Serieformidling i 111 år

Serieformidling i 111 år

Viss ein seier teikneseriar og Norsk Barneblad, tenker dei fleste på to årvisse og langliva julehefte. Men sjølve bladet har i mange år vore viktig for formidling og produksjon av norske teikneseriar for barn.

I Tore Strand Olsens nye lærebok for aspirerande teikneserieskaparar, Tegn Serier!, er Norsk Barneblad nemnt, saman med Forresten, Bobla og Überantologiane, som trykksaker der serieskaparar kan prøver å seriane sine på trykk. Denne beskjedne, men likevel handfaste anerkjenninga er ei viktig påminning om Norsk Barneblad sin betydning, sjølv i dag.

Dei tre store
NB held fram med å trykke teikneseriar for barn den dag i dag. Opp gjennom åra har det blitt noko import og nyopptrykk, men sidan 90-talet har det aller mest vore nytt, og laga spesielt for bladet av norske serieskaparar. I 2017 er 8 sider med teikneseriar i eit 32 siders blad det vanlege.

«Baane-Laat» frå 1906 var den første teikneserien i Norsk Barneblad

Norske Barneblad har særs lange tradisjonar for teikneseriar. Den aller første teikneserien som sto på trykk i bladet var «Baane-Laat» av Mons Breidvik i 1906. Tilfeldigvis var det også i akkurat same nummeret at bladet første gong trykka ei teikning av Jens R. Nilssen. Nilssen skulle seinare ble den første store serieskaparen i bladet; han teikna «Smørbukk» frå 1938 og «Tuss og Troll» frå 1944.  Framleis kan ein snakke om Jens R. Nilssen, Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes som «dei tre store» i Norsk Barneblads teikneseriehistorie. Det er epoken som begynte med sistnevnte vi skal fokusere på her.

Bygdeforteljaren
Aasnes er bygdeforteljaren framfor nokon i moderne, norske teikneseriehistorie, samstundes som han også er ein av våre mest allsidige og geskjeftige serieskaparar, og ein viktig fornyar då han kom inn Norsk Barneblad. I 1982 tok han over Smørbukk frå Solveig Muren Sanden, både i bladet og juleheftet. Frå 1988 overtok han også manusarbeidet. Aasnes hadde tidlegare erfaring som auteur frå Seidel og Tobram (ein serie han heldt fram med til 1991), og nå fekk stadig nye høve til å vise seg fram, ikkje berre som ein dyktig teiknar, men også ein habil vitse-og manusforfattar i Norsk Barneblad. Han var den første teiknaren som fekk skrive Smørbukk sjølv.

Håkopn Aasnes innførte snakkebobler i Smørbukk, og iblant prøver han å modernisere serien på andre måtar også. Ingen premie for å gjette kva Smørbukk leiter etter her.

Samstundes som han laga Smørbukk og «Seidel og Tobram» (og tidvis teikna ganske mykje anna, m.a. Olsenbanden), laga han også ein serie for Bondebladet som heitte «Vi På Eiketun». Det var ein utprega familieserie, lett humoristisk og sjølvsagt lagt til landsbygda. Og på bokmål, men nokre avsnitt blei etter kvart omsett til nynorsk og trykka i NB. I desse avsnitta blir ein av hovudpersonane, Ralle (sonen i familien som serien dreier seg rundt) kjent, seinare kjærast, med ei innflyttarjente, Annika. Dåverande redaktør Olav Norheim i NB ville ha ein eigen teikneserie med desse figurane, og Aasnes starta difor teikneserien «Annika» i 1991. Annika og Ralle var framleis saman, men dei gjekk frå å vere barn til tenåringar. Dermed fekk Aasnes fridom til å ta opp meir alvorlege og sosialrealistiske tema. T.d. er foreldra til Annika skilt, og faren hennar har store alkoholproblem. Og derifrå blir det berre verre. I ein ganske tidleg historie oppdagar ho at læraren hennar er pedofil. Ein annan historie (som blei trykt «etter grundig vurdering») handlar om sjølvmord blant unge.

Mora til Annika prøver som best ho kan å forsørge dottera ordentleg, men ho har ein tendens til å seie ja til tilbod eller førespurnader ho ikkje burde sagt ja til. Slik starter mange av Annika sine problem.

25 år med Annika
Tydelegvis blei ikkje dette for vaksent for Norsk Barneblad sine lesarar. I 1997 hevda dåverande redaktør Gard Espeland at «Annika er den mest populære serien NB nokon gong har hatt». I ei lesarundersøking frå 2000 svara meir enn halvparten at Annika var favorittinnslaget deira i bladet.

Men tidene skifter. Annika hadde ei lang fartstid i bladet, heile 25 år, og då bladet reduserte talte på utgjevnader i året, kompenserte Aasnes med å levere fire sider til kvart nummer. Men i fjor fekk han beskjed om NB ikkje skulle ha serien meir. Grunngjevinga var at serien hadde blitt for vaksen for elleveåringar.

Av den store, 25 år lange produksjonen er dessverre berre ein historie samla, i eit album som fekk den i overkant tabloide tittelen «Den Nifse Natta!» (1997)

Håkon Aasnes er framleis forfattar/teiknar på Smørbukk. Han er også opphavsmannen til «Hanna», ein gagserie om i lita jente med overivrig fantasi. Hanna dukka første opp i medlemsbladet til 4H, men fekk plass i NB frå 1993. Hanna går framleis i bladet.

Tilfeldig eller ikkje, Hanna starta opp på eit tidspunkt då Tommy & Tiger’n var på sitt mest populære

Andre markante, norske serieskaparar som har bidrege regelmessige med teikneseriar til NB i moderne tid inkluderer:

Inkalill
Ingalill Røsbergs første framhaldsserie, romfartsoperaen «Eldflygaren», debuterte i NB i 1990. Derifrå var vegen eigentleg ganske kort til gjennombrotet med «Ridderne av Dor», men ho held fram med å lage funny animal-serien «Felina» for aviser og tidsskrift i fleire år, både som eventyrserie og som rein gagserie. Felina-seriane i NB var mest av det første slaget. Felina-historiene blei seinare samla, på bokmål, i Felina-bøkene (2012-2013)

 

Jorunn Hanto-Haugse
Som innfødt harding, bonde, og serieskapar med nynorsk som hovudmål, var Hanto-Haugse den perfekte match for Norsk Barneblad. Ho har laga fleire seriar, hovudsakleg striper og gags, for ymse tidsskrift og aviser. For Norsk Barneblad teikna ho humorserien «Skulen» frå 2008 til 2015. Seinare har ho trappa ned på teiknserieproduksjonen.

«Skulen» var ein av fleire stripeseriar som Jorunn Hanto-Haugse starta

Ida Neverdahl
«Jojo» er Ida Neverdahl sin første teikneserie på nynorsk, oppkalla etter guten som har hovudrolla. Han dukka først opp i NB tidleg i 2016. Serien har elles litt til felles med Ida sine «Gelé»-historier i Nemi; Akkurat som Idas mest kjente heltinne, Lulu, møter Jojo ofte på underlege skapningar, og situasjonane utartar gjerne i lett surrealisme. Ideane er stort sett nye, men ein kjent Gelé-historie, den der Lulu kjøper ei gås som legger kinderegg, er teikna om att i eit Jojo-avsnitt.

Gåsa som legg dei berømmelege tre ønskene på ein gong var ein for god idé til at Lulu fekk ha den for seg sjølv.

Jojo går framleis i NB, og serien blir neste år samla i ei eiga bok.

Sveen og Emberland
Lenge, svært lenge, hadde Øyvind Sveen og Ivan Emberland det privilegiet å ha både eit etablert forlag – Stabenfeldt – og ein klubb – Boing – i ryggen. Dette utnytta dei for alt det var verdt. Etter å ha skapt den humoristiske fotballteikneserien «Sleivdal IL» i 1995 produserte dei i åra som følgde, ei enorm mengd med Sleivdal-seriar i album, pocketbøker, julehefter og til medlemsbladet Boing. Men i 2013 blei Stabenfeldt kjøpt opp av svenske Cydonia Development, som etter kvart konkluderte med at målgruppa dei ønska seg for fotballblader ikkje «forsto» teikneseriar. Dermed var det ut med Sleivdal på tampen av 2015.

Overgangen til NB har visst gjort Hallvar Thorkildsen til ein mildare mann

Sidan den gongen har Sveen og Emberland leita etter ein ny heim til Sleivdal, og har i alle fall funne det ein plass – I Norsk Barneblad. «Sleivdal jr.» debuterte i NB nr. 10/2016. Sleivdals lilleputtlag, som berre hadde spela ei birolle i Sleivdal tidlegare, fekk hovudrolla. Behovet for å selje inn ei «snillare»  og mindre kynisk utgåve av Sleivdal hadde kanskje noko med det å gjere. I eit avsnitt gir trenar Hallvar Thorkildsen til og med ein bjørnefamilie ly i idrettshallen, berre av rein barmhjertigheit. Det hadde han neppe gjort i Boing-perioden.

Sleivdal jr. går framleis i NB.

 

Takk til:
Redaktør Nana Rise-Lynum
Håkon Aasnes
Ida Neverdahl
Skrinet med det rare i – Norsk Barneblad 125 år av Erik Helleve (Norsk Barneblads Forlag, 2012)
Sleivdal IL – Tabellen er lang! av Sveen & Emberland (Kolofon Forlag, 2016)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *