Planlegger nye Blokk-bøker

Ingrid Brubaker og Anja Dahle Øverbye har fleire planar for Blokk forlag framover, og også nokre utanom. Serienett snakka med begge to på Bergen Art Book Fair.

Bergen Art Book Fair (BABF) er, mellom anna, lanseringsstad for fanziner av alle slag. Blokk Forlag kom med to nye teikneseriefanziner til denne festivalen: «Daz» av Kai Nødland, som tidlegare har levert eit bidrag til antologien «Byrjing». Øverbye og Brubaker likte dette så godt at dei ba han om å lage meir. I utgangspunktet spurte dei Nødland om han var interessert i eit bokprosjekt, men innimellom fulltidsjobben som grafisk designar hadde han ikkje tid.

Kjært, Fælt og Sirkulært

Den andre er «Kjært, Fælt og Sirkulært» av Åge Peterson. Samarbeidet kom i stand etter at dei fekk sjå på den førre fanzina hans, «Ghost» medan dei satt ved sida av kvarandre på marknadsplassen til OCX i sommar, og lot seg begeistre av den.  Ettersom han har erfaring med risografi (ein populær trykketeknikk blant fanzineutgjevarar), trykka han den opp sjølv.

Anja Dahle Øverbye og Ingrid Brubaker på Bergen Art Book Festival

BABF var også staden der «Dog Days», den engelske omsetjinga av Øverbyes «Hundedagar» blei sloppe for første gong. Forlaget Central, som tidlegare også har fått«Kjære Rikard» og «Moskva» omsett til engelsk, står bak denne.

Når ein norske serieskapar har utgjeve ei populær, kritikarrost, kanskje til og med prislønna teikneseriebok, kjem spørsmålet om ein oppfølgar gjerne ganske fort. Anja Dahle Øverbye har for lengst begynt planlegginga av ein slik oppfølgar til «Hundedagar», nemlig teikneserieboka om tida hennar på Kunsthøgskolen i Bergen. Ho føler seg trygg på at denne er klar til OCX neste år, sjølv om ho innrømmer at det er mykje arbeid igjen.

I mellomtida held Brubaker og Øverbye det gåande med «Ustabil», ein podcast om mental helse og depresjon – Tema som opptek dei to personleg. Som kjent har Anja Dahle Øverbye vore utleverande før om sin angst, og også i «Ustabil» tek dei utgangspunkt i deira eigne historiar og anekdotar. Ideen til podcasten fekk dei på veg til årets teikneseriefestival i Stockholm, då dei satt i baksetet på Jippi-bilen og idémyldra.  Mottakinga har vore veldig positiv, og lyttartalene har vore høge ut frå kva dei forventa. Og sjølvsagt har dei fått mange gode tilbakemeldingar; både frå folk som har likt å høyre på, men også belyst at det er eit veldig viktig tema å snakke om. Mange kjenner seg igjen.

Ser me litt framover har Blokk Forlag eit par nye utgjevnader på gong.  Gina Wynbrandts «Someone please have sex with me» kjem til å heite «Kan noen være så snille å ligge med meg» i den norske omsetjinga. Den er under arbeid nå; Brubaker har omsett den, og sendt det norske manuset til Wynbrandt. For det litt spesielle med denne omsetjinga er at dei får den amerikanske serieskaparen til å skrive den norske teksten. – Gina Wynbrandt har ei karakteristisk handskrift som ser veldig bra ut på trykk i originalen, forklarer Brubaker, så vi ville ha det same. Så ho sit og knotar med det nå; forhåpentlegvis skjøner ho norske ordelingsreglar.

Gina Wynbrandts sjekketips blir snart å sjå i norsk språkdrakt

Mens den første Blokk-antologien «Byrjing» var ein bortimot rein teikneseriepublikasjon, blir neste bind meir blanda – Vi har søkt støtte til ein teikneserieantologi som går litt utover det vanlege formatet, fortel Brubaker. Den kjem også til å innehalde andre skjønnlitterære og visuelle verkemiddel og bidrag, men i hovudsak ein teikneserieantologi. – Vi har ikkje fått støtte til prosjektet ennå, innrømmer Øverbye. Av den grunn vil dei halde tilbake namna på dei involverte mens dei venter. Men bidragsytarane blir som førre gong, både serieskaparar og folk som ikkje har laga teikneseriar før.

-Viss vi får støtte, kjem det til å gå radig, då får vi ut antologien før neste OCX; på våren, anslår Brubaker.

Les også:
Festival i visuelle grenseland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *