Gode tider for «fat comic»-venner (første runde)

Gode tider for «fat comic»-venner (første runde)

Svært gode tider, ja. For alle som samlar, les og elskar teikneserier i Noreg har Egmont i det siste gjeve ut eit ras med flotte samlingar, eller «fat comics» som Howard Chaykin døypte «softcoversamlingar» på Raptus ein gong.

Hans tanke var at det slimsne småblada hadde utspelt si rolle for lengst, heilt sidan det berre kosta lommepengar (10-25 cent) for eit hefte. Dagens prisar øydelegg totalt for kjøping av eit hefte, dermed burde alle forlag gå over til saftigare, feite samlingar som kostar mykje mindre (pr. teikneserieside) enn eit hefte. «More value for money», ifylgje Howard.

Pondus, Nemi, Kollektivet, Donald Duck & Co og Fantomet (mellom andre) kjem støtt nokon lunde kvar månad eller så, men satsinga på tjukkbøker har teke fart frå Egmont så det monnar. Min spådom er at Fantomet forsvinn som månadshefte ein eller annan gong, for å bli erstatta som kvartalsbok i Fat Comic-format. Jamvel Donald kan lide same lagnad, spør du meg – min lokale Meny tek inn 5 (fem!) hefte annakvar veke, mot 20-30 for berre nokre år sidan. Og fjortendagars-heftet druknar fullstendig i mengda av Donald-Pockets i ymse utgåver.

Nåvel. Det er gode tider, og her kjem ei rask og kjapp oversikt over fatcomics som er ute no, eller har vore ute ei stund, det er ei imponerande liste.

  • Conan som teikneseriemeister

Klyp meg baklengs inni fuglekassa om dette ikkje er årets beste teikneseriebok i Noreg. Innhaldet er så bra – både tekstleg og ikkje minst teiknemessig, at det held til gull, sjølv utanfor VM-Bergen. I desse forteljingane (Savage Sword of Conan #13-19) har John Buscema funne oppskrifta på korleis dette skal gjerast. Eksperimenteringa i dei fyrste hefta er borte – her er berre teikneseriemeisterskap att. Historiene er også på usedvanleg høgt nivå, fortalt av Roy Thomas i storform. I tillegg får vi besøk av to absolutte meistarar i teikning, Gil Kane og Neal Adams. Sistnemnde sitt bidrag er av usedvanleg høg klasse.

Flottaste forsida til no også. Og meisterverket «The Devil in Iron» er her. Alfredo Alcala frå Filippinane er utvilsamt Johns beste tusjar på denne serien, og tusjar alle Johns fem serier i boka. «People of the Black Circle». Kan tusj gjerast betre enn dette? Det er som koparetsingar frå hundre år tidlegare.

Ei kjempebok, kort sagt.

Legenden om Conan Bok 3, Egmont 2017, 264 sider (svart/kvitt), kr. 200.- (0,75 pr. side)

  • Linda og Valentin i det psykedeliske landskap

Dette er ei fabelaktig bok frå parhestane Christin og Mézières sitt SF-univers. Linda og Valentin (ja, eg er utgammal) sine tidlege eventyr er her på nytt, også eit som ikkje har vore utgitt på norsk før.

Nå vi snakkar alder på gamle anmeldarar kjem her eit hjartesukk: tenk om ein serieglad ungdom på ein tredjedel av min alder) kunne skrive om sine fyrste møte med desse flotte bøkene – i staden for meg (og dessverre mange kjøparar på min alder eller under) som konstant vil referere til sine fyrste møte med seriane ein eller annan gong for over 40 år sidan. Dobbeltsukk.

No skal eg sei at eg aldri har vore nokon stor L&V-fan eller lesar nokonsinne – albuma kom på dansk og norsk då eg var oppteken med heilt andre ting enn teikneserier (hint, det rimar på spiker, lim og tang).  Men eg kjende då til serien, nok til at eg kunne finne på å brøle «Velkommen til Alflolol!» når eg var i ekstra godt lune.

Serien har ein spesiell karakteristikk ved at teiknaren Mézières illustrerte heltane og andre personar i litt «funnyface»-tradisjon medan universet rundt dei var teikna SF-realistisk. Det var ei greie eg aldri fekk til å like noko særleg. Men denne tradisjonen er jo velkjend for alle som likar eller har kjennskap til det altomfattande omgrepet «fransk-belgiske serier».

Nåvel. Dette er SF på høgt nivå, og det er ikkje vanskeleg å sjå koss Besson og Lucas let seg inspirere til filmane sine frå dette. Morosamt nok las eg på ei amerikansk film/serieside at dei tykte «Valerian» likna for mykje på «Star Wars». Sukk.

Fyrste forteljing; «Mareritt» er endå meir funnyface enn det som kom etter, det er altså starten på eventyret, det som førte dei to saman. Rått og enkelt, men flott. Andre forteljing; «De tusen Planeters Imperium» er soga som filmen bygger på. Den er dessverre skjemma av dialogtunge ruter og sider, det er mykje å fortære her. I siste forteljing; «Skyggenes Ambassadør» har serien funne fin balanse mellom tekst og teikning. Pur og elegant SF.

Og hovudpersonane L&V finn eg mykje meir sjarmerande enn filmen sitt par.  Nok ein gong: det er å vone at nye lesarar som ikkje kjenner serien eller fransk/belgiske SF-teikneserier får augo opp for dette flotte verket med filmen i friskt minne.

Valerian – tegneserien bak filmen, Egmont 2017, 128 sider (fargar), kr. 170.- (1,33 pr. side)

    • Fantomet i nostalgiformat

 Bak den beste forsida i denne serien til no finn me fire hefte frå 1966-67. Fire flotte og klassiske McCoy-forteljingar med forfattar Falk i storform. Vi har lest desse historiene mange gonger, men i 66-67 var det nok nytt for mange.

Av spesiell interesse kan vi merke oss at på desse 4 heftas andre omslagsside, altså i faksimile  – under overskrifta «Legenden om Fantomet» er illustrasjonane av «nykommaren» Sy Barry som starta med avisstripene 5 år før desse blada kom, medan heftet elles har 20-25 år gamle forteljingar frå Wilson McCoy.

Boka har også mykje stoff om desse historiene og deira heilt spesielle status i Noreg under krigen, der tyskarane stengde aviser og forbaud «imperialistisk» USA-stoff.

Min personlege favoritt i boka er fyrste forteljing; «Det unge Fantomet», som eg hadde lese i Vi Menn nokre år før (den gong i moderne grå-grøn/lakseraud fargelegging).

Fantomet kronologisk, Egmont 2017, 134 sider (svart/kvitt), kr. 149.- (1,12 pr. side)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *