Julehefter 2017: Eldre Amerikana

Julehefter 2017: Eldre Amerikana

For mange blir det ikkje jul utan desse figurane, og slik har det gjerne vore i generasjonar. 

Men for ein anmeldar er dei ikkje det mest interessante å skrive om. Det blir mykje av det same år etter år, særleg ettersom fleire av desse hefta lett tyr til reprisar. Etter ti år har dei fleste lesarane gløymt, og kjenner ikkje reprisane igjen uansett. Eg vil tru at dette også blir eit problem for dei som kjem tilbake og skriv fororda år etter år – særleg Fredrik Wandrup, som har det som fast oppdrag for fleire av desse klassikarane. Men det er vel den tryggleiken det gir å føle at noko er konstant og uforanderleg.

Kapteinens Jul (Bladkompaniet)
36 sider
Kr. 59,90

Etter fjorårets handlingspakka sjøferdhistorie er vi tilbake på øya i årets hefte. Thierrry Capezzone har igjen reinteikna nokre gamle Dirks-gags, opphavleg frå mellomkrigstida ein gong i følgje Dag Lønsjø i forordet. Seriane er minst like hardbarka som Knerrs Knoll og Tott, og på ein god dag kan dei vere like kreative også, men gagsa er mykje meir ujamne. Dirks var, i motsetning til Knerr, ikkje så konsistent i evna si til å bygge opp eit poeng.

 

Knoll og Tott (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90
Årgang 1947

I mellomtida inneheld årets Knoll og Tott julehefte som vanleg striper frå ein sein Knerr-årgang. Dei fleste har eg sett før, men nokre er nye for meg. Det i seg sjølv er godt gjort Serien var utvilsamt svært morosam på 40-talet, men det har blitt litt mykje fokus på denne perioden. Knerr jobba lenger med serien, og eit utval med striper frå 20-talet, då Knoll og Tott reiste verda rundt, hadde vore ein spanande avveksling.

 

Fiinbeck og Fia (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90
Årgang 1950

Fiinbeck og Fia har mange aspekt ved seg som forklarer seriens haldbarheit. Art deco-stilen og veggbileta som ser ut til å leve sin eigne liv blir ofte nemnt. Wandrup trekker også fram desse i årets forord, men det må leggast til at ikkje berre bileta, men også heile serien lever sitt eige liv meir eller mindre uavhengig av kva sluttpoenget måtte bli. Dei tørrvittige kommentarane som dukkar opp over alt på sidelinja er gode eksempel på det. Attendevendande tema i årets hefte er elles Fias Trubadurix-syndrom (dvs. ho har ein grufull sangstemme, og ho er den einaste som ikkje innser det) og Fiinbecks stadige forsøk på å snike seg ned på Olsens bar for å henge samen med den gamle gjengen. Det første temaet er tynnslitt, men det andre viser seg gong på gong å ha evne til fornying. Med tanke på kor rigid seriens premiss er, er variasjonen framleis stor i McManus’ seinare år.

 

Snøfte Smith (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90
Årgang 1971/72

Snøfte Smith var ein av denne anmeldaren sine favorittar i barndommen. Kva appellen enn var så har den forsvunne nå, men årets hefte er samanlagt ein av dei beste på nokre år. Poenga er stort sett ganske føreseielege, men nokre av dei er likevel så livlege og underhaldande levert at det ikkje gjer så mykje. Årets striper gir oss også eit ganske nyansert bilde av Snøfte sjølv. Er han berre ein egoistisk hustyrann, eller eigentleg ein omtenksam far og ektemann inst inne, når det kjem til stykket?

 

Blondie (Egmont)
36 sider
Kr. 59,90
Årgang 1949

I motsetning til dei fleste julehefta i denne kategorien er det ofte nyare søndagssider som er brukt. I år er vi tilbake til det som blir rekna som den klassiske perioden. I denne serien, og denne epoken, er oppbygging alfa og omega. Fleire av poenga er ikkje godt nok bygd opp, og blir difor litt svake. Men på sitt beste har Blondie ein utruleg nøye kalkulert struktur som leier opp mot eit hysterisk morosamt klimaks. Pluss for eit godt forord av Cappelen Damms Anne Fløtaker, som reflekterer over kvifor vi liker konfliktar i underhaldning.

 

NB: For andre år på rad kjem Skipper’n – som vanlegvis ville høyrt heime denne kategorien – ut som uoffisielt julehefte. Det vil ikkje bli omtalt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *