Mellom to stoler

Mellom to stoler

Sigbjørn Lilleeng sin romopera.

Lilleeng si nye bok «Mellom Planeter» er sett i verdsrommet på eit forfallent lasteskip, med forteljinga stort sett sentrert rundt den typen slice of life-situasjonar Lilleeng har jobba så mykje med sidan «Nebelgrad Blues», og eit B-plott om muterte romrotter som skapar dramatikk, sjølv om eg ikkje skal spoile for mykje der.

Hovudpersonen, Mikael, har visse gnissingar med medarbeidarar, gir si venninne Jeane på båten fordi han er hekta på ein offiser (eller administrator) ved namn Heidi, og er elles stort sett umotivert, usympatisk og reaktiv gjennom heile boka.

På eit enkelt overflatisk nivå er boka bra. Lilleeng er ein dyktig teiknar, han seier sjølv i forlaget sitt materiale at han visuelt la seg på noko mellom Charles Burns, Sprint og japanske påverknader, og det merkast. Det fungerer her, òg. Han er utan tvil ein særs dyktig teiknar. På slike ting som dialog så står framleis ein del att, men han er betre no enn på «Generator»(2012).

Viss dette hadde vore ei lettbeint genre-historie retta mot ungdom i 14-15 års alderen a la Über-antologiane så kunne eg sagt meg ferdig der. På det nivået er ikkje problema ved boka så merkbare.

Problemet er at det er så uklart kva Lilleeng eigentleg har prøvd å gjere her, og hans eigne kommentarar i forhold til kva han meiner boka er på Jippi si heimeside, gjer det enno meir utydeleg.

Det synast som om Lilleeng har ynskt å fortelje ei historie med djup tematisk klangbotn, nesten inn i magisk realisme, som ikkje er ute av takt med hans fokus på slice of life-historier, men han gjer ingenting med det potensialet som ligger i premissen. Til slutt er det berre eit B-film plott som sluttar abrupt midt i vendepunktet i 2. akt  kryssklippa med eit forenkla trekantdrama og ein deus ex machina-avslutning  som ikkje gir meining for karakterane.

Hadde det vore retta mot ei yngre målgruppe som ikkje er så kravstore, så kunne det fungert, men når Lilleeng så inkluderer fleire eksplisitte sex-scener som i min ungdom ville ha betydd ikkje berre 18-års grense, men behov for sensur med svarte merkelappar, så sender det for meg eit signal om at det er meint som ein vaksenserie. Der fungerer den ikkje.

Ikkje det at eg trur at ein 12-åring ville fått sår på sjela av å sjå desse sex-scenene, men dei verkar malplassert og som eit unødig hinder for den målgruppa.

Lilleeng seier at han ynskte å fortelje ein feministisk historie,  men problemet i så måte er at boka først ikkje består Bechdel-testen (to kvinnelege karakterer som har minst ein full scene åleine der dei ikkje snakkar om menn), og dei to mest framtredande kvinnene er enkle sjablongar som ikkje har noko sjølvstendig agenda. Deira einaste funksjon i plottet er å ha sex med hovudpersonen Mikael.

Lilleeng synast ikkje å ha oversikt nok over sci-fi-troper til å unngå klisjeer eller å få miljøet til å verke realistisk , og der ein del merkelege val kunne ha vore forsvart som metaforiske konstruksjonar innan magisk realisme, så forblir det uforløyst. Der eldre sci-fi a la «Flash Gordon»  på 1930-talet har eit klart øvre middelklasse-perspektiv, så hadde mellom anna «Alien» på 1970-talet og «Red Dwarf» på 1990-talet eit utprega arbeidarklasseperspektiv og det er der denne boka passar inn. Men for meg som tidlegare transportarbeidar /bryggesjauar så framstår til og med skildringa av dette miljøet som overflatisk og lite autentisk i denne boka. Med mykje sci-fi og fantasy så er det ikkje problem med vitskapen eller magi som gjer at lesaren mistar trua på historia, det er når det mest kvardagslege ikkje gir meining. Slik er det for meg her.

Det er mogeleg at Lilleeng har tenkt tankar om kva forskjellige ting betyr og korleis dei gir meining, men det har ikkje landa på papiret.

Eg skulle ynskje eg kunne vere meir positiv enn det, for Sigbjørn Lilleeng er ein veldig dyktig serieskaper.

Mellom Planeter
Av Sigbjørn Lilleeng
ISBN 978-82-92226-64-3
132 Sider
270 kroner
Jippi Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *