Julehefter 2018 – Assortert Humor

Julehefter 2018 – Assortert Humor

I kategorien for «øvrig humor» er det sjølvsagt ein nyheit som skil seg ut, også viss ein ser julehefteutvalet under eitt.

DONALDs Glade Jul
Av diverse
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Ikkje berre Donald, men DONALD!

Nykommaren i år er eit artig tilskot til joleheftetradisjonen. ‘DONALDs Glade Jul’ er ei samling vitsar, FAKE reklame og teikneserier frå forskjellige serieskaparar. Det er ei så bisarr samling at det berre må bli bra, spesielt ettersom hovudpersonen er så universelt (i alle høve i vårt land) mislikt at ein kan ta seg slik til rette på hans rekning. Han gjer i alle høve blank pokker i kva serieskaparar, forlag og lesarar meiner…

Heftet er såpass på kanten at det fleire gonger bikkar over i råheit; garantert ikkje noko ein kunne fått kjøpt på Walmart i USA. Vitsane er basert på det vi kjenner frå presidentens liv og lagnad, kan hende vert det litt for mange gjentakingar av dei same tema, noko som er nokså naturleg. Heftet teiknar ikkje noko positivt bilete av den sitjande presidenten, og det kunne ein heller ikkje forvente. Mange norske serieskaparar har fått boltre seg her, der opningssekvensen ‘Jul i Det Hvite Hus’ av Øyvind Sagåsen kanskje tar kaka. I tillegg får vi presentert stoff frå eit knippe utanlandske bidrag, frå danskamerikanske Henrik Kim Rehr, svenske Malin Biller og Johan Wanloo, og amerikanske Dan Piraro. Alle serieskaparane kjem godt ifrå jobben, og ein sit til slutt att med inntrykket av ein ubehageleg og smågal ‘keisar’ i Det Kvite Hus.

(Arild Wærness)

 

Rutetid og Gjengen
Av Frode Øverli + diverse
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Dagane er talte for bladet Rutetid i og med Frode Øverlis overgang til Strand Forlag, og dermed sikkert også for ein kjærkommen ekstrainntekt for mange serieskaparar – Sjølv om du ikkje skal sjå bort frå at nokon av dei får sjansen til å prøve seg på noko nytt for å møte konkurransen i tida framover. Det er spennande tider for bransjen. Ikkje desto mindre averterer årets julehefte med abonnement på Rutetid. Er det koketteri, eller kom overgangen som juleferien på kjerringa i redaksjonen?

Uansett, årets tema i Rutetid julehefte er Julenissen. Gosh, så originalt, tenker du kanskje, men eg kan faktisk ikkje hugse at det har vore eit spesifikt tema før. Dei ulike teiknarane går laus på oppgåva med svært ulik grad av inspirasjon og kreativitet. Marius Henriksen må i alle fall ha hatt mistanke om at Pyton brukte opp «kinky Julenisse»-vitsane alt tidleg på 90-talet. Den beste kinky nisse-vitsen er det elles Øyvind Sagåsen som står for. Han og dei andre vitseteiknarane som vanlegvis er best – Nils Axle Kanten og Anders Pedersen – er best også i juleheftet. Pedersen fekk forresten med ein Trump-vits, endå Egmont som sagt har eit heilt eiga hefte til den slags i år, men akkurat denne er såpass smart at me må la den passere.  Frode sjølv, som ikkje er bunde av tema på den måten, greier seg som vanleg best. Og også han har ein ganske smart Nissevits på lur.

(Trond Sätre)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

WP Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com