Julehefter 2018 – Norske Eventyrarar

Julehefter 2018 – Norske Eventyrarar

Fråveret av «Stomperud På Eventyr» er trist å konstatere i årets julehefteflora. Men nokre spennande opplevingar er det likevel blitt plass til blant årets norske julehefter.

 

Krüger og Krogh
Av Kabicek, Agdestein og Skandfer
Egmont/ 68 sider/ 99 kr.

Det aller første julealbumet til Krüger og Krogh er album nr 1, “Brennpunkt Oslo” i ny innpakking, noko som òg vert varsla, om enn med lita skrift, over logoen.

Albumet i seg sjølv er bra, ein morosam og detaljrik spenningsserie i noko tilnærma den fransk-belgiske Marcinelle-stilen.  Krüger og Krogh er hemmelege agentar på jakt etter ein spanande skurk i beste Sprint/James Bond stil, men tilpassa norske forhold på 1960-talet. Ein passande vinterleg setting hjelper på.

For komplettistar så inneheld denne utgåva alle skisse-sidene frå hardcover-utgåva, samt tosiders innslag tidlegare trykt i Pondus og Rocky og er slikt sett den fyldigaste utgåva av dette albumet. I og med at album nr 2 er ute i desse dagar, så skadar det ikkje med eit nyopptrykk av det første, for dei som ennå ikkje har fått det med seg.

(Knut Robert Knutsen)

 

Ingeniør Knut Berg På Eventyr
Av Vigleik Vikli og Ronald Stone
Fonna Forlag/40 sider/60 kr.

Framleis er vi i det fjerne Austen, farleg og mystisk, der farane lurar på alle kantar. Seinare i serien med årlege hefter fér Knut Berg ut i det ytre rom og serien tek form av rein science fiction – på nynorsk. Det er kanskje denne delen av serien som hugsast aller best.

Serien har alltid hatt ‘den norske’ teikneseriemodellen høgt, med illustrerande bilete og utfyllande tekst under kvar rute. Dette er som regel overtydeleg forteljingsmetode og gjer lesinga treig og til overmål ‘litterær’. Dei (som regel) framifrå teikna serierutene har vanlegvis nok informasjon til å fortelje det meste utan dei to til fem tekstlinjene under. Fargane er konsekvent helde i ein tofargeskala, mørk blåsvart for strek og gild raud for kontrast og effektar.

Trass den treige lesinga, vert den serien aldri kjedeleg; her går det i eitt med halsbrekkande sekvensar og eventyr. Ikkje før våre heltar har greidd seg unna ein stor fare, dukkar ein ny opp med ein gong.

Årets hefte, det femte i den opprinnelege rekka, har ein del ruter og sider som vitnar om stor illustrasjonskunst, ganske så imponerande for året 1947, utført av teiknaren Ronald Stone (pseudonym for den  norske illustratøren Jostein Øvrelid). Her er nokre ruter som vitnar om at Øvrelid har utvikla seg stort sidan starten, og kanskje lete seg inspirere av andre, kanskje utanlandske serieteiknarar. Effektfulle ruter i spanande silhuett kjem innimellom dei meir tradisjonelle beskrivande rutene som ein flott kontrast. I tillegg er det nokre sider som har ein trolsk tresnittkvalitet, som for eksempel sida ‘Ein hai ser ein godbit’, side 21 (sjå døme ovenafor). I sluttsekvensen opptrer Knut Bergs kjærast Aima som reinaste Batman på sirkus før ho stuper i havet for å berge livet. Så er heftet slutt. Framhald fylgjer neste år!

(Arild Wærness)

 

Nordlys
Av Malin Falch
Egmont /44 sider/ kr 69,90

Malin Falch si fantasy-teikneseriebok «Nordlys» har fått gode skussmål, spesielt for teikningane, og juleheftet viser godt kvifor (eg har ikkje sjølv lese boka).

Heftet startar med ei kort historie om Henrik, ein vandrande kunstnar som kjem ut for eit troll i skogen. Den går så over til Sonja, niesa til Henrik, som vaknar på morgonen julaftan i Røros og vert sendt på ein skattejakt etter gåva frå Onkel Henrik. Skattejakta er forsåvidt spanande, men den 6-siders vignetten med Henrik i forkant er ein massiv spoiler.

Pent teikna, om enn i ein veldig tungt fargelagt stil som lett vert grumsete. Greitt nok for eit tynt album, men det må vere enormt slitsamt for auga når det er ei bok på 200 sider.

Heftet vert fullført med nokre skisser og eit utdrag frå bok nr 2 i serien som er meir som ein «trailer» på boka enn ei scene som gir meining åleine. Lett fordøyeleg og søt Disney-channel type serie i pen innpakking, mest for yngre lesarar.

(Knut Robert Knutsen)

 

Flåklypa (eig. Aukrusts Jul)
Av Haakon W. Iaschsen og Thierry Capezzone
Egmont/26 sider/kr. 59,90

To tendensar er typiske for Flåklypa julehefte. Den eine er at kvar historie er full av, ja reint ut overlessa, med detaljer. Den andre er ein stadig aukande bruk av overnaturlege element.

Årets hefte inneheld mykje av dette. Det begynner med sabotasje i reinflokken til flyttsamen Juri Filipsjärvi (ein figur som stammer frå Kjell Aukrusts eigne Flåklypa Tidende-notiser) , kombinert med ein korrupt predikant sine planar om å bygge bibelspa og vindmøllepark på vidda, og eskalerer med to franske agentar i luftballong som uforvarande har reist i tid, og flyg seg sjølv og Ludvig like inn i himmelen, dvs. det hinsidige, der ymse gudar sit og venter på sjeler. Eg føler meg tåpeleg bare eg prøver å forklare ei slik handling, men Isachsen får det meste til å fungere, sjølv om han gjer det vanskeleg for seg sjølv ved å blande så mange sprikande idear. Utan blygsel vekslar han mellom skarp, aktuell satire og surrealistisk fabulering. Bifigurar og sidehandlingar finst overalt, og det hender at dei står i vegen for hovudhistoria.  Det som får det heile til å gå i hop, er forfattarens lune humor og humanistiske innstilling, sjølvsagt kombinert med streken til Thierry Capezzone, som blir gradvis betre på å imitere den rufsete Aukrust-stilen.

Det hjelper at serieskaparane har god plass til å fortelje.  Samanlikna med dei aller fleste  julehefter er Flåklypa, også i år, ei særs fyldig leseoppleving. Rett nok må ein lese om att heftet både ein og to gonger for å med seg alle (eller i alle fall nok) detaljar, men det har verdi i seg sjølv.

(Trond Sätre)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *