Julehefter 2018 – Barn og Familie

Julehefter 2018 – Barn og Familie

Det er ikkje innan denne kategorien det dukkar opp mest nytt og interessant materiale, men i år er det i alle fall ein hyggeleg og juleglad overrasking.

 

Asterix & Obelix: God Tur!
Omredigerte seriar av René Goscinny og Albert Uderzo
Egmont/52 sider/kr. 59,90

Etter at fjorårets nye album «Italia Rundt På Tvers» blei seld inn som Asterix-julehefte for 2017, fordi det kom høveleg til rett sesong, er vi nå attende til praksisen med å gi ut kollasjealbum som julehefte. For dei som ikkje var informert om dette før: Desse albuma er franske bonuspublikasjonar der klipp frå Asterix-album er sett saman rundt eit tema. Årets tema er reiser, som jo Asterix og Obelix har føretatt mange av. Dette er sjølvsagt å koke suppe på spiker, og den einaste verdien som juleheftet har, er at den inspirerer til å lese nokre av dei gode, gamle albuma om igjen.

Dessverre er den mest interessante delen av album, eit kart over Asterix’ reiser, brukt som ein inneperm, og delt i to.

(Trond Sätre)

 

Tom og Jerry
Av Oscar Martin
Egmont / 36 sider/ kr 59,90

Oscar Martin i storform med julenissehistorie der Tom som vakt i eit stormagasin ved må handskast skøyerstrekane til Jerry og Tuffy. Fulgt av ei historie der Tom og Jerry prøver å gjere noko med Tuffy sin mangel på sjølvtillit og ein skitur med forviklingar.

Martin sin Tom og Jerry er som vanleg fartsfylt, med godt konstruerte gags og flotte teikningar. Ikkje av dei djupe julehistoriane, men godt for humøret. Oscar Martin er òg kjend for meir ambisiøse prosjekt som «Solo» med meir forseggjorte teikningar, men han kjem likevel til desse lisensseriane med heilhjerta inspirasjon.

Like morosam som Tom og Jerry kortfilmane på sitt beste.

(Knut Robert Knutsen)

 

Mummitrollene
Av diverse
Egmont/84 sider/129 kr.

Mummitrollets julehefte har utkome i periodar sidan 1993 (lengste samanhengande perioden var 1993-2003). Mitt spørsmål, når det brått dukkar opp eit nytt slik hefte for første gongen sidan 2011, er difor ikkje «kvifor?», men snarare «kvifor nå?» Min beste gissing er at keramikkselskapet Arabia sponsa utgjevnaden for å få ut ein informercial-artikkel om Mummi-krusa (kanskje den mest populære merchandiseartikkelen basert på Tove Jansson sine figurar). Og fordi det skulle vere plass til både ein rikt illustrert informercial på åtte sider (pluss ein biografisk artikkel om Tove Jansson sjølv), og nok til barna, er heftet på 80 sider. Mesteparten av heftet består elles av teikneseriar og pusleoppgåver (ofte kombinasjonar av dei to) berekna på små barn. Seriane er greie nok dersom du er innforstått med at dei som sagt er for dei minste (sjølv Mummitroll-seriane frå 90-talet er sofistikert historieforteljing i samanlikning), men det er ei snodig blanding, og ein overdose.

(Trond Sätre)

 

Fjøsnissens Jul
Av Terje Nordberg, Dag E. Kolstad og Arild Midthun
Bestselgerforlaget/84 sider/kr. 129,90

Eit av dei vakraste julehefta i år er eit av dei dyraste, men verd kvar krone. Arild Midthun, Terje Nordberg og Dag Kolstad har sett saman ein potpurri av gammalt og nytt i lekker innbinding i albumformat. Hovudinnslaget er eit opptrykk av ‘Truls og Trine: Julemysteriet’ frå 1984. Denne historia er velkjend for eldre lesarar men toler godt å bli presentert på nytt, dei over 30 år gamle hefta er rimeleg sllitne no. I tillegg er ikkje ‘Julemysteriet’ opptrykt før, slik dei andre to andre hefta frå 80-talet er.

Boka på 80 sider inneheld også 4 illustrerte noveller, alle med sjølvaste Fjøsnissen (frå Truls og Trine) som hovudperson, samt ein heilt ny serie ‘Da fjøsnissen fikk hekseskudd’ og fleire fargerike sekvensar illustrert av medforfattaren Terje Nordberg. Men elles er alt illustrert av penselgeniet Arild Midthun. I boka er gjensynet med den unge Midthun verkeleg sjarmerande, og vi kan direkte samanlikne dei sidene med den 35 år eldre meisterteiknaren av 2018.

Kanskje årets aller beste jolehefte, det har alt ein kan ynskje seg av tekst og teikning. Bravo!

(Arild Wærness)

One thought on “Julehefter 2018 – Barn og Familie

  1. Angående Mummitroll julehefte: Det kommer en ny Mummitroll tegnefilmserie på nyåret. Den er i ferd med å dubbes til flere språk, sannsynligvis også norsk. Vil tippe juleheftet skal være med å øke interessen for denne tegnefilmserien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

WP Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com