Mang slags krig

Mang slags krig

Som kjent er Überantologiane sjelden særleg sjangerdogmatiske. ÜberWestern er ikkje Tex Willer, ÜberFantasy er ikkje Game of Thrones, ÜberEventyr er ikkje Tuss og Troll, osv.  På same måten er den nye antologien ÜberKrig ikkje Kamp-Serien. Soldatar og konvensjonelle våpen er ikkje nødvendigvis det ein legger mest merke til i desse historiene – Sjølv forsida er ikkje særleg militant. Inntrykka og etterverknadene av krig er stort sett langt viktigare.

Likevel vil eg kalle dette for ein av ÜberPress’ mest straumlinjeforma antologiar. Delvis på grunn av historiene, men like mykje på grunn av teikningane. Bidragsytarane har ein jamt over mindre eksperimentell teiknestil, ganske enkelt. Ikkje at teikningane er like frå bidrag til bidrag, men dei er litt meir naturalistiske.  Berre eitt bidrag er teikna i ein litt meir stilisert strek, «T.» av Alexander Slotten etter manus av Victoria Lindquist. Som ein kontrast er det også den historia som skildrar sjølve krigshandlingane mest direkte.

T.
T.

Her er det mange gode bodskap, og ikkje for tunglabba heller. Men det skortnar på dei smarte og originale poenga. Dei aller fleste seriane har enkle og direkte bodskap, og utfordrar ikkje lesaren i nokon særleg grad. Det som særleg går igjen, er bruken av krigsbilete og krigsminner som ein metafor for noko anna. Som «Klikk» av Ingvild M. Methi, der ein krigsveteran vert minna om krigens redsler i alt han ser av daglegliv; eller Steffen Fløan Øies «Jakten», der det er fantasy-bilete som blir brukt. Den sistnemnte beveger seg for øvrig litt for mykje vekk frå krigstemaet.  4AM-teamet Mac Ask og Andreas Håndlykken leverer eit meir vellukka eksempel på dette med «Seier»; Ikkje at den har ein særskilt original vri, men du verden så praktfullt og kunstferdig  illustrert!

Seier
Seier

Elles finst det sjølvsagt eit eksempel på ei historie med motsett forteikn, nemlig «Karneval» av Grapple Seed-teamet Håvard Heggenhougen og Eddie Jensen. Dett er også ein av dei betre bidraga, men igjen er det først og fremst grunna den visuelle presentasjonen.  Deira sjarmerande og elegant naivistiske teiknestil står i sterk kontrast til seriens poeng.

Freden
Freden

Hovudhistoria «Freden» av Jey Levang er antologiens desidert beste. Den handlar ikkje om krig i særskilt konkret forstand, men skildrar ein eskalerande konflikt meir som ein metafor for krig. Den er mørk og brutal, både i tekst og teikning, men metaforen har rom for ein viss grad av eiga tolking, og historia gir til og med plass til noko karakterutvikling.

Moebius
Moebius

Også verdt å framheve er «Moebius» av Ingeborg Karlsby Wiulsrød, ei historie om tidsreiser som involverer ei historisk hending frå 2. verdskrigen, eksplosjonen på Vågen (Bergen) 20. april 1944. Ein ganske så original ide, men diverre er serien for kort til at den kan utvikle seg i ei interessant retning, og den ender difor opp med eit temmeleg enkelt poeng. For øvrig er dette den einaste serien som handlar om 2. verdskrigen, så bidragsytarane skal ha ros for at dei ikkje valde det mest opplagte.

I det heile teke har ikkje ÜberKrig mangel på variasjon i miljø og tema: Før nemnte «T.» skildrar ein forelska, homofil tysk soldat sine indre og ytre plager i skyttargravene under 1. verdskrigen. Denne er litt meir subtil på det indre plan, sjølv om den er veldig tydeleg på det ytre. «Tapande» av Sondre Bjelland tek for seg spørsmålet om kvar grensa går mellom å vere fridomskjempar og å vere terrorist.  Poenget er enkelt, men konklusjonen er tvitydig.

Likevel er ÜberKrig skuffande lite inspirert. Seriane er jamt over føreseielege, og skrapar berre overflata av det som i utgangspunktet ofte er gode idear. Dei fleste seriane er berre på seks sider eller mindre, mens den 16 sider lange «Freden» er eit godt døme på kva serieskaparane kanskje kunne fått til om dei tok seg litt meir tid.

 

ÜberKrig

Av diverse. Forside av Jay Levang. Redaktør: Are Edvardsen.

ISBN 978-82-93254-19-5

64 sider

150 kr.

ÜberPress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *