Julehefter 2018- Disneys Ender

Julehefter 2018- Disneys Ender

Donald får ei uventa heit jul på Svalbard, mens redaksjonen i Egmont held fram med å grave etter ubrukte raritetar og Barks-historiar der det i alle fall er snø, i årets julehefteutval frå Disney.

 

Donald julealbum
Av Arild Midthun
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Etter å ha jobba med andre sine idear i årevis ville Arild Midthun skrive manus sjølv for ein gongs skuld. Han gjer ein overtydande debut med juleheftet «Smeltepunkt Svalbard». Donald og nevøane reiser til Svalbard med Petter Smart, i utgangspunktet berre for å levere frø til det globale kvelvet. Men Julenissen sin verkstad er like i nærleiken, og han treng hjelp: Jula er truga (som den ofte er i slike historier), denne gongen av ein skurk som smeltar hol i polisen. Det er sjølvsagt ei trivialisering og fantasigjering av temaet global oppvarming, men sett i isolasjon fungerer plottet ypperleg. Midthun har jobba med andre forfattarar i fleire tiår, men på eiga hand har han nå ei like god forståing av komisk og dramatisk timing i alle ledd av historieforteljinga, og han fell naturleg inn i rolla som auteur.

Reint bortsett frå at han lar historia stoppe litt for brått. M.a. er det ei større intrige innbakt i plottet (moglegvis med ei bestemt politisk metafor), som vi aldri kjem tilbake til. «Smeltepunkt Svalbard» manglar eit etterspel. Som erstatning får vi ei lita «krimgåte»  (som pussing nok vidarefører den politiske metaforen) og avslutningsvis ei triveleg liten historie om moderne teknologi og juleførebuing. Alt saman med Petter Smart i ei hovudrolle, så Midthun ønska vel å la han få komme til heider og verdigheit denne jula.

(Trond Sätre)

 

Donald Duck  – God Gammel Årgang
Av Al Taliaferro
Egmont / 36 sider/ kr 59,90

Denne samlinga av Taliaferro sine klassiske Donald Duck sundagsstriper er morosam, om enn kraftig prega av settinga i amerikansk 1940- og 50-tal. Mykje av samanhengen er vel litt utanfor rekkevidde, men mange gags fungerer likevel.

Som alltid eit hefte som er kompakt og tek litt tid å lese, grei tidtrøyte for litt eldre Donald-lesarar.

(Knut Robert Knutsen)

 

 

 

Donald Duck & Co + Walt Disneys Julehefte
Av diverse
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Eg omtaler desse to hefta i same teksten fordi dei har ganske mykje til felles. Begge pleier å innehalde sjeldsynte kuriositetar, og begge ser i stadig større grad ut til å henvende seg til eit vakse publikum av nostalgiske Donald-fans som har lese alt anna før.

Den viktigaste skilnaden er at WD Julehefte pleier å innehalde ein av julekalenderseriane som Disney laga til desemberavisene i mange år. Og i år har dei funne fram til ein liten sjeldanheit full av historisk kontekst: «En Heisvingende Jul», som er inspirert av filmen «Song of the South» (1946). Det var i denne filmen at Langøre først dukka opp, men både eventyrforteljaren hans, eks-negerslaven Onkel Remus, og sjølve filmen har forsvunne ut i gløymselen fordi Disney-konsernet frykta at figuren kunne oppfattast som rasistisk. Forfattar og animatør Floyd Norman, som er svart sjølv, syntest dette var for negativt, og skreiv Onkel Remus inn i ein ny Langøre-forteljing. Historias moral er elles ganske pussig: Ikkje klag viss det ikkje ser ut til å bli snø til jul, for det blir det uansett.

Berre så det er sagt, Klodrik er IKKJE kannibal. Han liker berre å drepe ender for moro skuld…

Den andre lange forteljinga i heftet, «Heksas Hevn», er ein nederlandsk julehistorie med, av alle, heksa som hata juletrær frå Barks’ «Du Gylne Glitrende Tre». Intrigen inkluderer ei sopelime som forsvinn i Skrues juletreskog, sabotasje av alle vokslysa i Andeby, og det magiske lyset til gnomane (korfor blei det ikkje omsett til «nissane»?). Ein interessant detalj er at heksa i utgangspunktet ikkje ville øydelegge jula denne gongen; ho var berre værsjuk, og ville tilbringe jula i Syden.

Kuriosa-verdien er større enn vanleg i årets WD Julehefte, men begge historiane er faktisk litt keisame, og ikkje særskilt velskrive. Seriane i Donald Duck & Co julehefte har i alle fall større underhaldningsverdi, og absolutt meir driv. Ein Vicar-historie om Duck-familiens kamp mot Magica Fra Tryll på julaftan har både kos og mykje action. «Penger i posten», ein gamal Mikke Mus-historie av Bill Wright, er overdrive komplisert og mykje av historia verkar å vere laga på innfall, men det er eit slags system i galskapen. Og til slutt så fantes det visst endå ein tidlegare uutgitt (på norsk) Klodrik-klassikar av Kinney og Hubbard, nemlig «Andejegeren». Korfor denne ikkje har kome ut på norsk før, framgår av tittelen: Klodrik, ei «sivilisert» and, jaktar på «ville» ender. Donald-redaktørane syntest det var i overkant forvirrande (eller groteskt). Men det er ein fiks ide som Klodrik har fått, og då tek han den heilt ut, som vanleg, med særs fornøyeleg resultat.

(Trond Sätre)

 

Carl Barks’ Jul
Av Carl Barks (med fleire)
Egmont / 36 sider/ kr 59,90

I år er Barks-heftet ei samling av kortare historier, tre stykk 10-sidere med Donald og nevøane, og to einsidarar med Onkel Skrue.  Morosame og bittersøte, med «Den tapre Stasjonsmesteren» som den beste av dei.  «Postmannen» og «Flygende riddere» er òg fulle av spenning og melankoli. Eit hefte som det går an å kose seg med.

Det er spesielt den bitre, melankolske ettersmaken i Barks sine julehistorier, der alt ikkje er berre sukkerspinn og juletre, som gjer Barks sine julehistorier til slike «eviggrønne» gleder.  Vi veit alle at jula ikkje berre er kos, for enkelte så er det den tyngste tida og i ei stor grad så er jula òg den høgtida vi alle set av til å minnast dei som vi har mista.

Carl Barks’ Jul er eit av særs få julehefter som klarar å bevare den viktige balansegangen. Difor, om det ikkje er på toppen av akkurat din juleheftebunke, så er det eit hefte som burde vere i ALLE juleheftebunker.

(Knut Robert Knutsen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *