Julehefter 2019 – For barn

I Serienetts tredje julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg blanda media når dei kikker på meir tekstlege barnehefter.

På grunn av den store mengda med hefter, og den ledige samtaleforma under innspelinga, kjem juleheftepodcasten til å gå over fleire sendingar som blir lagt ut i dagane fram mot advent.

Intro


Panelet ser på Snekker Andersen Og Julenissen (og) Den Vesle Bygda Som Glømte At Det Var Jul (puh!), Detektivbyrå Nr. 2 – Jakten På Snøkrystallene, Brillebjørn Og Julenissen og  Barnas Juleroser. Juletre, som allereie er omtala, men som høyrer til i denne gruppa, blir også så vidt trekt fram igjen.


Nokre av desse er reine bildebøker, men fordelen med slike julehefter er at det jo er mykje billigare enn ein tilsvarande hardback i bokhandelen. Arild fester seg ved at «alle» jenteheltinner har raudt går, og definisjonen av «barneserie» blir drøfta. Og Brillebjørn har to mammaer. Er det eit progressivt poeng som er verdt å trekke fram?

Jenny Jordahl har tolka legenda om La Befana, «Juleheksa» for Barnes Juleroser

Høgdepunkt: Ved sida av det før omtalte Juletre blir Barnas Juleroser rost opp i skyene, ikkje minst norske serieskaparar sine bidrag til dette heftet. Bygda Som Glømte At Det Var Jul får også klar toppkarakter.

Øvst: Utsnitt frå Den Vesle Bygda Som Glømte At Det Var Jul.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *