Julehefter 2018 – Yngre Amerikana

Julehefter 2018 – Yngre Amerikana

Det meste av det er reprisar, og det går raskt å lese heile heftet, men tydelegvis har dei framleis sitt publikum. Vi snakkar om amerikanske stripeserar frå 1950 fram til i dag.

 

Billy
Av Mort Walker
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Årets hefte inneheld søndagssider frå tidleg 80-tal. Det meste har underteikna lest før, mykje av det også i tidlegare julehefter. Mykje keisamt, og alt saman raskt gjennomlese, men nokre av poenga held seg ennå, og den nye omsetjinga friskar litt opp. Mest interessant er ei side mot slutten av heftet, der Billy drøymer at han er i ein sentimental tårepersefilm frå 40/50-talet. Opprinneleg var dette ein kommentar til dåverande president Ronald Reagan sin skodespelarbakgrunn. Den oppdaterte omsetjinga er, vel, eit tappert forsøk på å omgå den nå daterte referansen.

(Trond Sätre) 

 

Hårek
Av Dik Browne
Egmont / 36 sider/ kr 64,90

Hårek julehefter inneheld sundagsstriper frå 1985, ein gullalder-periode før slutten av Dik Browne sin periode på Hårek. Fornøyeleg og lett gjenkjenneleg familiehumor kledd opp i viking-kostymer. Absolutt ei glede å lese. Browne er skikkeleg «varm i trøya» med karakterane i denne perioden og dei underliggjande personlege trekka i desse humoristiske tablåa er vel formidla.

Mellom anna er der ei perfekt stripe der Hårek går igjennom alle aldersstega og deira baksider, som er ei nyting i replikk og mimikk. Absolutt julekos.

(Knut Robert Knutsen)

 

Pusur
Av Jim Davis
Egmont/36 sider/kr. 64,90

Pusur, eller Garfield, som den eigentleg heiter, hadde si storheitstid på åttitalet, men lever visst i beste velgåande enno. I si tid var dette ein teikneserie ‘for dei unge’, det spørs om ungdommen i dag bryr seg noko særleg lenger. Me litt eldre kan glede oss over enkel slapstick-humor, heftet byr både på striper (ei linje-gag) og halvsider. Sistnemnde er best, der får Jim Davis boltre seg i sjølve mekanikken rundt stillstand/action. At kvar av desse ‘halvsidene’ byr på kvar sin individuelle, flott designa ‘heading’ er eit stort pluss.

Eit greitt avbrekk innimellom hefta som krev meir tid å lese – denne saken gjer ein unna på 5-10 minutt. Kor lenge eit slikt hefte fortener status som jolehefte veit berre forlaget. For meg er dette eit godt eksempel på ein serie som tida på ein måte har laupt ifrå – og som ikkje held det same kulturelle og kunsteriske innhaldet som t.d. Blondie.

(Arild Wærness)

 

Tommy og Tiger’n
Av Bill Watterson
Egmont / 36 sider/ kr 59,90

Tommy og Tigern har nokre lett morosame gjestespel av Bar Bikkje og Perler for Svin, men appellen her er ein av dei beste sekvensane i hovudserien, «Attack of the Deranged Mutant Killer Monster Snowgoons» , der «muterte» snømenn kjem til liv på ein grøssarliknande måte. For dei som ikkje har den frå før, så er dette ein glimrande innføring i kva som gjer Tommy og Tiger’n til ein av dei beste stripeseriane.

(Knut Robert Knutsen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *