Saman mot stormen

Max Estes er for tida aktuell med to bøker, mellom desse hans første teikneserie på seks år.

Den amerikanske grafiske forteljaren – og eg meiner det er den beste måten å formulere kva han driv med – Max Estes har ei lang bibliografi. Då han først kom til Norge, gjorde han seg litt bemerka med ein trilogi av korte teikneserie-«romanar» frå Jippi Forlag: Den Krokete Kniv (2010), Den Krokete Kanalen (2011) og Det Krokete Sporet (2012).  Han ga også ut teikneseriebøkene Nattsyn på Cappelen Damm i 2012, og Le Pêcheur et les Revenants på et eit fransk forlag i 2013. Sida den tida har det berre kome bildebøker frå Estes si hand, men nå let Cappelen Damm han utfolde seg med Flommen.

Eg har valt å sjå på denne parallelt med ei anna bok som Estes akkurat nå er aktuell med, nemlig bildeboka Bananen Og Månen. Begge bøker framhevar innverknaden som tresnitt og flate-og linjestilhar på forteljaren sitt grafisk formspråk, begge handlar om dyr og naturkrefter, med natta som kulisse, og skildrar korleis samspel med dyr kan føre til måloppnåing.

Bananen Og Månen er ein fabel om ein banan som ser på halvmånen og bestemmer seg for at den vil ta månen sin plass. Dei har jo same form! Og treng eigentleg månen å vere full innimellom, då?

I Flommen blir ein mann og hunden hans blir isolert av eit valdsamt uver og flaum langt ute i skogen, og må springe, køyre og symje for livet for å kome unna med livet i behald. Undervegs under flukta kjem ein fugl til å spele ei viktig rolle i dramaet.

Eit meir ruralt landskap enn det som elles har vore typisk for Max Estes’ teikneseriar, altså, men eit landskap han med lettheit går inn i med alvorsstung dramatikk skildra i nyansar mørkeblått. Det er fristande og nærliggande å sjå på ramma for forteljinga som ein kommentar til klimakrise.  Klokeleg nok er den uttalte bodskapen ein heilt annan, ettersom klima (og miljøvern generelt) lett blir ein klisjé  I pressemeldinga blir det understreka at boka handlar om kjærleik til dyr og korleis menneske og dyr kan finne hjelp og støtte i kvarandre. Og at naturkrefter kan vere nådelause, er trass alt eit tidlaust tema. Når ein ser kor levande og overveldande uveret er skildra, er det likevel ikkje urimeleg å tenke seg at klima kan vere ein bakenforliggande bodskap.  

For med ein enkel strek og metodisk fargeval har Estes skapt eit uhyggeleg levande, realistisk og svært så animert landskap. Å skildre ei naturkatastrofe med overtyding krev eit bevisst forhold til vinklingar, som er noko den grafiske forteljaren har lagt særs mykje vekt på her. Fugleperspektiv dukkar ofte opp i dramaet; det illustrerer fram kor små menneska kan vere i forhold til naturkreftene. To heilsides fugleperspektivbilde viser kor hjelpelaust omringa mannen og trucken hans er av frådande vassmasser midtvegs over ei bru. Desse er ikkje dei to aller mest dramatiske bilda, men betre enn noko anna i boka illustrerer dei alvoret i situasjonen. Og som vi etter kvart skal sjå ligg det også ei litt djupare tyding i valet av fugleperspektiv.  

Her, i kjensla an djupn og animasjon, finn ein dei største kontrastane mellom Flommen og Bananen Og Månen. Sistnemnte er – augesynleg med hensikt – langt meir statisk og silhuettaktig, trass i bruken av t.d. fartsstriper. I form er fabelen minimalistisk; den heilt grunnleggjande ideen, meir enn noko anna, står i fokus.  I Flommen er det nærmast som om naturkreftene riv og slit i sjølve papiret boka er trykt på. Boka er ordknapp, og dominert av store bilder, men stemninga er så intens og seig at det smitter over på leseopplevinga. Når det heile står på, kjennest det som om ein står midt i det, og følger handlinga i sanntid.  

Til liks med Krokete-trilogien har Flommen på overflata ei direkte og konkret historie, der ein ganske enkelt berre ser det som skjer, men her er det endå lettare å ane symbolikken bak, ikkje minst i rolla som fuglen spelar. I ein serie med sparsam dialog merker ein seg at når mannen først møter fuglen, begynner han, straks og utan sjenanse, å snakke med den som om den var eit anna menneske i same situasjonen.  Er det eit særtrekk med denne mannen, kanskje eit resultata av mange skift aleine i skogen med berre hunden til selskap, eller eit desperat behov for å skape ei kjensle av kompaniskap i ein umedelbar krisesituasjon?  Eller er kanskje Flommen også litt fabel på botnen, og fuglen skjønar meir enn vi er klar over?     

Begge forteljingar er likevel direkte og noko antiklimatiske mot slutten. I Bananen Og Månen kan dette vere eit forsøk på å kombinere små barns evne til å ta til seg ein absurd ide med dei same barnas begrep om narrativ og forløysing: «Bananen ville bli månen. Og så skjedde det. Slutt.». I Flommen har fuglen, etter alt som skjer under sjølve uveret, til slutt ein veldig føreseieleg funksjon i epilogen. Det forringer på inga måte rolla som den har i boka, men stadfester at teikneserien er leseverdig først og fremst for dei høgspente augneblinkskjenslene når det stormar som verst.  


Flommen
Av Max Estes  
120 sider
299 kr.
Cappelen Damm




Bananen Og Månen
Av Max Estes
56 sider
299 kr.
Ena Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *