Hortikulturell fantasy

I sin nye barnebokserie har Ben Hatke forlate verdsrommet og kome seg ned på jorda igjen, i mest mogeleg bokstaveleg forstand.

Etter å ha fullført omsetjinga av den populær trilogien om Zita, den vesle jenta som blei romheltinne, held Fontini forlag fram med den amerikanske serieskaparen Ben Hatkes neste barnebokhelt – Jack.

At Jack faktisk møter Zita i nyaste bok (ikkje ute på norsk ennå) freista nok også forlaget til å satse på guttungen. Håper Hatke å få seld film- og tv-rettane til eit felles cinematisk Jack/Zita-univers? Alt er mogeleg i dagens medieverkelegheit. Men første boka står støtt på eigne bein, i ein meir ubestemmeleg fantasy/scifi-subsjanger enn Zitas space-opera.  

Utgangspunktet er faktisk ganske originalt, sjølv om inspirasjonen kjem frå noko så tradisjonelt som eventyret om Jack og bønnestengelen. Og Hatke prøver å halde det i ei realistisk og sosialt bevisst ramme så lenge han kan. Jack bur saman med mora og systera i forstaden, men livet er ikkje så lett. Mora arbeider dobbelt for å forsørge familien, og faren har forsvunne for lengst. Systera Hedda snakkar aldri, og har truleg ein eller annan form for autisme. Nettopp dette er ei viktig katalysator for handlinga; utan å røpe for mykje så ender Jack opp med å kjøpe nokre «magiske» frø i ein openberr allusjon til det kjente eventyret. Dagen etter at Jack og Hedda har planta frøa i hagen, begynner mystiske ting å skje.

Og nei, det er ikkje ein bønnestengel, eg sa jo at det var litt meir originalt. Ein kan kanskje kalle det for ein hortikulturell fantasy. Hagen er sjølve monstret. Hovudsaka er at det er eit narrativt utgangspunkt som spelar på Hatkes styrker som historieforteljar. Den rufsete streken hans høyrer mykje meir naturleg heime i jordiske og landlege omgjevnader, sjølv når dei er av det meir fantasifulle slaget, enn i eit romfartslandskap.  Miljøet krev også mindre forklaring enn i ein space-opera, og mindre dialog er dermed nødvendig. Hatke er ein serieskapar som trivst best med berre å vise kva som skjer. Gjennom kroppsspråk, ansiktsuttrykk og figuranes direkte samhandling med omgjevnadene, understøtta av mindre dialogbitar, driv han handlinga framover.  

Boka er elles forfriskande på den måten av ein gutt er helten. Eg veit at det finst nok av døme på det motsette viss ein berre leiter, men eg føler at tøffe/modige/smarte jenter er blitt dei mest profilerte barnebokheltane i seinare tid, mens guttar typisk har hovudrollene i dei meir komiske bøkene. Også denne boka har ei tøff og hardtslåande jente, og eit veldig arketypisk døme på karaktertypen attpåtil, nabojenta Frida. Mot slutten av boka får ho rett nok litt meir personlegdom, men ho er ein «Mary Sue» gjennom det meste av handlinga. Den autistiske Hedda er i så måte eit meir meiningsfylt døme på «representasjon». På gunn av hennar natur er ho også ein skikkelse som passar betre til Hatkes overvegande visuelle forteljarmåte enn Frida, som krev dialogdrive eksposisjon for å bli interessant.

Apropos det så er siste akta kanskje litt vel kalkulert. Spenning er det heile vegen, men ein merker at mot slutten av boka får Hatke, som til då hadde heldt eit bedageleg tempo, det brått travelt med å nøste opp trådane som og gjere ein cliffhanger klar til neste bind. Og ein dårleg cliffhanger er det ikkje, men lesaren bør ikkje sitte igjen med ei kjensle av at alt berre var oppvarming. For «Jack i Jungelen» har meir substans enn som så. Jacks vesle verd engasjerer meir enn Zitas store univers.


Jack i Jungelen
Av Ben Hatke
Omsett av Kristian Baardsen
206 sider
249 kr. (veil.)
Fontini Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *