Platonisk og urokkeleg

Platonisk og urokkeleg

Kenneth Larsen har skildra sitt livslange venskap i teikneserieform, nesten like lenge som venskapet har bestått. Nå er Bestis samla i bokform. 

I 2016 fekk Bestis plass i Pondus med førehaldet om at det skulle vere ein «gjesteserie» . Den har gått i bladet sidan. Ei «mellombok» var neste naturlege steget for serien – Ei slik bok blir ein kvar Pondus-biserie til del når den har fått litt tid til å skape seg eit namn og serieskaparen har produsert nok striper.

Kenneth Larsens serie er delvis sjølvbiografisk, med det sedvanlege førehaldet om til dels store overdrivingar og dikterisk fridom som alltid kjem med ein humorserie basert på serieskaparen sitt eige liv. Heile serien dreier seg rundt det livslange venskapet hans med ei viss Marthe Nordvik (serien bruker dei verkelege fornamna). For enkeltheits skuld er dei begge tidleg i 20-åra i serien – Men ofte med flashbacks, så Larsen utnytter eit heilt livs venskap i arbeidet med serien.

Datingsabotør utan skruplar

Det er eit merkeleg venskap som serien skildrar, eit som tåler utrulegaste. Kenneth og Marthe elskar å audmjuke kvarandre. Vanlegaste running joke er at Marthe konstant går på date, og at Kenneth blir involvert på ein eller annan måte. Han kan vere hjelpsam før daten er eit faktum, men prøver ofte å sabotere den når den er i gong – Unntatt når Marthe bed han om hjelp til å sabotere den, sjølvsagt. Som lesar er ein likevel aldri i tvil om at motivet hans for å sabotere er fullstendig platonisk – Han er redd for å miste bestevenen sin.

Ja, har vi ikkje høyrt den før…?

Samstundes ser vi aldri Kenneth gå på date sjølv. Er han i skapet? I bokas intervju med serieskaparen (meir om det redaksjonelle materialet seinare) blir dette antyda, men det seier mykje om Larsens evne til subtilitet og fokus at eg aldri tenkte på denne moglegheita før eg las intervjuet. Seksualiteten til Kenneth framstår ikkje som viktig. Ikkje før heilt mot slutten av boka dukkar det opp ein stripesekvens som drøfter dette, og sjølv den handsamar temaet ganske forsiktig.

Kenneth Larsen blir kreativ med bildekomponeringa når han ikkje er bunden av stripeformatet

Ikkje at serien er særleg subtil til vanleg, tvert imot er den ekstremt utagerande. Larsens humor kan vere både brutal og bombastisk. Særskilt kjem dette til uttrykk i dei to historiene som også er samla i boka, «Tøff i Trynet» og «Fri som Fuggeln». Bestis begynte nemlig ikkje som ein stripeserie, noko som kanskje forklarer det sterke grafiske uttrykket i serien – Larsen var i utgangspunktet ikkje bunde av restriksjonane i stripeformatet. Etter kvart har tilpassa seg formatet, noko som gjer seriane hans litt mindre sprelske, men som også inneber at han er blitt betre på komisk timing, medan han har behalde den visuelle forteljarevna. Eit anna resultat er at han evner betre en dei fleste norske stripeteiknarar å drive ei historie (i form av ei stripesekvens) framover.

Bestis bruker sju sider på Halloween – Meir enn kva sjølv Nemi ville gjort

Å konsekvent bruke trønderdialekt er ein enkel, men effektiv måte å gi serien eigenart på. I eit dialogbasert medium som dei fleste teikneseriar er, blir dette brukt mykje mindre enn ein skulle tru. Språket blir meir naturleg og også «reinare» på den måten, fordi ein ikkje så lett tyr til skriftlege formuleringar.

Nivået på vitseforfattarar er ganske høgt i norske stripeseriar av i dag, og Kenneth Larsen hevdar seg godt i dette selskapet, sjølv om Bestis ikkje er den serien som underteikna gapskrattar mest av. Det er meir sjølve energien som gjer inntrykk, kombinert med ein god balanse mellom det dryge og det hjartevarme.

Ein av farane ved eit veldig aktivt datingliv

Den redaksjonelle utføringa fortener særs heiderleg omtale; denne boka er ikkje berre «Bestis», men også «Alt om Bestis». Intervjuet med serieskaparen er obligatorisk, men dessutan får vi ein gjennomgang av Larsens utvikling som serieskapar sidan den spede barndommen, intervju med Marthe Nordvik, Bestis-quiz med dei to før nemnte, galleri med private fotos, og litt informasjon om bakgrunnen for «Tøff i Trynet» og «Fri som Fuggeln» . Vi snakkar om ein veldig fyldig totalpakke.

 

Bestis – #friendshipgoals
Av Kenneth Larsen
Forord av (redaktør) Tom Ostad
120 sider
169 kr.
Egmont

Les også:
Fra Bestis til Donald

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *