Når verkelegheita fenger

Når verkelegheita fenger

Den amerikanske dokumentar-serieskaparen Sarah Glidden vitja Bergen sist helg under litteraturfestivalen «Verden i Bergen» for å snakke om sakprosa i teikneseriar. Serienett snakka med henne etter førelesingane.

Kva påverka deg til å spesialisere deg på sakprosa i teikneserieform?

Det er noko eg berre bevega meg mot, frå å gjere memoarseriar og sjølvbiografiske teikneseriar. Journalistikk og sakprosa er ganske enkelt det eg er interessert i, eg berre handla ut frå nysgjerrigheit. I dette tilfellet var eg nysgjerrig på korleis journalistikk fungerer i utgangspunktet. Så eg laga ei bok om vennene mine, som var journalistar, og følgde dei på et prosjekt som resulterte i denne boka. Ved å gjere det, lærte eg meir om korleis journalistikk blir utført, og det blei noko eg begynte å gjere sjølv. Journalistikk er ei god unnskyldning for å følgje si eiga nysgjerrigheit og lage noko på det.

Memoarer og sjølvbiografi er i same familien som journalistikk. Du fortel sanninga, skriv og teiknar kva som faktisk skjedde. For meg var det ein grei overgang, for mange av memoarane eg hadde jobba med før, var relaterte til aktuelle hendingar, Så det involverte mykje forsking, og mykje studier av det som skjer i verda utanom mitt eige liv.

Sarah fekk eit slags gjennombrot i teikneseriebransjen med boka «How to understand Israel in 60 Days or less», ei teikneseriebok som først vart utgjeven på Vertigo/DC i 2010. Denne var basert på hennar observasjonar frå ei «Birthright Israel»-reise som ho gjennomførte i 2007. Seinare har ho følgt opp denne med hennar hittil mest omfangsrike verk, «Rolling Blackouts» i 2016, om krigen i Syria og Irak.

Bortsett frå di jødiske arv, kva er det som gjer deg interessert i Midtausten?

Eg trur USA er besatt av Midtøsten; nokon gonger på bekostning av andre stader. Det som skjer i Latin-Amerika, for eksempel  – Sjølv om vi har vore veldig politisk involvert i Latin-Amerika i lang tid. Men det er Midtausten media fokuserer på. Sjølv om eg ikkje hadde vore jødisk, kjem eg frå ein stad der det er i nyheitene kvar dag. Vi har krigar der, som vi starta, har vi ressursar der som vi gjerne vil utnytte. Så det er ein stad og en region som USA har generelt stor interesse av. For meg begynte interessa å vekse etter 11. september [2001]. Vi begynte straks å snakke om å gå til krig. Eg var 21 på den tida, og eigentleg ikkje så veldig med på kva som føregjekk. Eg visste ikkje mykje om politikk, og reaksjonen min på angrepet og mediedekkinga av det var: Kva har landet vårt gjort Midtausten, kvifor skjer dette? Så eg ønska å sjå nærare på politikken i regionen, og korleis USA har vært involvert der. Du veit, den slags ting som ikkje kjem fram i nyheitene kvar dag, men du treng den konteksten for å skjøne kva som skjer.

Lene Ask (midten) med Sarah Glidden (t.v.) og konferansier Øyvind Vågnes (t.h.) på Litteraturhuset

Kva gjorde deg interessert i å lage teikneseriar i det heile tatt?

Eg har alltid teikna. Eg visste alltid at eg ønska å bli ein slags kunstnar heilt sidan eg var liten, men eg var ikkje heilt sikker på kva slags. Nå for tida har unge jenter mange fleire teikneseriar som dei kan identifisere seg med. Men då eg vaks opp, var det ikkje mange teikneseriar som ei jente kunne føle var laga for henne. Og då snakkar eg ikkje ein gong om «jenteseriar».  Det fanst gutteseriar, men ikkje kjønnsnøytrale teikneseriar. I alle fall var det slik i USA, eg trur det er annleis i Europa. Nå er det tonnevis, men då eg vaks opp, var det ikkje noko eg syntes var interessant og som eg kunne lage. Eg var ikkje interessert i superheltar, og det var først på college at eg begynte å lese ting som Maus, Persepolis og arbeider av Joe Sacco, og då skjønte eg: Teikneseriar kan handle om alvorlege ting, dei kan handle om det verkelege livet. Ikkje sånn å forstå at eg leste Sacco og tenkte: Åh, det kan eg også gjere. Snarare var det sånn at eg leste desse seriane, og derifrå oppdaga eg arbeider av folk som laga journalbaserte teikneseriar – som James Kochalka, som laga «American Elf», ein dag til dag-teikneserie om sitt eige liv. Det var då jeg sa til meg sjølv: Okay, det er kanskje noko eg kan gjere også. Eg kan lage teikneseriar om livet mitt, om ting frå verkelegheita. Og så det var ikkje før seinare, då eg hadde drive på med dette ei stund, at eg følte eg var klar til å handtere meir alvorlege tema.

Tittelen «Rolling Blackouts» viser til strømsparing som fører til at bydelane veksler på å bli mørklagde. Her frå Sarahs opphold i den irakisk-kurdiske byen Sulaymaniyah

Foruten Sacco og Kochalka, er det nokon du vil framheve som inspirasjonskjelder?

Eg leser faktisk ikkje så mykje teikneseriar, eg leser meir prosa. Og så mange av dei største påverknadene på det arbeidet som eg gjer nå, er journalistar og forfattarar. David Foster Wallace sitt syn på verda har verkeleg påverka meg mykje, berre på grunn av måten han kunne sjå ting frå utsida, samstundes som han også hadde ein masse empati for menneske, han var ikkje nedlatande.

Saken med journalister er at de ikkje så ofte blir berømte på same måten som t.d. romanforfattarar. Men eg elskar verkeleg god narrativ journalistikk,  som arbeidet til Lawrence Wright; han skreiv ei bok om scientologi og ei anna om Al-Qaida. Journalistar som jobbar med veldig kompliserte saker, og gjer dei lettare tilgjengelege for et breitt publikum.

Ein grunn til at Sarah tek bilder av mest mogleg, er at det aldri er godt å seie kva ho vil framheve. Ein plaststol. t.d., er ein detalj som for vestlege lesarar kan gjere eit framand miljø litt mindre framand.

Under foredraget på Litteraturhuset, forklarte Glidden korleis ho jobbar når ho er ute i felten: Ho gjer opptak av så mykje som mogeleg, ho teiknar veldig raske skisser når hun er på ein stad der bruk av kamera er avgrensa, og tek elles fotografi av alt. For sjølv om streken hennar er forenkla, vil ho at alt skal være attkjenneleg, slik at eit gatehjørne i Damaskus, for eksempel, ser likeeins ut i teikneserien som det gjer i verkelegheita.

Men når ho kjem heim, med alle sine innspelingar, skisser og bileter, kor går ho derifrå?

Eg startar med å transkribere ting, sjølv om eg ikkje transkriberer alt, slik eg gjorde då eg arbeida med Rolling Blackouts, men eg går gjennom alle opptak og notater og prøver å organisere ting i forskjellige seksjonar, kategorisere referansematerialet. Det er som å løyse opp ein stor knute. Og det er ikkje alltid berre eitt inngangspunkt, du kan du jobbe med det frå mange forskjellige vinklingar. Du har samla ei materialmengde og prøver å oppdage kva slags historie du kan få ut av den – Kva vinklinga di er, og kva universelle tema du kan peike på. Eg trur at narrativ sakprosa ikkje berre handlar om den openberre historia; den handlar også om andre ting som er meir universelle, den kan røre ved andre saker i tillegg til det som du rapporterer.

Sarah Glidden har ein aversjon mot å la figurane sine uttryke seg på eit anna språk enn det dei brukte då ho møtte dei i verkelegheita.

Trur du det er lettare å få folks tillit når dei veit at du berre kjem til å offentleggjere dei i relativt enkel strek?

Det er lettare å få folks tillit, trur eg, fordi dei ikkje tek deg på alvor – Kanskje som ein teikneserieskapar, men også som ei kvinne. Mange gonger, spesielt når du snakkar med menn, blir dei ikkje så skremt av deg. Du er berre ei dame med ei skissebok, og kanskje trur dei ikkje ein gong at du kjem til å publisere dette. Så eg har oppdaga at det er lettare å komme folk inn på livet og få dei til å snakke ærleg med deg, fordi de ikkje er redde for deg, liksom. Og det er fint, men det ville også vere fint å få litt respekt nokre gonger.

Gliddens neste store prosjekt handlar om klimaendringar :

Det er framleis i ein ganske tidleg fase, men eg er interessert i å gjere eit omfattande arbeid på dette temaet. Eg trur at teikneseriar har evne til å få folk til å legge merke til noko som dei elles kanskje ville ignorert. Det er mange artiklar, bileter og tekst overalt i våre dagar, men eit handteikna bilete får framleis folk til å stoppe opp, og kanskje det kan lure dei til å lese noko. Og eg trur at klimaendringane er, i alle fall heime i USA, noko som folk enten nekter for at skjer, eller dei veit at det skjer, men de ønskjer ikkje å forholde seg til det, fordi det er for stort, for trist eller skremmande. Så eg vil bruke teikneseriar til å fortelje om korleis det allereie påverkar menneske over hele verda. Også i USA blir folk allereie fordrive av klimaendringar , stormar og tørke.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *