Kroppen Din med Øystein

Kroppen Din med Øystein

Øystein Runde vil lære barna om det seinaste i stamcelleforsking.

Det er blitt hevda at skilnaden på eit talent og eit geni er at eit talent gjer kva han enn vil, mens eit geni gjer berre det han er verkeleg god til. Viss det er sant, så er Øystein Runde definitivt meir talent enn geni. Runde er Norges største tusenkunstnar innan teikneseriar, og det kan sjå ut som han gjer kva enn han vil.

Akkurat nå vil han visst vere Trond-Viggo Torgersen.

Hans nyaste barnebok (ja han har laga barnbok før) er ei reise i kroppen, og eit forsøk på å forklare barna noko dei kanskje lurer på, og som foreldra kanskje ikkje kan gi eit så klart svar på som dei trudde: Kva er stamceller?

Boka Stamceller, Kroppens Superheltar er ei hybrid teikneserie/bildebok, og som det går fram  av tittelen, er vinklinga at stamceller er som ein slags superheltar blant cellene i kroppen din. Det skal seiast til Rundes fordel at han ikkje gjer alt for mykje ut av denne samanlikninga. I ei slik bok vil det alltid vere ein vanskeleg balansegong mellom underhaldande og informativt. Runde er veldig flink med denne balansen, viser det seg. Boka har mykje humor og kreative visualiseringar av cellenes funksjonar At han har brukt nokre av de profesjonelle konsulentane sine (særskilt forskar Cecilie Gjerde) som figurar i boka, hjelper også til med å gjere stoffet levande. Skjønt på slutten er det merkbart færre teikneseriestriper og mindre komikk, noko som kan tyde på at han etter kvart fekk det travelt med å klemme inn all informasjonen han ville ha med.

Øystein Runde (nederst) med sin konsulent Cecilie Gjerde, som også er tannkirurg

Men undervisningsnivået er det ikkje noko å seie på. Det er noko av det nyaste og mest lovande innan forskinga som Runde prøver å formidle, ikkje berre det grunnleggande. Litt meir avansert enn før nemnte Trond-Viggo, altså. Og sjølv om språket er tilrettelagt for barna, er det ganske avanserte ting han prøver å forklare dei. Også større barn, og sikkert ganske mange vaksne, kan ha nytte av Stamceller.

Stamceller, Kroppens Superheltar
Av Øystein Runde
ISBN 9788205498372
56 sider
249 kr.
Gyldendal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *