I byrjinga var antologien

I byrjinga var antologien

Blokk Forlag sin første publikasjon frå redaktørteamet Anja Dahle Øverbye og Ingrid brubaker, Byrjing, er ein antologi samansett av bidrag frå ymse norske og nordiske illustratørar som har hatt stor kunstnarisk fridom.

Dermed er det straks fristande å samanlikne med Byrjing med Forresten-serien, som har levert flest antologiar av dette slaget for den norske marknaden. Ein skilnad er at Byrjing verkar litt meir gjennomført. Historiene er jamt over lengre, og sjølv om det er stor variasjon i teiknestilen, verkar den meir rufsete, skisseprega blyantstreken dominerande. «Doktor» av Kai Nødland, «Dyr» av Line Lisberg Refstrup, «Åtte Scener» av Ina Marie Winther Åshaug, og «Fallet» av Marianne Engedal, ser ut til å passe i denne kategorien. Alle desse har litt likskap med Anja Dahle Øverbye, utan at ein skal gjere for mykje ut av dette. Alle fire har også klare, personlege trekk i teiknestilen.

Den andre, og meir konkrete skilnaden er at denne antologien har eit tema, nemleg, vel, nettopp byrjing. Rett nok er dette ikkje berre eit breitt tema, men dei fleste serieskaparane har tolka det så fritt som mogeleg, så det ofte er vanskeleg å sjå kor det med «byrjing» kjem inn i biletet. Derimot er det eit visst grunnlag for å hevde at ny byrjing er eit tema. Både Jenny Jordahl og Anders Kvammen kjem inn på dette. Det same gjer finske Mari Ahokoivu med monsterkomedien «Daddy’s Gone (Let’s Party)». Figurane og ikkje minst situasjonane deira har sjarm, noko som i stor grad bærer dei ofte litt antiklimatiske historiane.

Når den gamle vampyren er stedt til kvile, er ikkje dottera hans interessert i å halde fram den gamle konflikten med landsbymobben. Frå Mari Ahokoivus «Daddy’s Gone»

Men Martin Ernstsen har truleg det mest interessante bidraget i antologien: «Noget Småtteri» er ei teikneserienovelle om Knut Hamsuns alderdom, basert på boka «På Gjengrodde Stier», med Hamsun sjølv karikert som ein truskuldig og vennleg, men einsam mikrogubbe. Umedelbart verkar det som ein historie om slutt, mykje meir enn byrjing, men ein slags «ny byrjing»-atmosfære er det over denne også.

Den aldrande Hamsun i Martin Ernstsens tolking.

Andre bidrag er elles meir tvitydige. Både Nødland, Refstrup og Winther uttrykker seg helst gjennom tause og intense, nokon gonger surrealistiske bilete. Skjønt det bidraget som er mest opent og lettfatteleg, «No Ser Eg Atter» av Kjersti Johanne Barli, har også eit av dei mest surrealistiske bildespråka. Bidraget som skil seg mest ut er Kay Arne Kirkebøs «Åtte Scener», ein serie arkitektoniske studiar i same stil som Tim Ng Tvedt. Men eg lurer på om norske teikneseriekultur har plass til meir enn teiknar med eit så særmerkt uttrykk.

«No Ser Eg Atter» av Kjersti Johanne Barli

Byrjing skil seg forresten også ut frå tilsvarande teikneserieantologiar ved at den har eit prosabidrag, «Spettet» av Victoria Kielland (ein forfattar som for så vidt er tilknytta seriemiljøet i Oslo frå før, ved at debutromanen hennar kom ut på No Comprendo Press) – Eit enkelt grep som gir ein litt annleis innfallsport og ei slags ramme.

Antologien er elles verdt å merke seg fordi den inneheld fleire bidrag av illustratørar som ikkje har laga teikneseriar før – Og som dermed er med på å rettferdiggjere tittelen. Debutantane Nødland, Engedal, Åshaug og Barli verkar som dei har funne sine ulike formspråk innan teikneseriemediet allereie. Siste teikneseriedebutanten, Sunniva Sunde Krogseth med «Vinter, vinter, vår» kan sjå ut som ho framleis jobbar med formspråket, ei blanding av breie penslar og lyrikk, men ho jobbar seg fram mot noko som etter kvart kan bli spennande og særmerkt.

«Vinter, vinter, vår» av Sunniva Sunde Krogseth

Endeleg kan ein jo sjå på tittelen Byrjing som ei byrjing for Blokk Forlag sjølv. Ein antologi er eit greitt og passeleg ambisiøst format å byrje med, men det er også utfordrande fordi det er vanskeleg å få eit jamt resultat. Byrjing er ikkje heilt på det jamne den heller, men ein viktigare prestasjon for forleggarduoen Brubaker og Øverbye trur eg det var å presentere nye uttrykk, både frå vante serieskaparar ( i alle fall Ernstsen og Jordahl har kome opp med noko som for så vidt er nytt og originalt for dei) og frå teikneseriedebutantar innad i kunstnar-og illustratørmiljøet.

Byrjing
Av diverse (sjå detaljar i teksten)
ISBN 9788293583004
130 sider
220 kr.
Blokk Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *