Meir av alt

Meir av alt

Deadpool 2 vil så mykje meir enn forgjengaren. Den vil også ganske mykje meir av det same, utan at det nødvendigvis er ein dårleg ide.

Då Deadpool debuterte i eigen kinofilm vinteren 2016 – mot alle odds, og mykje takka vere personleg innsats frå hovudrolleinnehavar Ryan Reynolds – var han ein openberring. Svorne Marvelfans kjente figuren godt, men for eit breiare kinopublikum var den amoralske antihelten som snakkar rett til publikum og kommenterer sin eigen film, noko nytt, annleis og hylande morosamt.  Og fordi Marvelfansen også lo (av vitsane dei hadde høyrt i teikneserieform før), var alle nøgde. Over natta blei Deadpool ein del av det veksande A-laget av teikneserieheltar som gjekk til filmen.

Mens den første filmen hadde ein ganske enkel likefram historie, pøser Deadpool 2 på med plott, innfall og referansar. Spoilerane kjem tett (det ser ut til å vere ein tendens), og trailerane er villeiande (noko som sjølvsagt er ein fordel). Men i grove trekk er historia at Deadpool får ei eksistensiell krise og bestemmer seg for å beskytte ein ung mutantgut, Cable dukkar opp frå framtida med ein litt komprimert bakgrunnshistorie, Deadpool grunnlegger X-Force, og X-Men blir involvert. Det vil seie, berre Colossus og dei lærlingane han har for handa, igjen. Og Deadpool vitsar om han ser aldri nokre andre X-Men, igjen, men denne gongen med ein artig vri.

Akkurat dette er typisk for DP2 – vitsane er mykje dei same, berre at ein drar dei endå lenger, ja, ofte nærmast til sin logiske konklusjon (ikkje minst i bonusscenane, som for øvrig kjem midtvegs i rulletekstane; du treng ikkje sitte heilt til slutten).  Nokre gonger blir dette slitsamt, andre gonger lukkast filmteamet med å fornye dei. Uansett så stiller ein høge krav til publikum om å vere med på dei interne referansane. På eit tidspunkt kjem Deadpool t.d. med ein sleivmerknad, retta mot Rob Liefeld, som må vere fullstendig ubegripeleg for ein kvar som ikkje kjenner den amerikanske teikneseriebransjen godt.

Ikkje at dette er heilt unikt lenger, men DP2 er ein film som kjennast veldig mykje som ein teikneserie.  Ryan Reynolds er igjen perfekte kjøt-og-blod-inkarnasjonen av Deadpool, like lidenskapeleg inne i rolla som før. Josh Brolin tek rolla si som Cable tilsynelatande heilt alvorleg, og står dermed for den same dynamiske kontrasten som han har med Deadpool i seriane. Domino er ikkje den same Domino som i seriane, og då meiner eg også personlegdomen, men Zazie Beetz’ sprudlande sjarm er vanskeleg å motstå med mindre du er ein hardkokt fan av dei gamle X-Force/Cable-hefta. Og framfor alt har oppfølgaren eit mykje større univers enn den førre; om du ikkje ser så veldig mange X-men, så er mutantar overalt mykje meir nærverande denne gongen. Gjestopptredenane kjem tett. For serienerdane er dette ein verkeleg buffet.

Regissør Tim Miller frå første filmen er ute (grunna kreative ueinigheiter med Reynolds), og erstatta med John Wick-regissør David Leitch. Leitch har meir erfaring med å setje i scene store actionscenar, og det er nok mykje hans forteneste at DP2 ser meir ut som ein superheltserie (vel, det og eit større spesialeffektbudsjett). Det Leitch ikkje lukkast like godt med, er å halde manus i saman.  Handlinga er tett og hektisk, eit par innfall er meir dumme en morosame, og på den andre sida har filmen også forbausande mange emosjonelle augneblink. Ofte er det vanskeleg å vite sikkert kva du skal oppfatte ironisk, og kva du skal ta alvorleg. Fordi DP2 vil så mykje meir, både av skjemt og alvor, dukkar det opp fleire snublesteinar mellom gullkorna.

 

Deadpool 2
USA 2018
Regi: David Leitch
Manus: Rhett Reese, Paul Wernick, Ryan Reynolds
Skodespelarar: Ryan Reynolds (Wade Wilson/Deadpool), Josh Brolin (Cable), Zazie Beetz (Domino), Julian Dennison (Rusty Collins/Firefist), Stefan Kapicic (stemmen til Colossus), Brianna Hildebrand (Negasonic Teenage Warhead), T.J. Miller (Weasel), Leslie Uggams (Blind Al)
Basert på teikneseriane «Deadpool», «X-Force» og «Cable», skapt av Rob Liefeld og Fabian Nicieza
Lengde: 1 t. 59 min.
Aldersgrense: 15 år
Norsk kinopremiere: 18.05.2018

 

Under vignetten «Synergi» tek vi for oss eksempler på korleis teikneseriar påverkar andre medier.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *