Huset med det rare i, A til Å

Mari Kanstad Johnsen bruker sitt særmerkte uttrykk til å oppdatere ABC-boka.

Reint kunstnarisk var Mari Kanstad Johnsen den mest interessante av bidragsytarane til Gyldendals «ordfrie bøker» i fjor. Med den poetiske og underfundige «Jeg Rømmer» framsto ho som ein sjelfull illustratør i grenselandet mellom teikneserie og bildebok.

Hennar nyaste bok frå Gyldendal heiter ganske enkelt «ABC», og oppheld seg i det same grenselandet. Den består nesten berre av heilsider eller dobbeltsider, men er konstruert som ein teikneserie. Ettersom boka er for førskulebarn, er plottet enkelt: Vesle Anna og (den eigentleg litt androgyne) mormora hennar må finne ut kven av bebuarane i ei blokk som har mista ein ring. Kvar leilegheit representerer sjølvsagt ein bokstav.

Johnsen slår seg laus med fantasifulle motiv og figurar for kvar bokstav. Ettersom som boka også er pedagogisk, blir det mykje peikeboklesing, der barna må prøve å setje namn på ein heil masse ting som begynner på same bokstaven. Men den er meir enn som så; boka har bokstavrim og gags, og inkluderer også relevante ord frå andre ordklassar enn substantiv. Stundom utfordrar den også dei små med litt meir avanserte ord som «origami» og «Picasso», sjølv om det aller meste er på førskulenivå. Og nokre gonger leiker Johnsen seg med allitterasjonar på ein verkelg kreativ og artig måte, som i leilegheit «L»:

Som illustratør har Mari Kanstad Johnsen ein særmerkt stil, med mykje vassfargar og klare kontrastar  – både mellom breie penslar og tynne, sirlige linjer, og mellom sterke fargar og minimalistiske kvite bakgrunnar. Formatet i denne boka eigner seg særskilt til å la illustratøren utfolde seg med breie penselstrok, som gjer boka endå meir kontrastrik. Stilen er lite kommersiell, men lett å gripe, fengande og umedelbart tiltalande.

Måten boka ender på er i seg sjølv ganske kreativ, og set krona på verket i eit både visuelt og verbal solid bildebok. Frå ein vaksen sitt perspektiv kunne kanskje forfattaren/illustratøren slått seg endå meir laus med motiver og ordleiker, men Johnsen har funne ein god balanse mellom moderne og tradisjonell formidling av pedagogisk underhaldning for barn.

ABC
Av Mari Kanstad Johnsen
ISBN 9788205493094
96 sider
299 kr.
Gyldendal

Les også:
Mellom fugl og fisk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *