Nedzus Lanterna Magica

Nedzus Lanterna Magica

-At så mange menneske ville komme og bli lese for, i 2018, tek eg som et godt teikn, sa Fredrik Rysjedal etter fredagens arrangement der serieskapar Rui Tenreiro las høgt fra «Nedzus Lykter».

Foto og video: Ann-Kristin Stølan

Dette er Tenreiro si foreløpig siste teikneseriebok, utgjeve av Jippi Forlag i 2016.  Boka fortel om korleis ei kampkrabbe fekk sitt unike skalmønster. Det er året då landsbyane Nedzu og Andaeze møtast i den store krabbeturneringa, og vi møter krabbetrenaren Okoye og kampkrabba Asagawara. Historia finn stad i ein fiktiv kultur som er ei blanding av japanske, portugisiske og finske element.

Framsyninga blei arrangert i det Bergensbaserte kunstlokalet Pamflett. Som arrangør Fredrik Rysjedal forklarte innleiingsvis hadde Pamflett planar om starte ein ny teikneseriefestival, med ei slik framføring som ein programpost. Så blei det ikkje noko av denne nye festivalen, men dei ville gjennomføre akkurat dette likevel. Rysjedal har sjølv ei viss erfaring med offentlege framføringar av sine eigne teikneseriar. Han samanlikna slike arrangement med laterna magica lysbildeframvisingar frå 1700/1800-talet, og framheva likskapen mellom desse og teikneseriar.

Visinga blei gjort i enkelheit, med teikneserieruter (med snakkeboblene fjerna) projektert fortløpande på ein kvit skjerm mens Tenreiro sjølv las halvparten av stemmane og brukte små planker for å imitere lyden av krabbane. Den andre halvparten blei lese av Amber Ablett, ein  av kunstnarane som er tilknytta Pamflett. Dei brukte den engelskspråklege versjonen av «Nedzus Lykter», ettersom det er lettare for Tenreiro med hans internasjonale bakgrunn.


Essensielt for framføringa sin suksess var musikken. «Nedzus Lykter» er frå før av utstyrt med eit lydspor, komponert av Tiago Correia-Paulo, som er atmosfærisk og sublimt nok til å gli ganske saumlaust inn i framføringa.

Arrangementet hadde drygt 30 tilskodarar utanom dei medverkande, noko som var tilstrekkeleg til å fylle den vesle salen i Pamfletts lokale der visinga blei gjennomført.

Les meir:
Anmelding av «Nedzus Lykter»
Intervju med Rui Tenreiro
Om Pamflett

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *