Idas hankjønnshelt

Ida Neverdahl formidlar sprellets filosofi gjennom stadig fleire kanalar med. I desse dagar kjem hennar første bok på Det Norske Samlaget, Jojo.

Langt fleire norske serieskaparar enn berre Håkon Aasnes har vore innom Norsk Barneblad i åras løp. Jojo av Ida Eva Neverdahl debuterte i NB tidleg i 2016, og hadde ikkje vore med i meir enn eit år før det blei ymta ønske frå Samlaget om å samle serien i bokform.

Serien har mykje til felles med Gelé og Puma, i at den handlar om fantastiske og absurde ting som skjer i eit tilsynelatande kvardagsleg miljø. Likevel hadde det vore for enkelt å seie at Jojo er Lulu (frå Gelé) sitt mannlege motstykke. Han sjølv har nok føtene planta langt meir solid på jorda enn Lulu. Stort sett er han ein heilt vanleg gutt som går på skulen og prøver å få tid til leik og venner. Og eigentleg liknar verda hans også meir på vår eiga, trass i alle fantastiske ting som kan hende. Ettersom dette er ein barneserie, er den heller ikkje så eksplisitt grotesk som Gelé kan vere, og sexantydingar er den i alle fall blotta for. Jojo twerkar ikkje, for å seie det sånn.

Ein ny dag, ein ny fantasiskapning i Jojo sitt liv

Som for å understreke den litt meir jordnære tilnærminga inneheld boka ei ny rammehistorie som forklarer kvifor Jojo kjem ut for så mykje rart. Eg er ikkje sikker på om Idas absurditetar treng å setjast i ein kontekst; vanlegvis fungerer det heilt fint at dei berre er. Men eg forstår ønsket om å ha ei slags raud tråd, særleg i ei bok som vender seg til barn, og som ikkje føreset at lesaren er kjent med Idas spesielle stil frå før av.

Resten av boka er ei samling av korte historiar frå Norsk Barneblad. Den er ikkje komplett, og det er vanskeleg å peike på noko særskilt tema. Meininga har nok berre vore å lage ei lettelest og attraktiv barnebok. Og attraktiv er den, med ei fargesterk og søt forside (der logoen for sikkerheits skuld har glitter) og eit hendig format.

Ikkje alle situasjonar i serien treng å vere overnaturlege. I eit avsnitt får vi sjå kor galt det kan gå når læraren hans prøver på eit sosialt eksperiment i klassen.

Ida Eva Neverdahl (som signerer denne serien med fullt namn) har ein stil som er så karakteristisk, både i tekst og teikning, at den er nærast umogeleg å etterlikne. Ho er ikkje alltid så nøye med å levere ein punchline, og når ho gjer det, er den ofte litt antiklimatisk. Mange av historiane verkar som dei er laga etter innfallsmetoden. Å hamre inn eit poeng er ikkje alltid det viktigaste, ho er gjerne meir oppteke av (og dyktig til) å trekke fram det underfundige og overraskande i ein situasjon, og å formidle ei bestemt stemning.  Eksempel på dette finst det mange av i Jojo, og stemninga og tonefallet verkar alltid heilt riktig, sjølv om tema sprikar mykje. Denne leiken med forteljarkonvensjonar er med på å gjere henne til ein av Norges mest originale og spanande serieskaparar.

Jojo
Av Ida Eva Neverdahl
48 sider
199 kr (veil.)
Det Norske Samlaget

Les også:
From L.A. with love
Serieformidling i 111 år

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *