Med IS rundt neste hjørne

Med IS rundt neste hjørne

Zerocalares «Kobane Calling» er ein litt annleis sakprosaserie om situasjonen i Midtausten. Her er det mykje å lære om konflikten, men like mykje om serieskaparens sterke, personlege uttrykk og lauslupne vidd.

I januar 2015 trykka den italienske vekeavisa Internazionale ein teikneseriereportasje frå den autonome, kurdisk-styrte regionen Rojava i Syria, ført i pennen av den italienske serieskaparen Michele Rech, alias Zerocalcare (som kallar seg Calcare i sine eigne seriar). Reportasjen blei ein sensasjon, avisa blei utseld, og måtte trykkast i nytt opplag.

Serieskaparen hadde opphalde seg på grensa mellom Rojava og Syria, like ved byen Kobane (Ayn al-Arab på arabisk), der kurdiske stryker kjempa mot IS/ISIL. Den Islamske Staten var så nærme at han kunne skode dei, slett ikkje så langt framme, i horisonten.

Zeroclacare si lokalpatriotiske tilknytting til bydelen Rebibbia i Roma er manifestert som ein sarkastisk mammut.

Reportasjen formilda håp og idealisme, men inst inne hadde ikkje serieskaparen trua på kurdarane sin sjanse til å erobre tilbake Kobane. Same månad som han fekk reportasjen på trykk, kom så likavel meldinga om at IS hadde trekt seg ut av byen. Slik fekk Calcare motivasjon til å reise attende. For på papiret – og i reportasjen – framsto det kurdiske styret i Rojava som alt det den arabiske våren burde ha ført til: Etnisk og religiøs sameksistens, kvinnefrigjering, ytringsfridom, velferd. Men kunne dei leve opp til dette?

Dei to reisene resulterte i denne boka. «Kobane Calling» er ein publikasjon eg vanlegvis ville tiltrudd Minuskel det kulturelle ansvaret å omsetje og gi ut på norsk. I stadet er det forlaget House of Foundation, med det offisielle forlagsnamnet H//O//F, som har sørgja for denne.

Den ubereknelege grensevaktsjefen ved irakisk Kurdistan, omtrent slik han såg ut, og slik Calcare ser han for seg

Sakprosateikneseriar har i moderne tid vanlegvis realistiske skildringar, anten streken er forenkla som hos Guy Delisle, eller noko meir naturalistisk og detaljert, som hos Joe Sacco. Calcare sin strek er meir stilisert, men det viktigaste ved tilnærminga hans er bruken av metaforiske og mentale bilder, som på det beste er supplert med ein gjennomført absurd og satirisk humor, gjerne med digresjonar.

Dei fleste foreldre hadde nok blitt uroa over kunngjeringa om at du skal reise IS’ nabolag

Framfor alt har serieskaparen ei tydeleg svakheit for populærkulturelle referansar. Veldig tidleg i «Kobane Calling» kjem han med eit perfekt eksempel på dette, når han teiknar mora si som Lady Kluck frå Disneys «Robin Hood» (1973) og faren som Mr. Ping frå «Kung Fu Panda»-filmane. IS blir samanlikna med gjengane frå mangaen «Fist of the North Star», Barbapappa er eit symbol på tryggleik, og då har eg bare så vidt skrapa overflata. Viss du kan førestille deg at Mads Eriksen reiste til ei krigssone i Midtausten, og lagde teikneseriebok av det, hadde resultatet kanskje ikkje vore så langt frå dette. Serien er opphavleg laga for eit italiensk publikum, og enkelte av referansane blir nok for interne for eit internasjonalt publikum. Iblant fører dette faktisk til forvirring, sjølv om grunntrekka i forteljarmåten hans er globalt forståelege.

For å beskytte guidane frå PKK-geriljaen har Calcare teikna dei som ein geitost og to oliven. Det gir meining i konteksten

Grøvste delen av boka, ca. 4/5, skildrar den andre reisa hans. Innleiingsvis har like mykje av den galgenhumoristiske, og sarkastiske haldninga som i den første reportasjen. Først når han ikkje lenger er distrahert av umedelbare farar (innbilte eller reelle), farar han døyver med humor, begynner han å reflektere.  Etter kvart kjem han i ein posisjon der han kan stile sitt kurdiske følgje (først og fremst jenta Ezel, som har budd i Italia i fleire år) spørsmål om krigen, og då set den allereie bitre latteren seg fast i halsen. Balansen mellom skjemt og alvor blir jamnare. For Calcare er ikkje ein modig mann, i alle fall ser han ikkje slik på seg sjølv (han har eit veldig karakteristisk teikna ansiktsuttrykk for panikk og stress). Dessutan har han ein livleg fantasi, noko som også betyr at han lett blir paranoid. Dette resulterer i nokre av dei beste galgenhumoristiske gagsa i boka. Under slike høve er det at han skal gjengi historier om død, liding, terror og undertrykking som han får høyre, og kombinert med hans særeigne uttrykkevne både i tekst og bilde, får serien ei særs verknadsfulle nerve.   

Ofte er det dei små detaljane som verkeleg inspirerar Zerocalcare. Særleg når detaljane er populærkulturelle.

Objektivitet er ikkje eit mål med boka. Dess lenger ut vi kjem i handlinga, dess meir handlar den om kurdarane sin lange kamp for rettigheitar som eiga folkegruppe, mot tyrkiske myndigheiter. Men også om andre tyrkarar sitt opprør mot Erdogan. IS blir nemnt ofte, og boka kjem med ein del interessant informasjon om dei, men dei er ikkje hovudfokus når det kjem til stykket. Populistiske politikarar som trur at dei veit best korleis vesten bør stilla seg til  muslimar,  er ei anna attendevendande målskive i «Kobane Calling».  Dei liberale og sekulære kurdarane i Rojava, svært mange av dei sterke kvinner, er heltane i forteljinga hans om Midtausten. Sjølv om han gjer narr av korleis han sjølv framstiller dei som «hippie-speidarar», er han ganske konsistent i nettopp denne idealistiske framstillinga.  

Den kvinneleg hæreininga YPJ gjorde eit særleg sterkt inntrykk på serieskaparen under hans reiser til Midtausten

Zerocalcare vil informere, han er nøye med det. Og eg trur han meiner det når han snakkar om si «intellektuell redelighet» , altså at han ikkje eigentleg ønskjer å propagandere. Men han snakkar om viktigheita av hjartet som faktor fleire stader, og kan ikkje nekte for at hjartet spelar ei stor rolle for korleis han presenterer denne konflikten til eit vestleg publikum. Og heldigvis for det, for ein meir nøktern presentasjon hadde mangla noko vesentleg.     

Kobane Calling
Av Zerocalcare
Omsett av Emma Bakkevik
ISBN 978-82-93317-75-3
270 sider
279 kr.
H//O//F Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

WP Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com