To lenka kister

Øystein Runde analyserer Mike Mignola (ein av bransjens aller mest
elska teiknarar, etter Øysteins utsegn) gjennom to forsider. 

Veldig mange teiknarar – som meg, Bill Sienkiewicz, Eric Powell, Mads Eriksen, Ronny Haugeland, osv, er intenst begeistra for minimalist-gotikeren Mike Mignola, både når han teiknar sin eigen figur Hellboy, og når han tolkar Batman, Aliens og Dracula. For tida er Mignola veldig aktiv på twitter, der han tolkar kjente popkulturelle figurar i sin stil og auksjonerer dei bort til inntekt for gode formål under pandemien.

Men kva kan vi eigentleg seie om stilen til Mike? Med utgangspunkt i to NESTEN like bokforsider har eg laga ei flåsete lita analyse.

Under – ein gammal og ein ny versjon av boka The Chained Coffin. Dei er berre 5+ år unna kvarandre om eg reknar rett – versjon 1 kom ut i 1998, og versjon 2 er datert med «M – 3», som eg tolkar til å vere 2003. Dei små nyansene mellom dei to framsidene er likevel nok til å bable litt om stilgrep.

Hellboy sjølv
Sjølve figuren Hellboy hadde ganske raskt blitt meir cartoony og mindre naturalistisk, så oppdateringa er nok fordi Mignola ville at figuren skulle sjå meir ut “som seg sjølv”. Men er dette ein bra ting? Eg går for nei, den gamle har ein realisme over seg som jordar figuren litt.

1 – 0 til originalen.

Måne
Månen er tynnare i den gamle – og i begge tilfella ser vi ein måne som ikkje har noko som helst med vår planet å gjere. Månen i Hellboy sitt univers er tydeleg større enn vår, eller så er jorda Hellboy bur på mindre, noko som kan forklare kvifor Hellboy overlever kvar gong han dett ut av gamle kirker (Mindre gravitasjon).

2 – 0 til originalen.

Negative rom
Bruken av kontrast mellom forgrunn og bakgrunn skaper interessante negative rom. I dette kan Mignola minne om både kunstnaren Egon Schiele …

(Merk mellomromma mellom fingrar og mellom lår!)

… og om Mignola sin helt, Conan-tegnar Frank Frazetta:

(Merk handa som tittar opp av likhaugen. Altfor elegant bøying av fingrane, minner mest av alt om når Gud skaper Adam i Michelangelo sitt maleri i taket i det Sixtinske kapell.)

Så då har vi besøkt Schiele, Frazetta og Michelangelo i rask rekkefølge, altså, for å snakke om Hellboy. Rett og rimeleg, spør du meg. Og det trass i at kroppane som Schiele og Frazetta velger å teikne høyrer til kvar sin ende av anatomi-skalaen.

Det negative rommet – altså kor sprelsk omrisset av motivet er i relasjon til bakgrunnen – er ikkje noko som kan målast objektivt, men det er der.

Døme: Den sprekken i kistelokket i 1998-versjonen. Kjempefin. Og den manglar i 03-versjonen. Sprekken er kjempekul! Og kurva i skuldera til Hellboy kontrastert mot vinklane i likkistelokket er ein viktig del av det enkle, ikoniske negative rommet i 1998-framsida. Skuldrene til Hellboy er jo ein veldig viktig del av serien, og har vel i grunnen overkjørt mykje av mine eigne kunnskaper om korleis skulder-anatomi faktisk funkar.

Altså: 3 – 0 til originalen.

Fargar
Dave Stewart, fargeleggaren til Mignola, seier i boka “the Art of Hellboy” at Mignola vil han skal tenke på tegninga som oppbygd av eit lyst plan og eit mørkt plan. Sjølv om det også kan vere skyggar på ting som er i det “lyse” planet, skal fargane reflektere det. Ein kan sjå dette best i den gamle framsida til the chained coffin, for både Hellboy og skallane er meir åpenbart mørke i 1998-framsida.

4 – 0 til originalen.

Karakterdesign
Mignola har også ei intens begeistring for karakterdesign, som har gitt han jobbar med å designe monster, karakterar og bakgrunnar i alle moglege filmar. Her, frå Guillermo del Toro si utstilling “at home with monsters”, får vi sjå litt av Mignola sine skisser til Del Toro-filmen “Blade 2”:

Han er altså til stade i moderne film, men Mignola eeeelskar framfor alt gamle skrekkfilmklassikarar. Og det merkast.

Karakterdesignet er like bra i begge omslaga. Den nyare har ein litt meir modna Hellboy-look, og Hellboy sjølv “poppar” nok meir i den nye.

Klarer ikkje ta eit valg her, så framleis 4 – 0.

Strek
Mignola kombinerer tynne omriss – om enn ikkje så tynne som hos Finn Graff – med kraftige skyggefelt á la Jack Kirby / Hugo Pratt. Streken er i stor grad den same frå den gamle til den nye framsida, men sirkelformene er runde på ekte i 1998-versjonen, medan i den frå 2003 (som på den trepluggen nede til venstre) er sjølv runde former bygde opp av rette strekar.

Eg synest det er meir gøy når han vekslar mellom rundt og kantete. Det er eit skille mellom å “finne sin stil” og å finne sin stil litt for godt.

5 – 0 til originalen!

Kommunikasjon

Det må seiast at eg godt kan sjå at omslaget på den nyare er meir forseggjort, at det er utført av ein teiknar med endå meir kontroll på virkemidla. 2003-omslaget viser jo faktisk fram Hellboy, ikkje berre ein gråaktig blob med enormt spennande negativt rom. 2003-omslaget gjer altså jobben med å vise fram figuren sin betre.

6 – 1

Frakk
Og det må seiast at min dom over 2003-versjonen nok er prega av at eg var totalt forelska i 1998-versjonen og stirra intenst på den for å suge inn kvar einaste detalj. Og det skjer jo meir i 2003-versjonen. Frakken er mykje saftigare. Eg gir 2003-versjonen eit poeng til, eg.

6 – 2

(Men det å teikne på ein sprekk i kistelokket er faktisk best.)

Og dermed har eg sett meg til doms over ein av min bransjes aller beste teiknarar – heilt unødvendig. Begge omslaga er jo knallbra. Gratulerer, Øystein! Bra jobba!

Link til dei nye auksjonane med originalskisser finn du stadig vekk på Mignola sin twitter.

Og Eric “The Goon” Powell sitt dagsaktuelle samarbeid med Mignola her.

Og Bill Sienkiewicz sitt facebook-album der han har tusja Mignola sine nye blyantskisser for kos, her.


2 tanker om “To lenka kister

  1. Tja. Sprekken i kistelokket gjør en god jobb i originalen, hvor effekten mye handler om en mørk silhuett på en lys bakgrunn. I nyversjonen bygges forgrunnen mer opp, med mer illusjon av tredimensjonalitet og mer aktivitet. Mot denne har sprekken mindre jobb å gjøre, og kan i verste fall tenkes å forstyrre forgrunnen.

    1. Det er sant! Heilt annan intensjon i den nye. Men eg synest det er synd at fokuset på todimensjonalitet blir borte, då. Det er jo todimensjonalitet som er særpreget til Hb, synest du ikkje? Tredimensjonalitet er det jo mange som er gode på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *