Kva vi veit om KanonCon

Kva vi veit om KanonCon

Ein dryg månad før tilstellinga manglar KanonCon eit konkret program, men har ei svært god samling med namn for ein dags program. Her er gjestelista så langt.

  • John Jamtli, serieskapar

Kva kjem han til å snakke om? Jamtli har to spenningsseriar under utvikling. Den første, «Norges Ninjakommandør» (basert på filmen «Kommandør Treholt & Ninjatroppen»), kjem endeleg ut etter lang tids «development hell» takka vere Cappelen Damm. John Jamtli var også ein av haustens store vinnarar under Kulturrådets tildeling av støtte til teikneserieprosjekt med «Magnus Carlsen Og Sjakkmorderen» (sjølvforklarande tittel). Begge desse teikneseriane er skrive av…

  • Aleksander Kirkwood Brown, manusforfattar

Kva kjem han til å snakke om? Som sagt, om dei to kommande prosjekta nemnt ovanfor, og dessutan kjem han med ei ny Edward Rubikon-bok i år. I tillegg har mannen skrive for både Donald Duck og Rutetid, og det er visstnok ikkje ein Aprilspøk at han jobbar med utviklinga av ein Pondus-film.

Norges Ninjakommadør
  • Andreas Iversen, serieskapar

Kva kjem han til å snakke om? Truleg om Edward Rubikon, ettersom Brown er gjest på same festivalen, og om sine eigne stripeseriar.

 

  • Øyvind Sagåsen, serieskapar

Kva kjem han til å snakke om? Sjølvsagt om det nye Radio Gaga-bladet, eller Egmonts Store Motoffensiv (dei fleste skjønner nok mot kva). Beleilig nok for Egmont kjem ikkje første nummer 1 ut før i mars (mens bonusnummer 0 kjem ut omtrent på same tid som festivalen) så saka har framleis nyheitens interesse på KanonCon.

Radio Gagas bladlogo
  • Tore Strand Olsen, pedagogisk serieskapar

Kva kjem han til å snakke om? Strand Olsen kjem for å halde teikneseriekurs for alle over ti år. Det er ennå ikkje opent for påmelding.

 

  • Geir Moen, serieskapar

Kva kjem han til å snakke om? Truleg om sine mest kjente arbeider frå dei seinare år som, «Peer Gynt», «De Fire Store» og «Edelgarn»

Masks of the Phantom
  • Arild Wærness, manusforfattar

Kva kjem han til å snakke om? «The Phantom Strikes», det nye Fantomet-bladet som blir gitt ut av Lightning Strikes i Irland. Wærness har skrive ein historie for dette bladet der Fantomet hamnar i Bergen.

 

  • Kristian Hellesund, anmeldar og teikneseriearkeolog

Kva kjem han til å snakke om? Sitt standard-føredrag om teikneseriar – norske og omsette – sin tidlegare ganske ukjente historie frå norske vekeblad og aviser, frå 1800-talet og fram til i dag.

  • Hanne «TegneHanne» Sigbjørnsen, teiknande bloggar (annonsert i dag)

Kva kjem ho til å snakke om? Ein ting som nok vil bli brakt opp, er korfor ho braut med Egmont, og kva ho har gjort på sidan den tid. Den første eigapubliserte boka hennar, «Rum & Ruins» kan kanskje endeleg få litt merksemd.

KanonCon finner stad i Kanonhallen i Oslo 10. februar. Følg festivalens Facebookside for vidare oppdateringar.

 

Oppdatering: KanonCon stadfester at Arild Wærness må melde avbod.

Til gjengjeld er fleire gjester stadfesta det siste døgnet, mange av dei tilknytta ÜberPress. Dette gjelder Are Edvardsen, Regine T. Holst og Mac & Andreas Håndlykken. Dei to siste er snart aktuelle med teikneseriealbumet «Ingen Visste». Malin Falch kjem også til KanonCon, beleilig nok i tide til lanseringa av «Nordlys» bok 2.

 

Les mer om KanonCon:
Vil ha festival med både gammelt og nytt

One thought on “Kva vi veit om KanonCon

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *