Julehefter 2019 – Norsk nostalgi

I Serienetts andre julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg dei mest tradisjonelle norske hefta.

På grunn av den store mengda med hefter, og den ledige samtaleforma under innspelinga, kjem juleheftepodcasten til å gå over fleire sendingar som blir lagt ut i dagane fram mot advent.

Intro

Denne gongen går panelet vårt litt i detalj på Ingeniør Knut Berg – Er det på tide å gjere eit nytt forsøk på å revitalisere den norske science fiction-klassikaren, og kven er serieskaparane til å gjere det?

Deretter Tuss Og Troll, 91 Stomperud, Vangsgutane og Smørbukk. Sistnemnte må hanskast med hipstarar som kjem for å feire ein mest mogeleg «autentisk» tradisjonell jul på eit nedlagt småbruk. Vossaguten Arild deler på sine eigne erfaringar med slike bygderomantikarar frå byen. Og kva skjedde med kjærleikslivet til Smørbukk, forresten?

Spoiler: Heiderleg omtale til Stomperud (mest frå Arild) og Smørbukk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *