Mykje mellom himmel og jord

Mykje mellom himmel og jord

Tema for den nyaste Über-antologien ser ut til å ha vore inspirerande.

I omtalen av førre antologien, «ÜberKrig», nemnte eg at bidragsytarane er blitt mindre eksperimentelle i teiknestilen. Denne tendensen held seg i den nyaste Über-antologien, på godt og vondt. På godt fordi det kan bety meir fokus på historieforteljing, noko som ser ut til å vere tilfelle i alle fall i denne gongen.

Über-antologiane har variert mykje i sidetal, men Are Edvardsen har utrykt eit ønskje om ha kvar utgåve på 90-100 sider heretter. Eit potensielt problem med den ambisjonen er at det kan bli mykje fyllstoff som må til for å oppfylle målsettinga. Men i «ÜberOkkult» – som er på 98 sider, ikkje inkludert permar – er ikkje dette noko problem. Samlinga inneheld berre sju historier, og ingen av dei er kortare enn åtte sider. Ikkje at Über-publikasjonane ikkje kan innehalde gode korte serienoveller også, men dei lange, i nokon grad også dei halvlange, er vanlegvis dei mest interessante.

Eit anna mogeleg problem, akkurat denne gongen, er at temaet «okkultisme» har ein tendens til å resultere i den same, gamle klisjeen om ungdommar som leiker seanse og ikkje aner (før det er for seint) kva slags krefter dei leiker med. Heldigvis er ikkje dette tilfelle; bidragsytarane har mange ulike, til dels ganske interessante idear.

Savnet

Antologien opnar med sitt magnum opus, «Savnet» av Mac Ask og Andreas Håndlykken. 4:AM-teamet bidrog med ein seks siders historie i førre antologien, men tok seg fri frå 4:AM i ein lenger periode for å fullføre denne 20 siders serienovella, som dei har gitt inntrykk av å vere særs stolte av. Ikkje utan grunn, for teikningar og fargar er praktfulle, og historia har både ein smart oppbygging og ein tilfredsstillande konklusjon. Shyamalan-syndromet gjer seg gjeldande her; serieskaparane vil gjerne overraske lesarane, og eg skal innrømme at det er ikkje så lett å gjette seg til slutten.

Døren

Jey Levang er ein serieteiknar på veg opp, som vi nyleg fekk stadfesta med meldinga om at ho har skal teikne ein miniserie for Boom studios. Bidraget hennar denne gongen er ei novelle om magilærlingar, «Døren». Akkurat som sist gong leverer ho ein serie med sikker, spenstig strek og plass til karakterutvikling. Sjølve historia er litt enklare denne gongen, og har ein litt føreseieleg vri på slutten, men det eit solid arbeidsstykke.

Løgneren

Langt frå like sikker og rutinert i streken er Ingeborg Karlsby Wiulsbø, noko som overraskar, for «Moebius», hennar bidrag til den førre antologien, var mykje betre teikna. Bidraget hennar denne gongen, «Løgneren» er skisseprega, manglar bakgrunnar og verkar i det heile tatt som hastverksarbeid. Kanskje nettopp det var problemet, at ho var seint ute til ei deadline? Til gjengjeld er sjølve historieideen (eit tragisk «catch-22» for ein spådomskunstnar) god, og heilt greitt utført, med tydeleg entusiasme.

Etterpå

Også «Etterpå» av Graple Seed-teamet Håvard Heggenhougen og Eddie Jensen verkar som det er teikna i hast, sjølv om streken til Jensen er mykje meir rutinert uansett. Og historia, om ein spiritist og eit spøkelsesgut som hjelper andre spøkelse med å komme seg til «den andre sida», har nokre særs interessante aspekt. Historia begynner ganske uskuldig, med to unge «spøkelseshjelparar» på eventyr (eit bra konsept for ein teiknefilmserie, noko også som passar med teiknestilen), men spør ganske snart: kor lenge kan ein slik søt historie halde fram før den ikkje er søt lenger? Kor lenge kan eit usliteleg vennskap vare før det er slite? Heggenhougen handsamer denne ideen på emosjonelt overtydande måte, og det hjelper at han dyktig på dialog også.

Djevelharen

«Djevelharen» av Über-debutant Tuva Røisli er ein av desse seriane der det kjennest som om ein kjem inn i eit ferdig spikra univers utan å ha fått all den nødvendige bakgrunnsinformasjonen.  Den er lagt til ein speidarleir, men i ei verd der tydelegvis ikkje alle folk er menneske, og der det okkulte ser ut til å vere ein smule kvardagsleg.  Viss du er med på alt dette, fungerer historia likevel tåleleg bra; den morosame dialogen hjelper.

Kristina

Ein Über-bidragsytar som du kan stole på at alltid gjer noko heilt nytt kvar gong, både i stil og innhald, er Erland Hjortland Sandøy.  Han held fram å eksperimentere med mediet og filosofere, denne gongen over religion, hedonisme og sekularisme, i serien «Kristina», og forfriskande nok unngår han å gi overtydelege svar. Rett nok tyr han til metafiksjon for å ro det heile i land, noko som i seg sjølv eit billig poeng, men han får det til å passe inn i samanhengen.

Geba: 30 Dagers Varsel

Über-sjefen Are Edvardsen avrunder det heile med «Geba: 30 dagers varsel», ein serie som ikkje handlar så mykje om okkultisme (sjølv om han prøver å vri det i den retninga) som om serieskaparens eige absurdhumoristiske univers. «Pylsegeneralen», den gale pølsemakaren frå «ÜberEventyr» er attende i ein historie som ein treng eit flytskjema for å forklare ordentleg. La meg berre konkludere med at Ares eige, forskrudde teikneserieunivers er underhaldande og originalt nok til å rettferdiggjere ein plass i Über-antologiane nå og då.

Kombinasjonen av alt som verkeleg fungerer i dette albumet er nok til å gjere «ÜberOkkult» til ein av dei beste Über-antologiane nokon sinne. Fokuset på lange og halvlange seriar hjelper, stor variasjon innan tema hjelper, og vekt på historieforteljing og dialog hjelper. Teikneserieantologiar er uansett svært sjeldan på det jamne, men denne kjem litt nærmare enn de fleste.

ÜberOkkult
Av diverse
ISBN 978-82-03254-22-5
100 sider
150 kr.
ÜberPress

Les også:
Reiser i trussystem

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *