Kulturkalenderen

Sjølv etter seks samanhengande veker med teikneseriefestivalar og messer er det ennå mykje igjen som skjer i teikneserie-Norge fram mot jul.

Tegnekveld er det på Serieteket kva mandag kl. 18 heilt fram til og med lille julaftan. Neste er den 28. oktober.
Eventside

**

Comic Night Stavanger held fram på Sølvberget kulturhus i Stavanger sentrum kvar torsdag til og med den 19. desember.
Informasjon frå Sølvbergets heimeside

**

Bergen Sjøfartsmuseum har opna utstillinga «Fortellinger om Migrasjon». Denne er resultatet av eit prosjekt der elevar frå vaksenopplæringa ved Nygård skole, og kvalifiseringssenteret for innvandrarar, «Ny Sjanse», arbeida med forteljingar om eiga migrasjonshistorie i teiknings- og teikneserieform. Resultatet er denne utstillinga, som står til mars.
Informasjon frå Sjøfartsmuseet

**

Dersom du venter på oppfølgjaren til «Gulosten», må du framleis vere tolmodig. Kristian Krohg-Sørensen sit nyaste prosjekt er «Da Norge Brant» (bilde ovanfor), ein teikneserie om tyskarane si tilbaketrekking frå Finnmark i 1944, og den raude arméens inntog.  Teikneserien blir lansert på Forsvarsmuseet i Oslo den 25. oktober kl. 14. Det blir gratis inngang, samtale om teikneserien, utdeling av gratis hefter, og signering.
Eventside

**

Denne helga arrangerer Bergen Offentlige Bibliotek FLYT- Litteraturfestival for unge, og i samband med dette blir det teikneserieworkshop den 25. oktober kl. 16.30. Begrensa med ledige plassar.
Eventside

**

Den fellesnordiske teikneseriequizen har lange tradisjonar, ikkje minst i Bergen, der ein alltid stiller med eit lag for å forsvare Norges ære. I år skal laget samlast den 26. oktober frå 14.30 til 17.30 på BarBarista i Bergen for å bryne seg på knallharde teikneserienøtter. Alle som har litt meir enn gjennomsnittleg peiling på teikneseriar, og tilfeldigvis er i Bergen  denne laurdagen, er velkomne til å vere med. Alle hjelpemiddel er lov.     
Eventside

**

Outland i åtte byar markerer halloween den 26. oktober. Det blir kostymekonkurranse og utdeling av gratis teikneseriar.
Eventside

**

Og alle veit at halloween er Nemis favoritthøgtid. Og derfor kjem Lise Myhre til å signere bøker på Tronsmo  frå kl. 16 til 17 den 30. oktober. På sjølve dagen er ho kanskje opptatt med knask eller knep.
Eventside

**

Serieteket slår seg laus når Flu Hartberg skal lansere si store samlebok «Bøtte» (NCP) den 30.oktober.  I tillegg til salg og signering blir det sceneintervju med Flu, «bøttequiz» med Kristian Krohg-Sørensen, DJ, og bar. Det heile begynner kl. 19.
Eventside

**

Øyvind Sagåsen står på gjestelista til Göteborg Seriefestival, som blir arrangert på Kvartersscenen 2 Lång den 2. november.
Heimeside

**

Sigbjørn Lilleeng har teikneseriekurs på Animanga i Arendal den 5. november frå 10 til 13. Begrensa med ledige plassar.
Animanga program for 2019

**

Også den 5. november inviterer Litteratur på Blå i Oslo til ein populærkulturell diskusjon om «Superhelter, antihelter og helt andre helter» kl. 19. Deltakarar er Lars Schwed Nygård, Gyldendals Tina Søreng og Aksel Kielland, med Lina-Marie Ulvestad Halås som moderator.
Eventside

**

Don Rosa vitjar Norge i november. 5. november signerer han på Outland Kirkegata, og Serieteket tilbyr gratisvising av dokumentarfilmen «The Scrooge Mystery» kl. 18.  6. november, igjen på Serieteket, kan ein møte Don frå kl. 15 til 20. Han skal m.a. ha scenesamtale med Norges eigen Disney Ducks-powertrio Arild Midthun, Knut Nærum og Tormod Løkling.

Er du ikkje i Oslo dei dagane, blir Don også å treffe på Outland i Trondheim og Kristiansand, henholdsvis 7. og 8. november.

Eventside for Outland-besøk
Eventside for filmvising
Eventside for Don Rosa-ekstravagansa

**

Litteraturuka i Vestfold:

  • Elias Våhlund fortel om «Håndbok for Superhelter» på Tønsberg og Færder bibliotek den 7. november kl. 09.45.
  • Øyvind Lauvdahl møter idehistorikar Hilde Østby same dag, klokka 19 på Horten bibliotek, for ein samtale om «Kjære Sorgenfri» og «Ontography«
  • 8. november kl. 10 skal Lauvdahl halde føredrag for studentar om seriane sine på Universitetsbiblioteket i Sørøst-Norge.

**

Denne hausten avsluttar Minuskel si samling av Corto Maltese komplett på norsk. I samband med dette skal forleggar Alexander Leborg og omsetjar Jon Rognlien kommer ha samtale med Terje Thorsen på Tronsmo den 7. november kl. 17.
Eventside

Også ARS Tegneserieforum i Midt-Telemark skal markere kompletteringa av Corto Maltese på norsk. Dette skjer på Bø Hotell den 11. november frå 18 til21, og blir tilstelt i samarbeid med litteraturfestivalen Bøker i Bø.
Eventside

**

Laurdag 9.november er det Biblioteksfest i Bergen. Kl. 12 får biblioteket besøk av Martin Ernstsen og Inga Sætre, som skal snakke om henholdsvis «Sult» og «Fallteknikk». Serieskapar Fredrik Rysjedal er moderator. Kl. 14 same dagen skal Inga Sætre ha teikneserieworkshop (Obs! Fullbooka)
Heimeside

**

Også 9. november signerer og teikner Jens K. Styve på Norli Nerstranda i Tromsø frå 12 til 13.
Eventside

**

Thought Bubble i Leeds varer heile første veka i november. Helga 9-10. november kjem så ei mengd med norske teikneserieskaparar og bransjefolk til å ha stand på denne festivalen, inkludert Jens K. Styve, Charlotte Sandmæl, Magnus Aspli, Glenn Møane, Torunn Grønbekk, Oliver Levang, C. Vinter, Kenneth Larsen, Geir Moen. Tina Søreng og Morten Thomsen.
Heimeside

**

12. november blir det teikneserietreff på BarBarista i Bergen klokka 20. Alle er velkomne til ein uformell prat om teikneseriar, og sjølvsagt er det julehefta som kjem til å stå i fokus.
Eventside

**

Det er elles god tid til å lese julehefta i år. Og viss du ikkje er nøgd med tilbodet, finst det eit alternativ. Tore Strand Olsen inviterer til workshopen «Tegn ditt eget julehefte» på Serieteket den 21. november frå kl. 18 til 21. Her kan du, som kurstittelen seier, lage ditt eige julehefte, frå botnen av. For ungdom og vaksne.
Eventside

**

Bergen Art Book Fair blir arrangert på Bergen Kunsthall frå den 14. til den 17. november. Dette er ikkje ei rein teikneseriemesse, men ein kan alltid rekne med at nokre teikneserieskaparar/utgjevarar har stand. Mellom anna kjem ÜberPress for å lansere si nye 24H Challenge-bok.
Heimeside

**

Under filmfestivalen «Movies on War» inviterer Elverum bibliotek til ein kveld om krigstematikk i teikneseriar den 20. november kl. 19. Gjester er John S. Jamtli og Ingebjørg Jensen i samtale med Øyvind Holen.
Informasjon frå Elverum kommune

**

Lanseringar i slutten av november:

  • Mette Hellenes’ «Kebbelife – Burning babe» frå No Comprendo Press på Robinet i Oslo den 21. frå klokka 19.
    Eventside

  • ForrestenFesten på Tilt den 27. frå klokka 19. Her er det ikkje berre Forresten 33 som blir lansert, men også to andre Jippi-nyheiter, «Grand Tour» av Rasmus Husebø og «Al Khemet» av Tomas Falla Eriksen.
    Eventside
  • Den lenge bebuda grafiske romanen «Ingen Visste» av Mac Ask og Andreas Håndlykken blir lansert på Outland i Kirkegata, Oslo, den 28. klokka. 18.  
    Eventside

**

Malin Falch og Regine Holst signerer «Bjørnar» og andre Nordlys-publikasjonar hos Ark Storo på Grefsen den 7. desember frå tolv til ett.
Eventside

**

ARS Tegneserieforum avsluttar sitt sesongprogram med julefest heime hos serieskapar Tor Arne Hegna, like sør for Notodden sentrum, den 9. desember klokka 18.
Eventside

**

Alle desse kunngjeringane er sjølvsagt med førehald om endringar. Artikkelen kan bli oppdatert når oppdateringar og informasjon om nye arrangement kjem ut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *