Julehefter 2017: Barn og familie

Julehefter 2017: Barn og familie

Serienett avsluttar gjennomgangen av årets hefter med nokre hefter for dei minste, og nokre for heile familien.   

Flåklypa (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90

Det er nesten så det er blitt ein vane; Flåklypas Julehefte av Haakon W. Isachsen og Thierry Cappezone er årets beste jolehefte.

Ein av dei få foredraga eg fekk med meg på Raptus i november var presentasjonen av dette heftet, der dei to + redaktør Dag Kolstad fortalte om prosessen. La det vere sagt med ein gong: la Raptus invitere til manuskurs neste år, med Haakon som leiar og inspirator!

Flåklypas Jul har vore det mest researcha og underbygde serieuniverset i moderne tid, og arbeidet dei tre gjer i prosessen er formidabelt. Å lese eit Flåklypa julehefte er ei solid oppleving; her fins hovud- og sideplott som putlar og koker parallelt og viser at dette er planlagt som den beste kriminalroman. Gunnar Staalesen ånd svevar over Flåklypa, der Solan som ein liten, svartmuska Varg Veum lurer seg rundt som mysteriepirkar (etter sjølvsagt, som Veum, å ha vakna opp etter ei solid fyllekule).

Eit anna Flåklypa-element som skal vere med er ei superkul og hyperekstrem Felgen-oppfinning. Denne gong er det ein bergsonar, og dette inngår i plottrekka. Her har vi altså hovudplottet (nifse tyskarar og bergprosjektet), kjøttmysteriet, original/kopimysteriet av kjende målarar (med innslag av ein lettare forvirra Steffen Kverneland), leigearbeidartråden o.s.v.

Etter å ha lest 10 sider (1/3 av heftet) er alle trådane presentert, og så er det berre å snurre problema og knyte det heile saman. Eg var altså så heldig å vere vitne til Isachsens innlegg om korleis eit slikt manuskript er strukturert, så med det i ferskt minne er det interessant å sjå koss alle elementa sit saman.

Korleis er teikningane, då? Thierry Cappezone er ein super arvtakar i ei spektakulær rekke av gode illustratørar. Alle har sine styrker, og TC bringer med seg sin styrke frå fransk/belgisk tradisjon. Streken i karakterane er etter mi meining noko laus, samanlikna med Aukrust og Samuelsens nitide detaljar. Dette kan ha så mange grunnar, tidspress er eit element som spelar inn, men ledig og sprelsk er streken, uansett. Ein annan sak som TC har spesielt konsentrert seg om, er å ta vare på detaljar og geografi (intern og ekstern) i Flåklypa-universet. Dette er fagleg fundert, der plassering av matbord, skatoll og kister er henta rett ut av (potensielle) doktoravhandlingar om Reodor Felgen si stove.

Historia er artig, som alle Flåklypahefte til no, og underplotta, som av og til har truga med å øydeleggje leseopplevinga (too much of a good thing, baby) sit denne gong betre. Min makker May seier det slik: «Flåklypa er som ei god roman, det er kjekt å vende attende og lese ting oppatt og sjå tinga på ein ny måte».  Slik sett er heftet ein god investering, og i ei rettferdig verd burde Flåklypas Jul kosta det doble, i staden for humorhefte som du les på ti minutt – og som kostar det same.

Oppsummering: «Otomordentlig anbefalat, som förr».

(Arild Wærness)

 

Tom og Jerry (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90

Historiene er berre ei nødvendig ramme, og slapsticken er det ein leser dette juleheftet for – akkurat som i dei klassiske teiknefilmane. I «Julemiddagen» (som er litt meir enn halve heftet) skal Tom, Jerry og Tuffy tilfeldigvis på juledate i det same huset. Ymse små triggarar fører til at dei ender med å slåss seg gjennom mesteparten av historia, før den ender godt til slutt – Som seg hør og bør i ei juleforteljing. Julas positivitet sigrar over Tom og Jerrys fiendeskap. «Kunstløpkonkurransen» har ein tittel som seier det meste. Tom, Jerry og Tuffy vil konkurrere i ein skeisekonkurranse, og alt som kan gå galt og morosamt når Tom og Jerry er på isen, gjer det. Ganske  Enkle historier sjølv for Tom & Jerry-nivå, men som kjent er det den visuelle humoren som er teiknar/forfattar Oscar Martin sin styrke.

(Trond Sätre)

 

Sølvpilen (Bladkompaniet)
56 sider
Kr. 59,90

Som eg tidlegare har vore inne på kan det ikkje vere så lett å skrive forord for dei same hefta år etter år; det blir mykje gjentakingar av den same historieleksa om teikneseriens opphav. Men Dag Lønsjøs korte, men detaljerte oppsummering av Sølvpilen sin historie i forordet (komplett med Arne Hjeltnes’ dikt til Månestråle) er fascinerande lesing (visste du at Falk er ein finsk innvandrar i den finske omsetjinga av serien?).  Strengt tatt er den meir interessant enn sjølve seriane.  For sjølv om historiene kan vere ambisiøse, er dei også svakt plotta med raske, lettvinte konfliktløysingar og ujamne teikningar.

Men det dei manglar i utføring prøver dei å kompenserer for med idear og personskildringar. Alle historiene er opptrykk frå Sølvpilen Sommerspesial 1973-1974, og i kvar historie finn vi Sølvpilen og Falk i eit nytt miljø, kvar gong i kamp mot skikkelig onde indianar eller skikkeleg onde kvite.  Månestråle har lite å gjere på (faktisk ser vi meir til Tinka), men til gjengjeld møter vil til og med ei tøff og handlekraftig sioux-jente i den første historia. Stort sett berre for nostalgikarar, men det var artig å få eit nytt innblikk i Sølvpilen.

(Trond Sätre)

 

Frost (Egmont)
52 sider
Kr. 59,90

Fleire sider enn i dei fleste av Egmont sine julehefter, skjønt det er ikkje sidetalet ein kjøper dette hefteT for, men dei vakre fargane, og dei pene, glatte teikningane. Italienske Disney-teiknarane står bak dette heftet, og dei veit korleis dei skal appellere til Frost-universet sitt kjernepublikum av småjenter som alltid vil ha det som skin mest.

I år handlar alle historiene om filmens mannlege hovudperson og ikkje-prins, sameguten Kristoffer. Så ver førebudd på veldig mykje eventyr ute i snø og is. Og snømannen Olaf følgjer hakk i hær, for ein må visst alltid ha med Olaf, ser det ut som. I snitt er kvar episode litt lenger enn i fjorårets hefte, men alle saman er dei eigentleg veldig enkle og trivielle.

(Trond Sätre)

 

Truls og Trine – Trollvinter (Cappelen Damm)
36 sider
69 kr.

Det fabelaktige, nye Truls og Trine-heftet frå 2015 selde diverre nokre få hundre eksemplar for lite til å halde fram. Men Cappelen Damm var villige til å overta tittelen frå Egmont i 2016, rett nok under den føresetnaden at dei berre skulle trykke opp att «Truls og Trine Redder Julen» frå 1983 og legge til ei ny, kort bildeforteljing. Eg er inneforstått med det. Det eg har mindre forståing for, er at dei i årets hefte hoppar elegant julebukk over den beste av dei originale Truls og Trine-historiene, «Julemysteriet», og i staden trykker opp att «Trolljul» (som dei har omdøypt til «Trollvinter») frå 1985. Ikkje at den er direkte dårleg, men den er berre ei samling med korte episodar som heng svakt i saman. Eg vil heller sjå igjen den blå Sørpolsnissen som deler ut gåver på Lille Julaftan!

På den andre sida – I år, som i fjor, følgjer det også med ein heilt nye forteljing, «Snøplogmysteriet»,  av teamet Kolstad/Nordberg/Midthun; ikkje ein teikneserie, men rikt illustrert i Arild Midthuns klassiske strek og med praktfargar. Ein fryd å sjå på!

(Trond Sätre)

3 thoughts on “Julehefter 2017: Barn og familie

  1. Her gis det klar meldinger om hva som er beste serier.

    Hva med menigmann, som sørger for at juleheftene har høytid hvert eneste år, hva mener han/hun er de fem beste juleheftene i 2017?

    Her er det bare å komme med gamle og nye favoritter.
    Min foreløpige liste ser slik ut:

    ERNIE
    FIINBECK OG FIA
    FLÅKLYPA
    SMØRBUKK
    DONALD DUCK

  2. I Billy dobbeltnummer 25-26-2017 har bladet gitt plass til en fire siders glitrende og etterlengtet presentasjon av bakgrunnen for årets Flåklypa julehefte, fargerike bifigurer, Kjell Aukrusts univers og teamet bak serien. Sistnevnte er i denne sammenheng de talentfulle herrene Haakon W Isachsen, (gi den mannen en hederspris), Thierry Capezzone og Dag Kolstad. Men hvor startet egentlig den store interessen for Aukrusts figurer, Haakon?
    Så en aldri så liten korreks til den formidable tegneren Capezzone: Jeg var på Raptusfestivalen for et par år siden da Capezzone hadde en post med visning av smakebiter til det nye Flåklypa-heftet i 2015, og det viste seg at Thierry også mestret denne stilen med bravur. Men ikke med et ord nevnte han forfatteren bak de glimrende manusene. Og da jeg spurte spesielt om dette ble det bare uttalt at manuset kom fra et perifert sted i Egmont-systemet. Noe som rimer dårlig med et tett og fruktbart samarbeid mellom manusforfatter og tegner.

  3. PS De skarpøyde la nok merke til at navnet på tegneren av Flåklypa ble stavet annerledes i mitt innlegg kontra anmelderens. Det skyldes rett og slett at jeg forholdt meg til stavemåten i Billy-bladet, så får evt. redaktøren, forfatteren eller Mr. Thierry C himself avklare hva som er det korrekte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *