Ut av si eiga verd

Ut av si eiga verd

Med «Schattenspringer» har Daniela Schreiter gitt ein sympatisk og humoristisk stemme til verdas Aspergarar.

Eg har diagnosen Aspergers Syndrom.

Når eg fortel dette til folk, blir eg vanlegvis møtt med forståing, så eg burde ikkje klage. Men eg ser jo på nettet at diagnosen er omdiskutert. Veldig mange menneske tviler på at den er reell. Eller så trur dei for så vidt at den er reell, men at den er så sjeldan at dei fleste som hevder å ha Aspergers lyg både for seg sjølv og andre. I verste fall blir heile tilstanden avfeia som ei unnskyldning for dårleg oppførsel som du fordømt godt er i stand til å slutte med når som helst, men du vil heller gøyme deg bak ein falsk diagnose fordi du er ein feig dritsekk.

Serieskaparens superhelt-alter ego i møte med cybertroll og besserwissarar. Frå nettserien «Autistic Hero-Girl»

Noko av grunnen til denne mistrua kan vere at Aspergers ikkje er så klart definert. Nokre trekk er dei same, men diagnosen kan gi seg til dels særs ulike utslag.

Daniela Schreiter er ein tysk serieskapar, fødd i Berlin (Vest-) i 1982, og diagnostisert med Aspergers Syndrom. Ho teikna mest under psevdonymet «Fuchskind» før ho begynte for fortelje om korleis det er å leve opp med Aspergers i bokserien «Schattenspringer» (Skuggehoppar). Til saman tre bind med serieskaparens avatar i hovudrolla er utkome i denne serien, den seinaste i juni 2018. I mellomtida har ho også skapt nettserien Die Abenteuer von Autistic Hero-Girl, der ho igjen bruker ein avatar av seg sjølv i hovudrolla. Denne artikkelen tek utgangspunkt i originalutgåva av bind 1 «Schattenspringer – Wie es ist, anders zu sein» (sjølv om den engelske tittelen på boka er endå meir poetisk – «The World Beyond My Shadow»).

Uttrykket «Skuggehoppar» fekk Daniela frå mora.

Ofte får serieskaparen spørsmål om korleis det er å vere autist. «Det er vanskeleg å forklare, då eg ikkje veit korleis verda til den som spør ser ut», seier ho. Likevel ville ho prøve å forklare.  «Schattenspringer» er difor både ein biografi og eit pedagogisk verk. Den følgjer i grove trekk livet til forfattaren frå fødsel til tidleg vaksenliv, men er meir forteljinga om ein sinn enn eit liv. I utføringa ligg det ei erkjenning av at autistiske resonnement kan vere vanskeleg å gripe, og boka har difor uunngåeleg mykje tekst. Likevel er den blitt noko heilt anna enn ei illustrert lærebok om Aspergers Syndrom; den er ein teikneserie om Aspergers syndrom, og det er ikkje det same. I alle fall ikkje når ein gjer det ordentleg. Danielas bakgrunn som serieskapar frå før «Schattenspringer» er vesentleg. Ho tenker grafisk, i bilde og metaforar og sterke uttrykk, og har ein utettervendt uttrykksform (litt ironisk med tanke på bokas tema).  Skjønt eit av dei attendevendande visuelle uttrykka hennar er av det meir subtile slaget: Ho teiknar seg sjølv med antenner på hovudet for å signalisere at ho, som ho seier aller først i teikneserien, «ofte har ei kjensle av å ha landa på feil planet».

Forventningar og idear som serieskaparen blir møtt med, er ofte ikkje særleg realitiske

Etter innleiande refleksjonar om dette omgrepet,  er Daniela tidleg ute med å framheve både likskapen og ulikskapen i tilstanden vår i det første kapitlet, «Gelandet» (landa). Ho hadde problem med å lære seg å knyte skolissene; det hadde eg og. Men mens eg lærte meg det ved å gjenta bevegelsane om og om igjen utan å tenke på dei, lærte ho det ved å analysere lissekonstruksjonen.

Daniela fekk tidleg god kontakt med dyr. Meir enn med menneske.

Berøringsangsten, som ho også veldig tidleg kjem inn på, kan eg i mykje større grad relatere meg til, men i samband med dette kjem serieskaparen vidare inn på den enkeltståande detaljen der vi skil oss mest frå kvarandre: Ho søkte fysisk kontakt ho kunne tåle, og den fann ho hos dyr. Dette kunne ikkje vore meir ulikt meg, som alltid har skydd kontakt med dyr.

Behovet for å kontrollere lyd melder seg i møte med støyande uteliv.

Tydelegare blir identifikasjonsevna mi når det gjeld lyd. Samarbeidet med eigne sansar er ei livslang utfordring for Daniela Scheiter. Folk spør henne korleis det har seg at ho liker å spele musikk så høgt på øretelefonar når ho er så var for høge lydar generelt. Forklaringa er enkel: Musikken er kontrollerbar, den kjem ikkje plutseleg og overraskande. Ønsket om å halde på kontrollen over ein kvar situasjon er særs viktig for oss begge. Dette er grunnleggande; sterke, uventa sanseinntrykk fører gjerne til ei kjensle av å miste kontroll.

Ei eiga lite verd utfolder seg i gardinmønsteret

Andre kapitlet «Schulbeginn» (skulestart) er konkret og kort, og truleg teke med av nødvendigheit meir enn fordi temaet ga serieskaparen noko særskilt inspirasjon  – Utfordringane som ein møtte på barneskulen er jo noko som alle kan kjenne seg igjen i, og sjølv Daniela sine utfordringar, slik dei her er skildra, kan ikkje vere heilt framande for ikkje-autistar. Meir personleg er tredje kapitlet «Meine Welt» (Mi verd), ei eigenanalyse av forfattaren i fortid og nåtid. Her er det at ho kan bli vanskelegare for utanforståande å begripe, og serieskaparen går difor meir i detalj både tekstleg og biletleg. Mellom anna bruker ho mykje plass på å forklare forholdet sitt til datamaskinar og telefonar, og til og med på noko så prosaisk som å studere og tolke gardinmønster. Som så mykje anna tilsynelatande bagatellmessig i  «Schattenspringer» er dette sistnemnte meiningsfullt for å forstå forfattarens psyke, og ein smart måte å gjere stoffet meir levande på. Eit typisk trekk ved Asperger-autisme er evna til så sjå det store i det små, og ha blikk for detaljar som folk flest ikkje tenker over. Mange trur framleis, ofte med «Rain Man» som einaste referansepunkt, at dette betyr at autistar har ein hjerne som ein datamaskin. Både eg og serieskaparen veit sjølvsagt at dette er feil. Å ha blikk for detaljar betyr så mykje meir, og ofte noko heilt anna, enn blikk for tal og trivialkunnskap.

Bassengkloren viste seg å vere for mykje for vesle Daniela

Som eit slags apropos til dette med å sjå det store i det små har Daniela dedikert eit heilt kapittel til å fortelje om angsten ho hadde for symjebasseng i barndomen. Dette må sjåast i ein samanheng med problemet med overfølsame sansar, som ho også var inne på i første kapitlet.    

I barndommen fann Daniela det ofte lettare å leike med gutar

«Freunde schaffen» (vinne venner) er namnet på siste og mest essensielle kapittel. Her fortel serieskaparen ikkje berre om modningstida frå barneskulen til livet som ung vaksen, men oppsummerar så mange av dei grunnleggjande poenga om Aspergers Syndrom at delar av kapittelet kunne vore klippa saman til en informasjonspamflett. For det blir uunngåeleg mykje oppsummering, og ein og annan tekstvegg, sjølv om ho vanlegvis held fokus på underhaldningsverdien. Ho gjentek poenget om at dyra var hennar første vener. Ganske ulikt meg, som sagt, men eg skjønar logikken som ho bruker: Dyr har enkle sosiale reglar, og bruker eit meir direkte kroppsspråk. Då ho blei eldre, utvikla ho etter kvart ei meir praktisk haldning til dette med (menneskelege) venner: Det plaga henne ikkje å vere utanfor, men ho sakna dei fordelane som ho såg ved å ha vener. Kynisk kanskje, men eg kan forstå tankegongen. Då ho så smått begynte å sosialisere meir med andre barn, var ho meir med gutar, fordi desse leiker etter klare reglar. Igjen, eg skjøner tankegongen, sjølv om lengta etter klare reglar og ordningar, på eit viktig felt, ga seg heilt andre utslag enn hos meg: På skulen gjorde ho det best i realfag.

For å vere ein høgt funksjonerande autist er det ofte nødvendig å spele roller kvar dag

-Det finst ikkje DEN autisten, seier serieskaparen avsluttingsvis. – Vi er alle annleis. Kommentaren er tydeleg meint som ei handsrekning til «dei andre», men fungerer også for underteikna som ei påminning (eller ein konklusjon) om at tilstanden ikkje er eintydig. Til sist er likskapane likevel i fleirtal, og etterlet ikkje tvil om eit fellesskap. Vi har den vanskelege tilvenninga til sosiale spelereglar, behovet for å spele eit slags «skodespel» ute blant folk, , den ubehagelege «sa eg noko galt?»-kjensla, og den endå meir ubehagelege kjensla når du har hatt «Der Meltdown» – eit stresstrigga raseriutbrot – og er smerteleg klar over at du sa noko galt. Og når ein skal framheve fordelane som tilstanden trass alt kan føre med seg av nøyaktigheit, går det same igjen: systematikk, motivasjon, persepsjon, pålitelegheit, m.m.

Når «Der Meltdown» inntreffer, er det ofte ikkje anna å gjere enn å legge seg heilt flat etterpå.

Daniela Schreiter bed om litt av den forståinga som ho sjølv nett har prøvd å bidra til før ho forlet sin eigen planet og vender attende til vår felles verd. Derifrå har ho seinare haldt fram med å bidra til forståing, med ei visuell kraft og ei livsglede som er til eksempel både for andre serieskaparar og andre «aspies».

 

Schattenspringer – Wie es ist, anders zu sein
Av Daniela Schreiter
Forord av forfattaren, etterord av bloggar Benjamin Falk
160 sider
€ 20
Panini Comics

Digitale utgåver på tysk og engelsk:
Kindle
Comixology

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *