Alle mann til kanonane!

Mange kjenner nok ikkje til Hugo Pratt si fortid som teikneseriefabrikkarbeidar. Nå blir den legendariske serieskaparen sine krigsseriar gjort tilgjengelege      

Hugsar de Kamp-Serien?

No er det vel ikkje så lenge sidan der var eit nytt forsøk på å få dei på den norske marknaden i litt tjukke pockets med stive papp-permar, men eg er såpass gamal at eg hugsar alle desse krigsblada (og litt Tuppen og Lillemor, må ikkje gløymast) når dei kom ut i små, tynne lefser om lag på storleik med eit pass.

Teknisk sett så var dette britisk-produserte seriar, med mykje fokus på tapre britiske soldatar som kjempa mot tyskarane og lengta heim til mor si «steak-and-kidney pie». Dei fleste manusforfattarane var også britar, men det same gjaldt ikkje for teiknarane.

Med stort behov for dyktige teiknarar, så hadde dei britiske forlaga inngått avtalar med teiknestuer som «Selecciones Illustradas», der seinare verdsberømte serieteiknarar sat i Franco sitt Spania og teikna i veg på desse småformatshistoriane, 2-4 ruter på ei side. Den kjende serieteiknaren Carlos Gimenez har laga den sjølvbiografiske serien «Los Professionales» om nettopp dette.

Den italienske teiknestua heitte Studio Creaziones D’Ami, og der finner vi Hugo Pratt i perioden før han slo igjennom med Corto Maltese.

Pratt var berre ein av mange supertalent som kverna ut desse krigshistoriane, gøymd og gløymd i Fleetway sine arkiver heilt til forleggaren Rebellion tok over rettane, og bestemte seg for å bringe gamle seriar fram i ljoset att.

«Battle Stations» er ei enkel sjøkrigshistorie ført i pennen av Donne Avenell, ein høgt elska Fantomet-forfattar frå 1970 til 1990-talet, men òg ein veldig flittig forfattar for andre seriar. Det er ein enkel «morality tale» over 60 sider om korleis krig kan gjere monster av oss alle, men òg om kor viktig det er å sjå fienden som menneske. Ikkje veldig komplisert, men likevel framleis eigna til å engasjere.

Tre britiske sjømenn overlever eit skipbrudd etterfølgt av ei massakre, eit brot på krigens reglar, utført av eit tysk ubåtmannskap. Dei sverger hemn, reiser til sjøs att og kjem etter kvart nært på tyske sjømenn med dilemmaet: hemn eller medmenneskelegheit?

Det er Pratt sine teikningar som er det verkelege mesterstykket her, og grunnen til at historia vert henta fram att.  Så er det også namnet hans som står med størst bokstavar på omslaget. Stilen er gjenkjenneleg som den same han nytta i Corto Maltese og liknande, men her teikna for eit mindre format (trykkformatet her er dobbelt så stort som dei gamle krigshefta, og nesten like stort som formatet dei var teikna i) med store svarte flater og ein til tider grov, brutal strek.

Dette er den Hugo Pratt som mest naturleg framstår som midtpunktet mellom Milton Caniff og Frank Miller. Tjukke, saftige penselstrok, uttrykksfulle silhuettar, stader der teikningane vert nesten impresjonistiske, der ein ser svarte flater mot ljos utan konturlinjer.

Historia er meisterleg og dyktig fortalt i bilete, men framfor alt så er det Pratt sin brutale strek, klare teksturar og tunge svarte flater, som hevar dramaet til eit nytt nivå. Han kuttar rørsler og uttrykk ned til det essensielle, og gir nyanserte men lett identifiserbare reaksjonar.

Dette er ein grei serie på manusnivå, men ein fascinerande serie visuelt. Absolutt noko for Kamp-serienostalgikarar, men framfor alt Pratt-fans.


[War Picture Library] Battle Stations
Skrive av Donne Avenell, teikna av Hugo Pratt
Forord av Ben Smith
68 Sider
GBP 14.99 (norsk importpris 199 kr.)
Rebellion

1 tanke om “Alle mann til kanonane!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *