Ny, norsk mytologi

Ny, norsk mytologi

Eit norsk forlag utgir ein antologi med superheltseriar som ikkje berre er banale minimumsreferanse-parodiar. Og meir enn halvparten av bidragsytarane er jenter. Jepp, nittitalet kjennest som eit veldig fjernt minne.

ÜberSuperhelt skil seg i utgangspunktet frå dei andre antologiane i serien ved at alle historiane er meint å vere lagt til Norge, mange av dei ganske speifikt. Den norske tilknytinga blir poengert snøggast råd i den første historia, Katarina Strømsvågs «Karriere-Mål», der heltinna Gaupe (ei atletisk amasone med Batman-fakter) svingar seg frå lyktestolpe til lyktestolpe med Nidarosdomen i bakgrunnen. Som kjent har superheltar eit nært forhold til landemerker, særleg katedralar og skyskraparar, men når så mykje er sagt er det ein god grunn til at Domen er der. «Karriere-Mål» er elles ein veldig enkel og sympatisk superheltparodi som legg vekt på det visuelle, med poseringar og elegante akrobatiske rørsler i store ruter. Strømvåg og figurane hennar var også eit opplagt og ideelt val når det gjaldt val av omslagsillustrasjon.

Karriere-Mål

Fullt så enkelt er ikkje neste bidrag, Kristoffer Lindseths «Den Nye Nattskygge». Har du følgt ÜberPress i nokre år, hugsar du kanskje Lindseths teikneseriebok «Den Dødelige Nattskygge» som eit ganske heiderleg forsøk på å bygge opp eit vel fundert og passe komplekst superheltunivers på berre 100 sider. Dette er oppfølgaren. Heltane er forsvunne, og skurken har overtatt verda. Godt utgangspunkt det, ein klassikar, og det begynner lovande, med mange vellukka poeng.  Førehandskunnskap om sjølve serien er eigentleg ikkje naudsynt i det heile, men sofistikert kunnskap om sjangeren er eit pluss, for dette er superheltsatire på sitt mest postmoderne og sjølvreferansielle. Heile greia er praktfullt teikna, med elegante sveipande strekar. Problemet er at historia ikkje har mykje av eit poeng, og den flyter ut. Når nokon begynner å siterer fleire verselinjer av ein Black Debbath-låt midt under ein kamp, tyder det på idétørke. «Den Nye Nattskygge» verkar meir som ein smakebit på neste bok Nattskygge-serie enn som ein eigen historie. Men kanskje det var meininga…

Den Nye Nattskygge

«Den Avgjerande Boss-Mann» av Trine Normann er ei økologisk superheltforteljing. Eg er usikker på om den er meint å vere meir ein  parodi eller meir ein nostalgisk homage til Blekkulf. Poenget er i alle fall at Blekkulf (eller Ulfblekk, som han heiter her) har vorte for gamal for økologiske heltegjerningar, og må overlate feltarbeidet til den ein meir atletisk fiskemann. Teikningane er nydelege, og i seg sjølv noko av det aller proffaste i antologien, men på manussida er igjen avsluttinga litt svak; den vil for mykje.

Den Avgjerande Boss-Mann

Det aller meste av teikningane i ÜberSuperhelt ser i det heile tatt ganske pene ut. «Vargen» av  Alexander Slotten er eit merkbart unntak. Denne trufaste Über-bidragsytaren er alltid ein av dei som skil seg mest ut i den til eikvar tid aktuelle antologien med si palettaktige, figurative stil. Historia trekker inn samisk mytologi og blandar Wolverine med Marvels Thor, og Slotten vil tydelegvis veldig mykje med serien. Utføringa blir litt rotete, men serieskaparen har mange gode idear.

Vargen

Leitinga etter eit nytt aspekt ved sjangeren er ei vanleg øving innan superheltseriar (Kurt Busieks «Astro City», t.d., er dedikert til dette). «Jeg vant» av Victoria Lindquist og Gaute Knutsen, har det motsette utgangspunktet av «Den Nye Nattskygge»: Kva om helten får sin erkefiende i fengsel, og han blir der? Ei slik historie hadde typisk fokusert på kor keisamt det er å vere ein superhelt utan ein erkefiende, men denne serien har eit meir personleg fokus, noko som gjer den meir interessant.

Jeg Vant

«Wonder Boy» av Tuva Røisli spelar på trivialiseringa av superheltar. Igjen er sluttpoenget litt svakt, men historieforteljinga er meir solid, og held nesten til heilt på slutten. Vi er i eit univers der det finst eigne superheltskular, og der mutantar (i Marvels tyding av ordet, dvs. alle som er fødde med latente superkrefter) er vanlege. Og den sjølvutnemnte Wonder Boy er ein slik mutant; han er telekinetisk. Men han manglar ei velutvikla moralsk dømmekraft.

Wonderboy

«Supper-helt» (eit ordspel som diverre er like svakt i historien som i overskrifta) av Ingeborg K. Wiulsrød er lagt spesifikt til Bergen, noko som eg såg alt i første rute. Akkurat som med Gaupe så gjer den lokale tilknytinga det lettare å spele på sjarmen. Og akkurat som i «Wonder Boy» er hovudpersonen ein ung jypling som manglar sjølvkontroll. Samstundes er sluttpoenget noko av det same som i «Jeg vant»: Heltane treng skurkane meir enn omvendt. Poenget er mykje tydelegare og enklare her, men det treffer godt. Wiulsrød teiknar også tydeleg betre denne gongen samanlikna med førre antologien. Ikkje minst gjer ho meir med bakgrunnane denne gongen.

Supper-helt

«Stål-Kvinnen» av Johanne Bergill handlar igjen om trivialiseringa av superheltar, i form av ei beintøff og resultatorientert superheltinne sine forsøk på å skjule den hemmelege identiteten for kjærasten sin. Mange av historiane bruker humor, men denne gjer det mest vellukka. Bergill står for ei av dei penare teikna historiane i antologien, skjønt det kunne vore jobba meir med bakgrunnar, kanskje også med fargar. Den visuelle presentasjonen er likevel det mest underhaldande ved serien, men det hjelper også at den har eit litt overraskande sluttpoeng.

Stål-Kvinnen

Dei aller fleste bidraga spelar på lag med sjangerens eigne konvensjonar, og legger til personlege vriar. Men den avsluttande stubben «Kaptein Høvel» av Erlend Sandøy er av det litt meir surrealistiske slaget som bringer tankane til nittitalet. Tilsynelatande prøver historien å sobert avvise superheltkonseptet totalt, før den likevel går over i den meir nonsensaktige retninga som det først blei hinta om. To-tre til av det slaget hadde blitt anstrengande og pretensiøst, men når den står for seg sjølv sånn, kjennest den forfriskande.

Kaptein Manhatt… æh, Høvel

Når ÜberPress utgir denne antologien, er det på overtid. Det var ei tid då norske serieskaparar ikkje forsto superheltsjangeren godt nok til å fordjupe seg i den, men dei har vore klare i mange år nå. Det er for seint å gjere noko originalt; sjangeren har vorte dekonstruert så ofte at det er vanskeleg å finne nye perspektiv på den. Men fordelen med at sjangeren tross alt har så mange konvensjonar, er at antologien kjennest som eit meir heilskapleg verk. Der andre Überantologiar er som eit lappeteppe, er ÜberSuperhelt meir som eit felles arbeid mot eit felles mål om å skape eit litt uhøgtidleg superheltmytologi spesielt for Norge.

ÜberSuperhelt
Av diverse. Redaktør: Are Edvardsen
98 sider
150 kr.
ÜberPress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *