låneord frå norsk (krigs)samtid. Språket, fargane, teikningane og historia får alle topp karakter frå meg.

I Noreg må vi vel til «Gulosten» og hans eskapader under krigen for å finne noko tilsvarande dramatisk, men der Yann og Schwartz diktar fritt med laussleppen penn vil nok Kristian Krogh-Sørensen legge seg meir mot realitetane. No ynskjer eg meg mest av alt Ny Gulost…

Sprint Spesial nr. 2, Egmont 2017, 64 s., kr. 100.- (1,56 pr. side).


Oppsummering: ein fabelaktig teikneseriesommar/haust for alle som likar tjukkbøker. Og prisen pr. side er det lite å sei på – kva får du for ei krone i dag? Sistnemnde bok har høgast sidepris, vi får tru det er Skancke-Knutsen som utgjer differansen her, men med sitt flotte språkarbeid er han verdt den ekstra 50-øringen!

One thought on “Gode tider for «fat comic»-venner (andre runde)

  1. TEX WILLER kronologisk i farger er også en «fat comics» å se opp for.
    Episodene i bok 40 er nå kommet frem til årene 1966-67 (først publisert i de små Tex Willer Le Strisce), nok en utgivelse med femti år på baken altså, og nok en håndverksserie av meget høy klasse.
    Høydepunkter i Tex Willer sagaen har vært mange, fra de tidligste årene må nevnes årgangene 1958-61, med westernserier i episk format som lå et stykke forut sin tid: Skjelettenes mesa, Fryktens dal, Den trettende mumien m.fl.
    Årgangene 1966-70 er fra den virkelig gylne perioden:
    Start med SPYDETS GÅTE og TEX´ FORTID i bok 39-40; lange (de skal bli mye lengre etter hvert) episke dramaer, med voksne replikker, underfulle, varierte og uventede plott, elegant og realistisk tegnet av G. Letteri og Galep.
    De fleste episodene (noen er ikke tidligere utgitt) i bokserien er ypperlig oversatt av Nina Haugdahl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *