Stillbilete frå røvarskogen

Stillbilete frå røvarskogen

Ein Ronja Røverdatter manga kunne har vore interessant. Dessverre er det ikkje akkurat det vi får her.

Hayao Miyazaki, som seinare skulle grunnlegge Studi Ghibli og bli ein av tidenes høgast skatta animasjonsregissørar, ville i 1971 lage ein anime av Pippi Langstrømpe. Men Astrid Lindgren sa nei. Så kanskje kan det sjåast på som Miyazakis forseinka siger då Studio Ghibli fekk løyve lage ein anime av Ronja Røverdatter i 2014, under oppsyn av Miyazakis sønn Goro.

Denne adapsjonen av Ronja Røverdatter ligg til grunn for Cappelen Damms nye teikneserieversjon av boka. Anime’en følgjer boka ganske nøye, og personlegdomane er stort sett i behald. men mange detaljar er lagt for å få serien til å vare i 26 episodar. T.d. er ein heil episode, som også er gjengjeve i denne boka, sett av til Ronja sitt første møte med grådvergane.  Slik tilfelle ofte er i anime, er mange figurar blitt utsett for ei viss forskjønning; Ein ting er at Ronja og Birk er litt yndigare her enn i filmen, men puristar som hugsar den uflidde, råbarka røvarhøvdingen Mattis i Börje Ahlstedts legendariske tolking, kan nok ha vanskar med å svelgje ideen om at den klassisk pene mannen i posete rosa bukser skal vere same karen – sjølv om han framleis er ein tøffing når det trengst.

Den første teikneserieboka, «Tordenværsbarn» tek for seg historia fram til Ronja oppdagar kva røvarar eigentleg er. Det er også kome eit bind to i same serien. Sånn sett har serien visse likskapar med ein annan barneboklansering frå Cappelen Damm i haust, nemlig «ZombieLars», som også er ein teikneserieadapsjon på hittil to bøker av ein barne-tv-serie.

Den viktige skilnaden er at mens «ZombieLars»-teikneserien har nye teikningar, bruker «Ronja Røverdatter» stillbilete frå teikneserien. Ein slik framgangsmåte det er sjeldan ein ser nå til dags. Den har nesten noko sjarmerande arkaisk ved seg, men i tillegg til å vere ein billig løysing, gjer den heile publikasjonen overflødig. For det første, kven treng ei samling med bilete når det er så lett å finne dei animert? Teiknefilmserien er ikkje vanskeleg å spore opp; den finst komplett både på DVD og Netflix. For det andre kjennest det uansett meir kunstig enn ein teikneserieversjon – Bileta er flotte, særleg landskapsmotiva, men animasjon sett opp sekvensielt i stillbilete verkar uunngåeleg stive og, ja, mindre animerte enn ruter laga spesielt til ein teikneserie. Å legge snakkebobler på bilete der dei ikkje opphaveleg var meint å vere, aukar kjensla av kunstigheit, og kan i verste fall minne om fotonoveller.

Komposisjonen av bileta er det i og for seg ikkje noko galt med, den fortel historia omtrent som i alle fall eg hugsar den. Men det forleggaren prøver å selje publikum med denne bokserien, er ei resirkulert, andrerangs utgåve av både Astrid Lindgren og Studio Ghibli.

 

Ronja Røverdatter – Tordenværsbarn
Historie av Astrid Lindgren, illustrasjonar av Studio Ghibli
Omsett av Agnes-Margrethe Bjorvand
ISBN 978-82-02-59803-7
104 sider
199 kr.

Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *