For seint for bonding?

»Grand Tour» er ikkje så grand, og prøver heller ikkje på å bli det. Tema er allmenngyldig nok, men det er i småskala at serien ønskjer å drøfte dei.

Som eldsjel for teikneseriemiljøet i Stavanger, med Comnicon på merittlista, og teiknar av Instagram-serien Barnvoksen, har Rasmus Husebø meir enn ein fot i bransjen.  «Grand Tour» er i pressemeldinga likevel omtala som debututgjevnaden hans. Ikkje heilt riktig, for det kom ei samling med Barnvoksen-striper i haust, men «Grand Tour» er i alle fall hans første eigenproduserte teikneserie med strekkode, viss ein skal argumentere teknisk.

Både Barnvoksen og «Grand Tour» skildrar forholdet mellom far og son, men utan særskilt likskap utover det. Førstnemnte serie omhandlar fantasien til ein liten gut og faren hans. Sistnemnte omhandlar ein Europatur med ein ivrig far som vil sjå alt – i alle fall alt som er gamalt, vakkert og avbilda i kunst- og historiebøkene – og ein blasert son som berre ser ned i mobilen. Unntatt når han ser opp for å forklare faren kvifor han kjeder seg.

(Konseptet med ein ferietur der dei vaksne lar seg imponere mens ungane likeglade grev nasen ned i noko, er forøvrig mykje eldre enn nettbrett og mobiltelefoni; i Donald Duck-teiknefilmen «Don’s Fountain of Youth» (1953) slit Donald med å så nevøane til å sjå opp frå eit teikneseriehefte mens dei køyrer gjennom landskapet i Florida.)   

«Grand Tour» er ein av dei kortaste, mest lettleste, og mest lettfattelege teikneseriane som Jippi nokon gong har utgjeve. Men det betyr ikkje at den er utan nyansar. Vi blir først invitert til å sympatisere med faren, mens sonen framstår som arrogant og klysete, men jo lenger ut i historia, jo meir held ein med sonen, og anar at farens manglande forståing er eit større problem.

Mangelen på plass går litt på bekosting av subtiliteten.  Når faren spontant framfører ein slags dans midtvegs i historia kjennest det som eit litt tvunge narrativt grep for å tydeleggjere poenget.  Tydeleggjering er også ei hovudsak i teikningane, der Husebø tyr til dei mest ekspressive visuelle effektar for å betone at faren mistar både ro og bakkekontakt – Særleg sveitteperler, stjerner, hjarter og skjelvestrekar.

I motsetning til dei ganske reine linjene i Barnvoksen er «Grand Tour» frynsete og anspent, og gir kjensle (illusjon?) av å vere teikna spontant og direkte, utan skisser. Sjølv om serien kanskje ikkje blei teikna på akkurat den måten,  sit ein som lesar igjen med dette inntrykket av spontanitet som vitaliserer og animerer ein dialogtung tekst. At Husebø er ein kapabel illustratør som ikkje driv med rein «stunt-teikning», ser vi også av den arkitektoniske detaljmerksemda; t.d. kjenner ein straks igjen Neuschwanstein-slottet frå eit grovteikna svart-kvitt oversiktsbilde.        

«Grand Tour» hadde alle føresetnader for å bli ein klisjéprega forteljing om vaksne som nektar å akseptere at tenåringsbarna er i ferd med å vekse frå dei. Heldigvis blei den mykje meir. I løpet av dei 46 sirlig nummererte sidene som historia varer, greier Husebø å seie noko ettertenksamt ikkje berre om generasjonsskilnader, men også om kommunikasjon, sosialisering og kunstens og historielæras verdi. Serien ender på ein måte antiklimatisk, og får lesaren til å le litt oppgitt ein siste gong, men det øydelegger verken for bodskapen eller evna til å reflektere over den.   


Grand Tour
Av Rasmus Husebø
50 sider
140 kr.
Jippi

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *