Julehefter 2019 – Utvalde norske

I Serienetts fjerde julepodcastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på Rutetid, Kollektivet og Flåklypa

På grunn av den store mengda med hefter, og den ledige samtaleforma under innspelinga, kjem juleheftepodcasten til å gå over fleire sendingar som blir lagt ut i dagane fram mot advent.

Intro


Av svært ulike grunnar fell innhaldet i smak hos panelet vårt. Frode Øverli stadfester sitt omdøme som ein stor humorist med «Rutetid»-heftet. Når så mykje er sagt, treng me eit julehefte til desse teikningane aleine? Særleg når mange av dei enkeltvis blir klistra over ei heil side? Også Kollektivets julehefte får mild kritikk for ein teknisk detalj ved plassutnyttinga, men elles er det snakk om uforbeholdent skryt for Torbjørn Liens lågmælte science fiction-juleforteljing.


Flåklypa pleier alltid å vere godt likt av Arild Wærness, uansett i kva slags forum han snakkar om julehefter, og dette året er ikkje eit unntak. Men årets hefte kjem med ein svært bitter bismak, då ein ny Flåklypa-historie som beviseleg var ferdig, likevel ikkje blir utgjeve. I stadet får me ein reprise frå 2007, på ein historie som me i mangel på ein offisiell tittel kan kalle «Mord på Rørosbanen» . Panelet vårt nytter høvet til å oppsummere teikneserien og Juleheftet Flålypas historie.

 «Norges beste teikneserie i dette formatet – Ever!» – Arild Wærness

2 tanker om “Julehefter 2019 – Utvalde norske

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *