Gratis – Men verdt det?

Gratis – Men verdt det?

Free Comic Book Day vert igjen markert i norske Outlandbutikkar, med det same utvalet som i dei amerikanske. Ettersom det er gratis uansett, kan det vere fristande å ta med seg heile bunken, men kva er eigentleg verdt å lese? Her er nokre anbefalingar på førehand, basert på smakebitar, magekjensle, litt subjektivitet, og litt logikk.

 

MERK:

  • Mange hefter er satt saman av forlaget for å markedsføre så mange av seriane deira som mogeleg samstundes. Eit hefte inneheld derfor ikkje nødvendigvis berre den serien det blir avertert med.
  • Utvalet av hefter kan variere frå butikk til butikk. Alle butikkar som er med på samarbeidet er pålagte å føre dei hefta som har «Gold»-status (merka G nedenfor), men for dei som har «Silver»-status er det meir opp til den enkelte forhandlaren

 

Wonder Woman (G)
Av Greg Rucka og Nicola Scott
DC

Kvifor plukke den opp? Viss du verkeleg er interessert har du for lengst lest Wonder Woman Rebirth, men viss ikkje er dette ein bra plass å starte i påvente av filmen. Rett nok er det eit nyopptrykk av WW Rebirth # 2, men det byr på ein ny «origin story» for mirakelkvinna.

**

 


I hate Image (G)

Av Skottie Young
Image

Kvifor plukke den opp? Image Comics legger ikkje naturleg opp til crossovers på same måten som i gamle dagar (90-talet). Men denne spesialversjonen av Skottie Youngs eventyr-splatterkomedie I Hate Fairyland er eit skeivt nikk til tida då alle kjente alle i Image, og ein grei introduksjon til den serien især. Eventyrlands mare, den psykotiske Gertrude, slår og slakter seg gjennom kjente Imageseriar på leit etter ein hemmeleg passasje som kan føre henne heim. Definitivt årets mest lovande kuriosa-hefte frå FCBD-bunken.

**


Secret Empire (G)

Av Nick Spencer og Andrea Sorrentino
Marvel

Kvifor plukke den opp? Okay, den overfornemnte crossoveren verkar meir lovande, den gjer det. Store forlagscrossover som går over fleire titlar har for lengst mista sjarmen; i grunnen er det overraskande at Marvel framleis driv på med dette. Og reaksjonen frå fansen kan tyde på at mange synes dei politiske metaforane som ein legger opp til i «Secret Empire» blir i tyngste laget. Men det er nå ein gong Marvel Comics’ store event for året, og siden heftet er gratis, er det eit greit høve til å sjå om det er ein event som har noko for seg.

**


Bad Machinery

Av John Allison og Sarah Stern
Oni Press

Kvifor plukke den opp? Fordi John Allisons Giant Days er ein av dei beste humorseriane på heftemarkedet i dag. Figurane og den absurde, underfurndige humoren hans er vel verdt å bli kjent med. Bad Machinery er ein del at det såkalte Bobbinsverse som Allison bygde opp gjennom fleire nettseriar, men noko grundig  førehandskunnskap ser ikkje ut til å vere nødvendig for dette heftet.

**

 

X-O Manowar (G)
Av Matt Kindt og Doug Braithwaite
Valiant

Kvifor plukke den opp? Rebooten av Valiants superheltunivers frå 90-talet går så det suser, og Valiant har på nytt blitt ein fan-favoritt. Her kan det sjå ut som det blir meir smakebitar enn fulle historiar, dessverre, men nylanseringa av X-O Manowar har eit særs lovande konsept.

**

 

 

Hostage/Poppies
Av Guy Delisle og Lewis Trondheim
Drawn & Quarterly

Kvifor plukke den opp? Fordi den presenterer to nye teikneserieromanar av henholdsvis Guy Delisle og Lewis Trondheim, begge omsett til engelsk for første gongen. Hostage av Delisle fortel historien til eit gissel i fangenskap i kaukasus-regionen, medan Poppies of Iraq er Iraks moderne historie, sett gjennom auga til eksilirakaren Brigitte Findakly, teikna av Trondheim.

**

 

Hilda’s Back
Av Luke Pearson
Nobrow Press

Kvifor plukke den opp? Det siste Hilda-albumet «The Stone Forest» endte med ein cliffhanger, og skal ein tru omslaget på dette heftet (som er ein ganske stor spoiler), kan det vere at det held fram der albumet slapp. Uansett er det eit bra høve til å bli kjent med Hilda, som truleg fekk denne sjansen i år fordi Netflix-serien hennar debuterer tidleg neste år.

**

 

Malika- Warrior Queen
Av Roye Okupe, Ayodele Elegba, og Chima Kalu
Youneek Studios

Kvifor plukke den opp? For eit sjelden innblikk i moderne, afrikansk teikneserieindustri. Nigerianske Youneek har allereie sitt eige teikneserieunivers, og ikkje berre med superheltar: Malika byd på historisk fantasy frå 1500-talets Afrika.

**

 

 

World’s Greatest Cartoonists
Av diverse (sjå detaljer nedenunder)
Fantagraphics Books

Kvifor plukke den opp? Fordi tittelen ikkje er fullstendig overdrive. Fantagraphics har knytta til seg usannsynleg mange store, internasjonale namn, inkludert vår eigen Jason. Viss du ikkje har utforska dei tidlegare OCX-gjestene Ed Piskor og Simon Hanselmann ennå, får du ein ny sjanse her, og for øvrig inneheld heftet bidrag av  Noah Van Sciver, Liz Suburbia, Dash Shaw, Richard Sala og Emil Ferris.

One thought on “Gratis – Men verdt det?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *